Frå juridisk landhandleri til advokatfirma

Sidan Sturla Vik-Vestly starta advokatfirma på Liahaia i 2002, har selskapet vakse til å dekka eit breitt spekter kundar frå Stavanger til Bergen. Om eitt år opnar Advokatfirmaet Responsa AS avdeling i Haugesund for å vera tettare på ei stadig veksande kundegruppe i «byn». 

- Me har vakse frå å vera juridisk landhandleri til eit fullvakse advokatfirma, fortel Sturla Vik-Vestly. 

Han er grunnleggjar av tidlegare Advokatfirma Vik-Vestly AS som i 2013 fusjonerte med Advokatane Sydnes & Neset på Stord til å bli advokatfirmaet Responsa AS. Med 13 tilsette på avdelingar på Stord og i Isvik riggar Responsa seg nå for si tredje avdeling og ekspanderer med nytt avdelingskontor i Haugesund. 

 - Me har mange store næringslivskundar i Haugesund og på Karmøy som ønskjer oss nærare til stades, og me har sett oss om etter eigna lokale i Haugesund ei god stund. I løpet av hausten 2017 vil to advokatar frå Responsa vera på plass i Nordsjø kontorpark, fortel Vik-Vestly. 

Advokatane Håkon Johnsen Skimmeland (f.v), Bård Eirik Njøsen og Sturla Vik-Vestly arbeider i dag frå Responsa sitt kontor i Isvik. Frå hausten 2017 flyttar to av dei over til den nye avdelinga i Nordsjø kontorpark i Haugesund.  

Kundar i heile landet 

Frå å vera eit einmanns advokatfirma på Liaheia har verksemda ekspandert i takt med førespurnaden frå ein stadig større marknad. Denne utviklinga var ikkje like sjølvsagt for alle da Vik-Vestly starta opp i Tveit Regnskap sine lokale i Skjold for nærare 16 år tilbake.

- Det var nok dei som lo av meg den gong, men bedriftene innover her har skjønt at verdiskaping blir til over alt. Den gong allierte eg meg med Tveit Regnskap for å dra litt synergiar frå kundar innan landbruket. Det viste seg fort å vera eit større behov, og kundane kom etter kvart av seg sjølve. Først privatkundar, mange innan landbruk, og deretter kom næringslivskundane, fortel han. 

I dag strekkjer kundeporteføljen seg frå Stavanger til Bergen, i tillegg fleire næringslivskundar både på Austlandet og i Nord-Noreg. Responsa dekkjer eit breitt spekter fagfelt innan både forretnings- og privatjus, men har spesialisert seg på næringslivsjus, og særskilt entreprisar. Brorparten av kundane kjem frå næringslivet, i tillegg ein god del private. 

Større pondus 

- Ei utfordring ved å driva advokatfirma i distrikta er å visa at me er gode nok. Når det drar seg til med større saker for næringslivskundane våre, må me kunna visa at me har både musklar og kompetanse til å ta desse. Dette var også grunnen til at me såg etter moglege samarbeidspartnarar for tre år tilbake, fortel Vik-Vestly. 

- Ved å vera fleire er me mindre sårbare, både personalmessig og økonomisk. Ved å vera eit større team vil me også kunna ta på oss større saker. Me vil ganske enkelt framstå med større pondus, seier Vik-Vestly. 

I 2013 hadde Advokatfirma Vik-Vestly tre advokatar i staben i tillegg til sekretær. For å imøtekoma førespurnadane og stå meir robust i marknaden, såg han til Sunnhordland for partnarar å alliera seg med. Det resulterte i fusjon med Advokatane Sydnes & Neset på Stord. 

- Sunnhordland og Haugalandet ein felles marknad 

- Me ser på Sunnhordland og Haugalandet som ein felles marknad. Eg trur også det var meir attraktivt for eit Stord-selskap å få ein fot innanfor Haugalandet, enn for eit Haugesunds-firma å ekspandera innover i distriktet. Difor såg eg det som naturleg å sjå mot Stord. Og nå er Haugesund blitt eit naturleg neste steg, seier Vik-Vestly. 

To advokatar frå Responsa i Isvik flyttar over til haugesundsavdelinga når kontoret står ferdig, og ei ytterlegare utviding av staben er ikkje utenkeleg. 

- Nå fokuserer me på avdelinga i Haugesund. Me vil utvikla oss der etter behov, men me nøyer oss nok ikkje med dette, seier Vik-Vestly. 

Godt omdøme har gjeve oppdragsvekst 

Det er eit aldri så lite nålauga å få jobb som advokat i Responsa, eit selskap som nærast utelukkande baserer oppdragsveksten sin på eit godt rykte. 

- Me brukar tilnærma null på marknadsføring. Omdømet er den beste reklamen. Me set svært strenge krav til fagleg kompetanse. Ni av ti som søkjer jobb hjå oss, får avslag, og dette med omtanke for kundane våre. Vårt motto er «Kloke hovud – varme hjarter», og det skal me leva opp til, uansett storleik, seier han.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips