Utviklar livdyrskap for semitrailer

I Etne har MCE laga den første norsk-produserte semitraileren som skal brukast til dyretransport. 

Image
Ein fornøyd gjeng etter å ha levert den første nosrk-produserte semitraileren som skal brukast til dyretransport. F.v. Sjåfør Trond Buer, Dagleg leiar i MCE, Eldar Tranøy, Prosjektleiar Ståle Sørheim, Verksmester Toralf Klungland og salgsingeniør i Hytrans, Andre Grindhaug. Foto: Kristian Risanger


Semitraileren er produsert til Fatland og skal kunne romme meir enn 40 storfe, der ein i dag berre har plass til om lag 26 dyr ved bruk av vanleg bil og hengar. Kapasiteten på mengde småfe blir også sterkt utvida.

- Me har utvikla denne semitraileren for å møte markedstrenden med å hente fleire dyr samstundes, og å transportere dei over lengre avstander, fortel dagleg leiar i MCE, Eldar Tranøy, og peiker på den nye semitraileren med Fatland logoen plassert på sida.

Image
Klar for å henta. Foto: Kristian Risanger

Semitraileren er 4.21 meter høg og har ein eigenvekt på 23 tonn. Traileren er laga av aluminium, noko som gjer at vekta held seg nede.

- Eit produkt som dette gir en betydeleg betre køyreøkonomi. Nå kan Fatland oppnå det same antallet storfe frakta på ein tur som ein før ville gjort på to turar tidlegare, fortset den daglege leiaren.

Støttar lokale bedrifter

Stort sett er det produsentar i både Italia og Tyskland som har monopol på å produsera semitrailerar som skal brukast til dyretransport, men Fatland var aldri i tvil om at dei skulle bruke ein norsk produsent. 

- I Fatland ønskjer me at ein skal ete norsk kjøt og norske produkt så me er opptatt av å støtte lokalt, norsk næringsliv, og det har me alltid vore. Det beste med å velje MCE er at me får eit tett og godt samarbeid sidan me er berre ein liten køyretur frå kvarandre, og dersom det skulle vere noko som treng ein kjapp fiks i framtida så veit me at dei er i nærleiken. Er det noko som blir øydelagt på fredagen så har me moglegheita til å fikse det same dag, det er litt vanskelegare dersom me måtte ha frakta køyretøyet til Italia, fortel teknisk leiar ved Fatland Ølen, Inge Fatland. 

Fatland fortel også at samarbeidet med MCE har gått over all forventning og at han ser fram til meir samarbeid i framtida. 

- Me trur dette er vegen å gå for oss i framtida. Me har fått semitraileren akkurat som me ville og MCE har vore til god hjelp. 

MCE har stått for produksjonen til alle skapa som Fatland har i drift sidan MCE starta opp i 2001. 

Fatland er eit familieselskap, eigd av familien Fatland. Rasmus Fatland starta med slakting i om lag 1892 i Vikedal, og flytta seinare til Oslo for å selja kjøt for slaktarar i Sunnhordland og på Jæren. I dag er det 550 medarbeidarar som arbeidar med kjøt i Ølen, Oslo, Sandefjord og på Jæren.

Image
Dagleg leiar i MCE, Eldar Tranøy. Foto: Kristian Risanger

Beskyttar dyra

Det er Hytrans som har vore med på produksjonen av den spesielle golvplanken i aluminum. Det blir ein tynn golvplanke som tåler mykje vekt. Den har også rilla overflater som gjer at dyra kan stå stabilt og godt, utan at dei skadar seg.  

- Me utvikla tynne aluminiumsprofiler fordi me skulle få plass til storfe i to etasjar. Det er ein høgdeavgrensing som ein må ha for at dyra skal kunne stå godt og ikkje bli skada ved for eksempel å dunke i taket, samstundes som ein tar vare på dei ytre høgdebegrensninger på semitraileren fortel Tranøy. 

Hydal Transportsystemer (Hytrans) utviklar profilsystemer i aluminium til transport- og offshoreindustrien, og held til i Norge, Sverige og Danmark.

Vangs har laga understellet på traileren. For å oppnå rett høgdekrav har kvar ein millimeter i produktet spelt ei viktig rolle.

- Ramma er spesiallaga for denne semitraileren. Den er veldig låg, noko som kjem godt med når kvar ein millimeter er viktig for å få ned høgda, fortel prosjektleiar Ståle Sørheim. 

Vangs driv med produksjon av lastebiltilhengarar og utstyr til spesialtransport. Dei held til på Inderøy.

Høgda i kvar etasje er 1.57 meter. 

Godt samarbeid
Image
Prosjektleiar, Ståle Sørheim, visar fram det nyproduserte produktet. Foto: Kristian Risanger

- Samarbeidet med Fatland har vore heilt strålande, og utan dei hadde ikkje produktet blitt realisert. Det er utruleg viktig for oss at Fatland viser oss den tilliten og vågar å satsa på ei lokal bedrift, så får me berre håpa at produktet svarer til forventningane deira, seier Tranøy engasjert. 

- Tilbakemeldingane så langt har vore utruleg gode. Kunden har køyrd eit par testturar og ser allereie at det er store innsparingar i køyreøkonomien. Så dette har me stor tru på at skal bli eit populært produkt på marknaden, avsluttar Tranøy. 

MCE er ei produksjonsbedrift som blei etablert i 2001 og er lokalisert på Tongane industriområde i Etne kommune. Dei begynte med påbygg i 2012, då var det berre ein liten del av bedrifta. Nå utgjer påbyggavdelinga rundt 40 prosent av omsetnaden til produksjonsbedrifta og dei omset i dag for om lag 76 millionar kroner. 


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips