Auka Siva-midlar til Medvind24

Medvind24 Næringshage har fått auka midlar frå Siva. - Dette er eit viktig kvalitetsstempel, og kjem bedriftene våre til gode, seier dagleg leiar Merete Vårvik Matre. 



Medvind24 klatrar eit steg på tilskotspyramiden til Siva, og får dermed 1,8 millionar i støtte for neste år, noko som er ein auke på 400.000. 

- Me har gjort ein god jobb dei siste åra med å løfte oss og bli sterkare år for år. No gir dette arbeidet resultat i form av gode evalueringar, og auka midlar. Det er lønn for strevet, meiner Vårvik Matre som over nyttår gir stafettpinnen som dagleg leiar i næringshagen vidare til Kari Aakra. 

- Det er kjekt å få dette kvalitetsstempelet på plass før eg gir jobben vidare, det var ei god avslutning. Men auka midlar set også krav til at me klarer å dokumentere fleire gode tiltak og arbeid retta mot små og mellomstore bedrifter, slår ho fast. 

- Medvind Næringshage har hatt ei veldig god utvikling dei siste åra. I ein nasjonal evaluering av alle 40 næringshagane var Medvind Næringshage blant næringshagane som utpeikte seg særskilt, seier kommunikasjonsdirektør Preben Sandborg Røe i Siva. 

Sterk utvikling

- Godt arbeid over tid til nytte for bedriftene, gjer at heile 16 næringshagar og 16 inkubatorar i 2021 får auka tilskot gjennom Næringshageprogrammet og Inkubasjonsprogrammet, seier Kjerstin Spjøtvoll, direktør Innovasjon i Siva i ei pressemelding.

Ei nasjonal vurdering viser at næringshagar og inkubatorar over heile landet har hatt ei sterk utvikling dei siste åra. I 2021 får 39 næringshagar og 33 inkubatorar til saman minimum 182,9 millionar kroner i tilskot via de to programma. Noko som er 22,2 millionar meir enn i 2020.

- Næringshagar og inkubatorar gjer ein kjempejobb for at bedrifter over heile landet raskare skal lukkast med si vekst og utvikling. Det er ekstra viktig i den tida me no er inne i, seier Kjerstin Spjøtvoll. 

Skaper vekst

Også dei andre næringshagane i Rogaland, Rogaland Ressurssenter, Ryfylke Næringshage og Suldal Vekst har fått auka tilskot for komande periode.

- Vår rolle er å legge til rette for at flest mogleg bedrifter får sjansen til å realisere sine forretningsidear, bli konkurransedyktige, samt å bidra til at flest mogleg får den hjelpa dei treng for å vekse, helst også internasjonalt, seier Kjerstin Spjøtvoll.

Siva – Selskapet for industrivekst – er eit statleg føretak som utviklar, eig og finansierer ein nasjonal infrastruktur for innovasjon og næringsutvikling beståande av inkubatorar, næringshagar, katapult- sentre, innovasjonsselskap, samt innovasjonssentre og industribygg. Fylkeskommunane er oppdragsgivarar til programma og bestemmer dei økonomiske rammene.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips