Byr Etne-bedriftene på frukost

Kva kan kommunen og verkemiddelapparatet gjere for å få til enno meir i Etne? Det blir eit av fleire tema på det komande frukostmøte på Fønix.

Image
Nils Einar Steinstø i Fikse Næringsforening er saman med forretningsutviklar  Morten Helland i Medvind Næringshage klare for å ta i mot bedriftene til ein uformell frukost. 


Frukost, Folk & Føretak

  • Kvar: Fugl Fønix Hotel, Etne 
  • Når: 18. september, kl 08.00-09.00
  • Kva: Nettverking, møte ny kommunedirektør, kommunalsjef for utvikling og drift, og leiar i Fikse Næringsforening. Innspel til arbeidet kommunen, Medvind Næringshage og Fikse Næringsforening gjer. 
  • Påmelding: her

Fredag 18. september inviterer Fikse Næringsforening og Medvind Næringshage bedrifter i Etne og Skånevik til uformell samling frå kl 8-9. På programmet for "Frukost, Folk & Føretak" står blant anna introduksjon av ny kommunedirektør Bjørn Tollefsen, kommunalsjef for utvikling og drift Hans Erik Lundberg, og ny leiar i Fikse Næringsforening Nils Einar Steinstø.

- I tillegg blir det ei kort innføring i korleis søke ekstraordinære midlar i forbindelse med Covid-19 og me ønskjer innspel på kva me i støtte- og verkemiddelapparatet kan gjere for å bistå enno meir, fortel dagleg leiar i Medvind Næringshage, Merete Vårvik Matre.  

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips