Frå Mesternes Mester til Olalia 

Frikøyrar og «Mester»-deltakar Karina Hollekim blir årets headlinar under NærinsgGIV 23. mai. På programmet har ho med seg ein teikneserieskapar og fleire lokale bedriftsleiarar. Fellesnemnaren: Alle har gått på trynet. Og reist seg igjen.


Karina Holllekim kjem til Olalia 23. mai!

- Det trengst ofte fleire forsøk for å lukkast i næringslivet, det betyr også at ein faktisk må «tryna» til tider, for så å reisa seg å starta på nytt med nokre fleire, og gjerne ikkje alltid like kjekke erfaringar i bagasjen, seier Asbjørn Moe, dagleg leiar i Fikse Næringsforening. 

 Og det er nedturane og den harde vegen opp att som publikum kjem til å få høyra meir om på Olalia 23. mai. 

Karina Hollekim var ein av verdas beste frikøyrarar og basehopparar, då ho i 2006 blei alvorleg skadd i ei fallskjermulukke. Meldinga frå legane var at ho aldri meir kunne gå, og at ho måtte førebu seg på eit liv i rullestol. Trass spådommane, kjempa ho seg tilbake på fote, og var ein av deltakarane i årets Mesternes Mester. Dei siste åra har ho arbeidd som mentaltrenar for profesjonelle idrettsutøvarar og leiarar i næringslivet.

Men som vanleg blir det ikkje berre alvor når næringslivet møtest på Olalia. Ein av dei som ikkje har gått på noko smell, er teikneserieskapar Børge Lunde, som stiller med sine skråblikk på norske kontorfelleskap under NæringsGIV. 

NæringsGIV 2019

  •  23. mai på  Olalia Fjellstove 
  • Arrangørar: Fikse Næringsforening, Medvind24 Næringshage, Grannar
  • Samarbeidspartnarar: Haugesund Sparebank, Etne Sparebank, Sparebanken 1 SR-Bank

Han er hjernen bak stripa Lunch, som i ei årrekkje har underhaldt lesarar med innblikk i det sjølvhøgtidelege kontorlandskapets rimeleg velkjende og noko lågpanna utfordingar: omstrukturering, kø ved kaffimaskinen, maktkamp over kopimaskinen, datatrøbbel, møtekulturelle lågpunkt, og sjølvsagt: kverulanten Kjell. 

Som tidlegare år vil det også blir fleire lokale namn på plakaten, som vil bli lanserte om kort tid. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips