Losar prosjekt

- Me har lenge tenkt at me ville innover Haugalandet og nå var tida inne, seier dagleg leiar for Novaform i Haugesund, Jan Bauge.

Image
Frå kontoret i Medvind Næringshage i Ølensvåg kjem prosjekt- og byggeleiar Anders Sørheim (fremst) til å styre det lokale arbeidet for Novaform.  Foto: Maria Djuve Vågen.


Novaform tilbyr byggeleiing til større og mindre bygg- og anleggsprosjekt med utgangspunkt i lokal kunnskap og eigarskap. Nå satsar dei innover Haugalandet, med nyetablerte kontor både i Odda og i Ølensvåg.

- Lokal forankring av våre tilsette set me høgt. Det har alltid vore viktig for oss å vere tett på kundane våre og prosjekta deira for å kunne sikre best mogleg resultat, seier Bauge. Selskapet tilbyr tenester til både større og mindre prosjekt innan samferdsel, industri, bygg og anlegg.

Selskapet som driv innan prosjektleiing og byggeadministrasjon, blei starta opp av etnebuen Christian Becker, saman med eigarane av selskapet Dimensjon i Sandnes, tilbake i 2007.  Sidan den tid har Novaform vakse til ein stab på omlag 60 tilsette og eit geografisk område som strekker seg langs Vestlandet frå Dalane i sør til Førde i nord. I tillegg har dei kontor i Oslo. Becker er i dag leiar av Novaform-konsernet.

Frå kontoret i Medvind Næringshage i Ølensvåg kjem prosjekt- og byggeleiar Anders Sørheim til å styre det daglege arbeidet.

- Framover brukar me tida til planlegging og sonderer terrenget. Dette er tida for å ruste seg for meir arbeid, seier Sørheim og viser til at dei lokalt kan bidra i prosjekt innan vegutbygging og kommunale prosjekt, som oppføring av skular, barnehagar og sjukeheimar, i tillegg til vatn- og avløpsprosjekt.

Image
 - Det har alltid vore viktig for oss å vere tett på kundane våre og prosjekta deira for å kunne sikre best mogleg resultat, seier Jan Bauge, dagleg leiar ved Novaform Haugesund (venstre). Foto: Maria Djuve Vågen. 

- Me er sjølvsagt også klare til å bistå både bedrifter og private investorar på store og små byggeprosjekt lokalt der ein treng hjelp med prosjektleiing, legg Sørheim til.

Han presiserer at Novaform ikkje driv med noko form for prosjekteringsarbeid, men utelukkande satsar på prosjektadministrasjon. På denne måten kan dei bistå utbyggarar som ein uhilda part, utan andre interesser enn å følgja opp prosjektet. Dette opplever dei som eit aukande krav frå dei større private og offentlege utbyggjarane, som nokre gonger opplever at det kan vera uheldig at same firma står for både prosjektering og prosjektadministrasjon i prosjektet.

Satsar trass korona

Koronasituasjonen har sett sitt preg på mange aspekt i næringslivet. Byggebransjen er ikkje unntak, sjølv om dei ikkje er av dei bransjane som er råka hardast. Likevel vel konsernet Novaform å satse på vekst og utviding.

- Denne tida pusher oss til å tenke strategisk og me får tid til å ta ein fot i bakken og sjå på moglegheiter, seier Bauge og legg vekt på at det å sikre seg rett personell og vere i posisjon når marknaden tek seg opp att vil vere viktig.

- Det er viktig å satse i desse tider og tørre å vise litt vilje til å få til noko.

Sørger for framdrift

Novaform har reindyrka rolla med prosjektleiing og kan blant anna levere tenester innan SHA, uavhengig kontroll, prosjekt- og byggeleiing, i tillegg til kostnadskontroll. Prosjekta dei følger opp varierer i storleik og omfang og kan blant anna vere innan bygging av industribygg, bustadar, kontor, barnehagar, sjukeheimar, kaianlegg og veg, vann og avløpssystem.

- Kundane våre er både frå offentleg og privat sektor. Me har leveransekapasitet til å betene alle små og store prosjekter. Det viktigaste for oss er at kunden når måla sine, fortel Bauge.

Sørheim kjem til å følgje opp kundar og prosjekt i nærområdet. Slik Novaform er rigga, brukar avdelingskontora mest mogleg tid på kundar og prosjekt og får dei administrative tenestene frå konsernet.

- Me er avhengig av å styre prosjekta tett på lokasjon, samstundes er me ein god gjeng knytta på tvers av konsernet, seier Bauge.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips