Søndenåneset oppgradert for 10 millionar 

Med meir enn dobla kailengde og 600 kvadrameter meir lagrinsplass, er Søndenåneset tømmerkai rusta for framtidas tømmertransport. I dag var det storstilt opning med snorhogging og mykje anna. 


Med Sp-ordførarane Ole Johan Vierdal og Gro Helen Bø som snorhaldarar, svinga stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal (KrF) øksa over hoggestabben. Alle foto: Ellen Marie Hagevik

Gamlekaien på Søndenåneset har gjort nytte for seg sidan 1990, og det var stor trong for ei oppgradering. Ikkje berre av kaien, men også infrastrukturen for tømmertransporten. Etter utbygginga er også lagerarealet bak kaien utvida til over det doble. 

- Vestskog søkte om midlar til utviding av den gamle kaien, som var for liten til å handtera den store auken i uttak av tømmer i distriktet. Vi planla i første omgang å nytta den gamle kaien vidare, men tilstanden var for dårleg til at det var mogeleg. Løysinga vart å støypa ny kai over den gamle, seier Inga Apeland, logistikkansvarlig i Vestskog. 

Lett tilkomst og stor lagringsplass 

Kaien er no utvida frå knappe 20 meter til 50 meter. Det har gått med 150 tonn armering og 750 kubikkmeter betong, som er levert av Ølen Betong. Like viktig som kaien er tilkomst og lagringsplass. Arbeidet med å utvida av området med lagringsplass og tilkomst er det Byggservice AS frå Kvinnherad som har stått for. 

Etter kvart reknar Vestskog med at det vil gå 30.000 m3 tømmer i året via Søndenåneset.

- Før måtte tømmerbilane rygga og køyra att og fram for å få lossa tømmeret. No kjem dei greit til på den nye kaien. Det er lett å snu, eller dei kan bruka rundkjøringa som er komen på plass. Bakarealet et utvida slik at ein no kan leggja tømmer i eit tredje la, for så å lempa det fram når båten lastar. Det er i tillegg god plass til å leggja tømmer heilt bak, og dermed har ein god kapasitet til å handtera store drifter der tømmeret må vekk raskt, seier Apeland. 

Doblar talet på anløp 

Ny kai betyr at båtane kan fyllast med færre lasteplasser. Søndenåneset er ei vanskeleg hamn når vêret står på, og auken frå 20 til 50 m kaifront gjer at båtane kan legga til om det bles litt.

- Til no er det levert om lag 5.600 m3 med tømmer på den nye kaien. Uttak av tømmer har auka årleg i Vestskog. Tilveksten i skogen er større enn uttaket, så med denne nye kaien står me betre rusta til å handtera dei auka mengdene. Me reknar med eit årleg kvantum på 30.000 m3 på tømmerkaien. Det vil gje oss ein årleg spart terminalkostnad på minst ein halv million kroner. Årleg anløp har vore 12-15, og me reknar med ein auke framover til over det doble. Sidan kaien ikkje har bustadområder i nærleiken, kan den og ha døgnåpent, seier Apeland. 

I hovedsak vil tømmeret komma frå Vindafjord og Suldal, men tømmer frå Sauda og Etne er og aktuelt. Det handlar om å legga til rette for mest mogeleg rasjonell tilkøyring av tømmer og lasting for båtane. 

Fekk milliontilskot frå Landbruksdirektoratet 

Kaien og lagringsplassen på Søndenåneset er eigd av Vestskog, og oppgraderinga har totalt kosta om lag 10 millionar kroner. Vestskog, Vindafjord kommune og Suldal kommune har bidrege med midlar, men brorparten av pengane kjem frå Landbruksdirektoratet. 

- Med store mengder hogstmodent tømmer langs kysten, og svært dårleg infrastruktur for tømmerstransport mange stader, er trongen for oppgraderingar stor. Organisasjonen Kystskogbruket har i mange år jobba målretta og iherdig for å få auka bevilningar til infrastruktur i skogbruket. 46 millionar vart bevilga på statsbudsjettet i 2016, og omtrent halvparten av det i 2015. Søndenåneset har fått full uttelljing i høve til desse midlane, seier Gerd Inger Aarnes, sekretær for Rogaland Skognæringsforum. 


Storstilt opning 

Den nye kaien har vore i bruk sidan slutten av august i fjor. I dag var det storstilt opning av kaien, og rundt 40 personar frå skogbruket, Bondelaget, entreprenørar, leverandlrer, Vestskog, fylkesmannen og andre møtte fram trass det hustige vêret. I tillegg var og 8. klasse frå Vikedal skule med. Ordførar Ole Johan Vierdal ønskte velkomen og gratulerte med dagen. 

- Den nye kaien gjer oss til den størst utskipingshamna for tømmer i Rogaland med plass til både større båtar og meir tømmer. Å stå her i dag er litt spesielt for meg. Det var nemlig far min, Gunnar Vierdal, som signerte avtalen som gjorde det mogeleg å byggja tømmerkai på Søndenåneset, fortalde Vierdal 

Den offisielle opningstalen og «snorklippinga» var det stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal (KrF) sto for. 

- Ein milepæl 

- Tømmerstokken er ein god C02-ven og viktig både for klima og verdiskaping. Når tømmerstokken er på sitt beste og har størst verdi, må den hoggast og transporterast. Det er då skogsdrifta heng saman med samferdselspolitikk, sa Hjemdal, som blant anna er medlem i næringskomiteen på Stortinget. 

Lars Slåttå hadde ansvaret for å bygga den første tømmerkaien på Søndenåneset. Han gler seg saman med logistikkansvarlig Inga Apeland over kor bra den nye kaien er blitt.

Ho kjem frå Østfold og innrømde at ho ikkje kunne noko om tømmerkaiar då dette vart tema under budsjettforhandlingane i 2015. 

- Då kom Kystskogbruket inn og kunne gje oss alt vi trengde av fakta. Dei har gjort en kjempejobb og har også kome med gjennomtenkte prioriteringar. Resultatet blei mellom anna meir pengar til tømmerkaiar. Utvidinga og oppgraderinga av Søndenåneset er ein milepæl for skogsdrift og tømmertransport i dette området, sa Hjemdal. 

Bygde den gamle kaien 

Blant gjestene var tidligare fylkesskogsjef Lars Slåttå. Han har eit heilt spesielt forhold til Søndenåneset. 

- Eg var ansvarleg for bygginga av den første kaien. Vi ville ha 30 meter lengde, men det var ikkje pengar til meir enn 20 meter. Det er svært kjekt å sjå at kaien og lagerområdet no er oppgradert til ein standard for framtida, seier Slåttå. 

Så var det tid for å hogga snora. Ordførar Vierdal og Gerd Helen Bø, ordførar i Suldal, heldt snora over hoggestabben, og Hjemdal svinga den over 100 år gamle øksa frå garden Apeland. Deretter bar det til samfunnshuset i Vikedal der programmet heldt fram med oppmodingar til politikarane, foredrag om kva kaien skal brukast til, helsingar, matservering, musikk og ikkje minst tid til mingling. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips