Den viktige lokalhandelen

Med avlyste julebord og avgrensa julehandel vil det bli ei annleis førjulstid for dei aller fleste. Lokalt kan det bli den viktigaste julehandelen nokon gong. 

Image
I butikken hjå Granberg Garveri kan Anne Line Granberg melde om at dei er klar for å  ta i mot kundar i førjulsida. Foto: Kristian Risanger


- Alle som kan bør handle lokalt, seier Nils Einar Steinstø, leiar i Fikse Næringsforening, i ei klokkeklar oppmoding til alle bedrifter og privatpersonar. Og det er berre å koma i gong med julehandelen tidleg, legg han til.

Sjå kva butikkar me har lokalt

Me går ei annleis førjulstid i møte og dette året vil det ikkje bli felles julegateopning verken i Vindafjord eller Etne. Dei vil i begge kommunar tenne julelys den 26. november, men ingen publikum vil bli invitert til dette då det er rekna som risikabelt med tanke på koronasituasjonen. 

- Me kan berre beklage at me ikkje kan invitere folk til å gå rundt juletreet og få besøk av nissen, han må og passe på at han ikkje får korona, han som skal ut med pakkar den 24 desember, flirer Steinstø, og legg vekt på at det lokalt er mange andre gode tilbod å nytte seg av.

Lokalmat er populært

Hjå Åkrafjordtunet har dei laga til bedriftsgåver i over 20 år, og dei har ein tradisjon med å lage lokalmat som strekk seg tilbake til 1817. Bedriftsgåvene finn ein på eiga nettside, firmagåver.no, der ein kan plukke ut ei gåveeske og bestille til sine tilsette. 

- Nå er det viktig å tenke på å bruka kvarandre i størst mogleg grad, meinar dagleg leiar ved Åkrafjordtunet, John Karsten Hustveit. Generelt har han sett at matgåver hatt ein oppsving dei siste åra, og antar at det kjem av at folk flest har det dei treng. 

Hustveit trekk fram at det gjerne finst meir i det lokale næringslivet enn ein trur. Det er lett å «google» noko og hamne hjå ein butikk i Oslo, sjølv om med finst tilsvarande varer lokalt. Grunna merkingar av søkeord på nettsider kan ein falle utanfor nokre googlesøk og dermed blir kundane sendte ut av distriktet. 

 - I hurten og sturten er det enkelheten som rår og det er nok ikkje med vond vilje, men ein kan fort ende med å bestille julekuler frå Bolia i staden for å kjøpe rosemålar Unni Marie sine julekuler, sidan hennar butikk ikkje dukkar opp i googlesøket, seier Hustveit.

Til dei som har alt

På Skakkesenteret sel dei gåvekort på opplevingar, desse kan brukast på alle arrangementa som vart sett opp på huset. 

- Skakke har gåvekort som kan brukast på mellom anna kino, teaterførestillingar og konsertar. Dette er populære gåver å gi og få, fortel dagleg leiar Gøril Eidhammer.

- Me er alltid glade for at folk kjøper gåvekort hjå oss, men i år er det ekstra kjekt grunna koronasituasjonen. Dette året er det viktig å ta vare på kvarandre og laga den beste jula ein kan, seier Eidhammer. 

Granberg Garveri har julegåver klare både for bedrifter og privatpersonar. 

-Granberg Garveri har ikkje reklamert så mykje for firmagåver. Men det er alltid hyggelig når me får førespurnader om det, og då prøver me å levere etter ønskje frå kunden, fortel Anne Line Granberg som jobbar med sal av bl.a saueskinn.

Anne Line Granberg føyer seg i rekka saman med dei andre og meinar det er viktig for alle både bedrifter og privatpersonar at ein støttar lokalsamfunnet i denne spesielle førjulstida. 

-Me har skinn i forskjellige prisklassar til både firma og privatpersoner. Fabrikkutsalget vårt er ope alle dagar utanom søndag for alle som ønskjer å ta julehandelen hos oss, slår Granberg fast.

Skreddarsydde blomstergåver

Image
Ebne’s Hagesenter Hageland Ølen tilbyr ulike pakkeløysingar og kan skreddarsy bedriftspakkar etter behov. Foto: Ebne's Hagesenter Hageland Ølen. 

Ebne’s Hagesenter Hageland Ølen var tidleg ute med ei annonse til bedriftene lokalt der dei reklamerer for ulike pakkeløysingar og kan skreddarsy bedriftspakkar etter behov. Dei alltid hatt ein del firma som bestiller gåver, dekorasjonar og blomar før jul.

- Dette året er det kanskje enda fleire bedrifter som ønskjer å gi ei merksemd sidan det er vanskelig å gjennomføra julabord, seier butikksjef Anne Sofie Handeland.

- Me lager til litt forskjelleg i gåvene og me skreddarsyr mykje etter ønskje. Ofte kombinerer me snop med ein blom. Nokon ønskjer å koma med ei flaske vin som me gjerne lager ein dekorasjon eller samanplanting til, og andre ønskjer å ha med ein julefigur, fortel Handeland.

Dei oppmodar både bedrifter og privatpersonar til å vera ute i god tid med julehandelen dette året.

- Gi oss eit hint om kva du treng og ring gjerne i forkant, så kan me ha varene klare til rett tid, anbefaler Handeland.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips