NTD satsar utanlands

Skåneviksbedrifta NTD har etablert seg som ein internasjonal aktør innan utstyrsleveranse til offshore og maritim bransje. Trass Covid19-hindringar dette året satsar no bedrifta i Sverige. 

Image
Den nye tilsette, Bjørnar Sele saman med dagleg leiar i NTD AS, Eirik Lygre. Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland. 


- NTD AS er inne i ein periode der me skal reetablera og fornya oss, og å satsa større, me satsar no blant anna i Sverige, fortel dagleg leiar, Eirik Lygre.

2020 sto for døra og NTD var klare til å satse tungt internasjonalt med handteringsutstyr til offshore og maritim bransje. Kina vart sett på som ein attraktiv og potensiell marknad for Skåneviksbedrifta som dei siste åra har ekspandert kraftig. Så kom Covid19-smitten, og bedrifta måtte tenkje nytt. 

- Me skal jo ikkje legge skjul på at det har vore tøffe tider for oss i år. Mykje av inntektene våre er serviceoppdrag rundt om i verda, men det aller meste har stoppa heilt opp for oss dei siste månadane. Det har berre vore småjobbar igjen, heldigvis ser me at nye prosjekt også gir nytt håp framover, fortel Lygre. 

 Satsinga mot aust og Sverige inneber at NTD har tilsett Bjørnar Sele, som lenge har arbeidd tett saman med Skåneviksbedrifta som leverandør frå Trollhättan i Sverige.

Hydraulikk

  • Hydraulikk er læra som høyrer til fluidmekanikken, og dreier seg i hovudsak om det tekniske anvendelege – overføring av energi gjennom røyr eller andre legemer. Hydraulikk er ein del av hydrodynamikken. Anvendt hydraulikk er ofte forbunde med pumper, sylindre røyr/slangar og andre fluidmekaniske innretningar.

- Det blir veldig spennande, og det blir eit nytt satsingsområde for oss. Bjørnar har meir enn 25 år i hydraulikkbransjen og vil gi oss kunnskap, breidde samt eit kontaktnett som er heilt uvurderleg, me kunne ikkje fått ein betre kar med på laget, seier Lygre som fortel at dei no har sett på lokaler og planar for korleies utvidinga skal realiserast i praksis. 

 I over 35 år har NTD arbeidd med elektrisk og mekanisk design, prosjektering og produksjon for den maritime industrien. Dette inkluderer ei rekke hydrauliske og elektriske vinsjsystem til offshoreindustrien.

Eirik Lygre, broren Jostein og Jacob Ersland starta opp Skånevik Marine i 2016. I åra etterpå har bedrifta utvida både selskapet og marknaden, ikkje minst med tanke på ei internasjonal satsing. 

- Då me starta, arbeidde me mykje med service og vedlikehald på løfteutstyr til subsea-bransjen, fortel Lygre. 

Arbeidet og den harde innsatsen til Skånevik-selskapet blei fort lagt merke til, og for eit par år sidan begynte ballen å rulle. Dei valde å fusjonere med tidlegare kunde og skipsreiareigar NTD Offshore som held til i Danmark.

- Me tok kontakt med dei og lurte på om me skulle finne på ein eller anna form for samarbeid. Me fekk raskt tilbakemelding på at dei hadde lyst til det, fortel Lygre. 

Bjørnar Sele kjem frå ei rolle som ansvarleg for det nordiske salsselskapet i det franske firmaet Hydro Leduc. Han har dei siste tre åra jobba tett med NTD som leverandør og rådgjevar. Lygre fortel vidare at Sele skal stå for utvikling av NTD sitt tilbod til marknaden, både nasjonalt og internasjonalt. Skåneviksbedrifta har gjennom mange år opparbeida seg god kjennskap til korleis marknaden i nabolandet er. 

- Me har hatt god relasjon og bra samarbeid med Bjørnar over fleire år. Han har hjelpe oss med å sjå at det finst store moglegheiter med små tilpassingar og ta den kompetansen som finst innom NTD i dag og overføra dette på andre bransjar både i og utanfor Noreg. Det er blant anna mange som driv med lastebilspåbygg som kan ha god bruk av dei løysningane som NTD kan levere, så me vil få god nytte av avdelinga og dei tilsette hjå oss. Me vil også bruke dette for å få ein fot inn i den svenske landbaserte- og marine hydraulikkmarknaden, samtidig som dette er første steg mot den baltiske marknaden.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips