- Eit skuleeksempel på oppdrett

Det kunne fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) konstatere då han vitja smoltanlegget til Bremnes Seashore i Trovåg. 

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (t.v) er godt nøgd med lakseburgeren av typen Salmalaks som Bremnes Seashore leverer. Her saman med administrerande direktør i Bremnes Seashore Einar Eide.


- Det er kvalitet i alle ledd. Her tek dei vare på heile fisken og har fokus på bærekraftig forskning og utvikling, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik.

Fiskeriministeren brukte dagen til å besøke både laksefella i Etneelva og smoltanlegget til Bremnes Seashore i Trovåg.

- Berre sjå på Salmalaksen som produseres av Bremnes Seashore - her er både merkevare, smak og kvalitet på plass og den er like god om du steiker, grillar eller kokar den. Det er fordi dei har fokus på kvalitetssikring, seier han. 

Fiskeriministeren drog fram kompetanseoverføring som eit viktig middel i kampen mot lakselus og sjukdommar som kan råka oppdretsnæringa. Samstundes poengterte han at villaks og oppdrett må kunne leve side om side.

- Her må me sørge for vekst på ein bærekraftig måte. 

Trivsel og kompetanse

Administrerande direktør i Bremnes Seashore, Einar Eide kunne fortelje at nøkkelen deira har vore å sørga for trivselen og helsa til fisken, så kjem den økonomiske delen og utviklinga etterkvart. 

- Me har sett fokus på viktigheten av kompetent arbeidskraft og kor viktig det er å legge til rette for utdanning og læreintitusjonar for å kunne utvikle industrien vidare, seier Eide. 


Utvikling av naturresurssane 

Flyteristfella i Etne er det einaste forvaltningsgrepet i landet som ser på forhold mellom oppdrett, villaks og sjøaure. Ser ein det saman med smoltanlegget i Trovåg meinar Asbjørn Moe i Fikse Næringsforeining at distriktet gir eit godt bilete på havbruksnæringa nasjonalt. Her viser både moglegheitene og utfordringane som ligg i vidare utvikling av villaks og opprettsnæringa.  

- Havbruk er viktig for oss både lokalt og nasjonalt. Me vil jobbe for å styrke eigarutviklinga, men på ein slik måte at ein varetar andre interesser også. Distriktet vårt viser både tradisjonelle oppdrettsanlegg som anlegga i Åkrafjorden og i Trovåg, medan fiskefella i Etneelva som Havforskingsinstituttet driftar dannar eit kunnskapsgrunnlag for sjå vidare på forvaltning av fisk generelt, seier Asbjørn Moe, dagleg leiar i Fikse Næringsforeining. 

Næringsforeninga har over lengre tid hatt dialog med Nærings- og fiskeridepartementet om å få fiskeriministeren på besøk til distriktet, og er nøgd med å ha fått ministeren på besøk nøyaktig eitt år etter han tiltrådte nåverande ministerrolle. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips