Frå IT til helse

Johannes Ramsfjell (25) har tatt ein litt uvanleg yrkesveg. I dag har han både fagbrev i IKT-Servicefag og bachelorgrad som sosionom. 

Image
Johannes Ramsfjell meiner det er viktig å fylgje interessene når ein vel yrkesveg. Foto: Kristian Risanger.


Sosionomen frå Sandeid veit kor krevjande det kan vere å ta eit vanskeleg val om utdanning som 16-åring. 

- Å velje yrke i 10. klasse er vanskeleg, då er det viktig at rådgjevarane gjer ein god jobb. Mange får tips om utdanningar som gir sikre jobbar og høg lønn, og det er klart det kan vere høg risiko om ein berre skal velje basert på interesser. Det er vanskelegare å ha grei lønn som kunstnar enn som ingeniør, men ein må vurdere litt av denne risikoen sjølv, meiner Johannes. 

- Det er viktig å jobbe med noko du interesserer deg for. Viss du er usikker på kva du vil så kan du ta eit fagbrev på noko du trur kan vere interessant, og heller ta påbygg seinare. Ein har god tid, og det meste er verdifullt å ta med seg vidare, slår han fast. 

- Høyr gjerne med folk rundt deg kva dei meiner, men ta valet sjølv, er det klåre rådet frå Johannes som sjølv har endra yrkesvegen drastisk på få år. 

Ville jobbe med folk

Det heile starta i 2011, Johannes skulle velje yrkesretning og landa på elektrofag på vidaregåande. Både fordi det virka kjekt, og fordi mange av kameratane valde samle linja. I 2012 fekk han derimot kikhoste og vart sett kraftig tilbake på skulebenken. 

- Då fann eg plutseleg ut at eg kunne gå på IKT Servicelinja, eg kunne ein del om IT på forhand og fann ut at på denne utdanninga kunne eg hente meg inn igjen etter sjukdommen. Eg fekk utplasseringsplass i Omega og seinare læreplass. I 2015 tok eg fagbrev i IKT - Servicefag, men forsto også at det kunne bli vanskeleg med fast jobb. 

Dermed byrja tankeprosessen hjå Johannes ein gong til, kunne han gå meir på skule? Kva ville han eigentleg bli? Sjølv vurderte han lærar og er klår på at han er ein type som kan trivast i mange ulike jobbar.

- Eg var jo klar over at eg eigentleg hadde mest lyst til å jobbe med folk. Det var ein tanke som var lettare å ta opp når ein er blitt litt eldre enn når ein kjem rett frå 10. klasse trur eg, seier han tankefullt. 

- Nokon tipsa meg om utdanning som sosionom, eg les meg opp på faget og syns det såg veldig kjekt ut. Dermed vart det påbygg i Etne medan eg jobba ein dag i veka hjå Omega. 

Meiningsfull jobb

Han byrja på bachelorgrad som sosionom ved Universitetet i Stavanger, i eit kull med sju gutar og 90 jenter. 

- Dei tala seier vel sitt, dette er jentedominert, men for meg var dette heilt rett. No stortrivst eg med å jobbe som miljøterapeut på Sandeidtunet. 

Jobben som miljøterapeut er varierande, han legg til rette for at dei som bur på Sandeidtunet får ein mest mogleg enkel og god kvardag, det kan vere alt frå å handle varer, vaske, vere sosial saman med dei og hjelpe dei i kvardagen.

- Dette er ein meiningsfull jobb som gir meg mykje, eg blir motivert over at folk får det betre av min innsats. Det er knallkjekt å hjelpe andre, det gir meg stor glede. Det er viktig med relasjonsbygging og få god kontakt med dei ein skal jobbe saman med, ein må vere glad i folk. Desto meir dei stolar på deg vil dei og opne seg opp og jobben din blir enklare. 

- Det er aldri for seint å snu, me hadde fleire i klassen på sosionom som var over 40 år. Mange hoppa av frå oljebransjen, dei ynskte ein sikker jobb og hadde fått nok av ein krevjande bransje. 

- Er det noko du kan ta med deg frå utdanninga som systemutviklar inn i denne jobben? 

- Ja, faktisk, eg trur det kan vere nyttig å ha kunnskap om noko anna. Og så blir det ofte eg som må fikse TV-en eller andre tekniske ting som stoppar opp, seier han og ler. 

Johannes har alltid drøymt å flytte attende til Sandeid, og no er både nytt hus og jobb i heimbygda i boks. I tillegg fekk han med seg kjærasten frå Stord. 

- Eg er på rett hylle no, slår han fast. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips