Kan vaska 300 kjeledressar i slengen 

Å jobba på Øyane ASVO er ikkje for dei late. Det topp moderne vaskeriet står for største delen av omsetnaden, men dei driv også med transport, pakking, hjelpemidlar, systove og kantine. 

Øyane ASVO vaskar arbeidsklede for ein del lokale bedifter. Her er Arthur Hansen og Ingunn Tyssedalstveit i gong med å bretta kjeledressar frå Westcon. I bakgrunnen Sven Johhny Stake. Alle foto: Ellen Marie Hagevik

ASVO held til på Tongane i Etne og, og vaskeriet blei modernisert for fleire titalls millionar i 2010. Bedrifta omsette for 16,5 millionar kroner i 2015. Fire millionar av dette er tilskot. 

- Vi er eit dei mest moderne vaskeria i regionen og konkurrerer på lik linje med andre om oppdrag. ASVO driv som eit aksjeselskap, men er litt spesielt sidan det er eit skattefritt føretak. Alt overskot blir brukt til å sikra tiltaksplassar, seier dagleg leiar Siv Bente Stople Østbø. 

Skilnaden på ein vanleg arbeidsplass og ASVO, er at på Tongane kan ein tilretteleggja arbeidsdagen for kvar enkelt. Effektive må likevel alle vera når opptil 4 tonn klede skal vaskast, tørkast og brettast kvar arbeidsdag. Slikt blir det imponerande tal av i løpet av eit år (sjå faktaboks). 

- Alle har ressursar å bidra med. Vi vurderer, legg til rette og syt for at den enkelte får brukt mest mogeleg av dei ressursane dei har. Målet er at så mange som mogeleg etter kvart skal ta steget vidare til arbeid andre stader eller vidare i utdanning. Første steg er å koma seg over dørstokken og på jobb kvar dag. Noko av det kjekkaste med denne jobben er å sjå korleis folk blomstrar og sjølv ser at dei har mykje å bidra med, seier Stople Østbø. 

Ein halv million handklede

Sommaren er høgsesong for vaskeriet, og alle maskiner går for fullt. Den største vaskemaskina tek 350 kilo klede, eller 300 kjeledressar, i slengen. Dei minste seks kilo. Ein del av vaskeriet i skittenavdelinga er skild av. Her blir det mellom anna sett inn tiltak når det kjem inn sengeklede eller anna som kan ha vore utsett for smitte. 

Inne på rein side er maskinene like imponerande. Den største tørketrommelen tek 350 kilo i slengen. Ei maskin tørkar og «stryk» arbeidsklede, ei anna tørkar og brettar laken. Dukar har sin eigen maskin, men det er og ein heil del oppgåver som må gjerast manuelt. Mellom anna å sortera og bretta nesten ein halv million handklede i året. 

- Fordelane med eit vaskeri er at ein har mange operasjonar som kan delast opp og tilpassast dei som jobbar her. Her er det mange ulike årsaker til at arbeidstakarane treng tilrettelegging. Syns- og høyrselshemming, varige skader etter ulykker, Aspberger og psykiske utfordringar for å nemna nokre få, seier Stople Østbø. 


Klare for fleire oppdrag 

Kundane er spreidd over heile Haugalandet, Hardanger, Ryfylke og Sunnhordland. Det gjer at det er travle dagar kvar dag for transportavdelinga som hentar skittentøy og leverer ut reint. Berre ein rundtur til institusjonar som er kundar i Vindafjord tek over tre timar. Transporten køyrer og eldre til aktivitetssenter på sjukeheimane i Vindafjord. 

Pakkeavdelinga pakkar mellom anna komponentar for Hamre AS. Når Medvind24 er innom blir det pakka ljåar. Til vanleg er det tre-fire som jobbar på pakkeavdelinga. 

- Pakking er ei oppgåve mange kan ta del i, og avdelinga kan gjera andre oppgåver. Vi har nettopp inngått ein avtale med Thermotech i Haugesund. Dei driv mellom anna med boltetrekking, varmebehandling og mobil maskinering. Vi jobbar med nokre av elementene som blir brukt til varmebehandling. Vi har eit stort potensiale for å gjera oppgåver for lokale bedrifter og. Det er berre å ta kontakt, seier sals- og markedsleiar Trond Espen McDonald Bygland. 

Broderte logoar er blitt populært 

Systova er den nyaste avdelinga. Her blir klede og sengetøy reparert, og brodering er blitt ein ny nisje. Topp moderne datautstyr og to datastyrte symaskiner kan brodera det mest på det meste. Her kan kundane bestilla alt frå namn på eit enkelt forklede til logoar på rallycrossdressar og arbeidsklede til store bedrifter. 

- Dei som jobbar med brodering legg inn det kunden ønskjer å få sydd, bearbeider data og fører over til symaskinene. Deretter er det handarbeid med å setja på spolar med rette fargar, spenna opp kvart enkelt plagg og leggja inn det som skal syast, forklarer Stople Østbø. 

Øyane ASVO er og sentral for utlevering, henting og vedlikehald av kommunale og private hjelpemidlar i Etne og Vindaford. 

Har TRUa 

Kantina er ei viktig avdeling og for det sosiale. Kvar dag samlast alle til formiddagsmat og lunsj. Øyane ASVO er 20 år i år, og det vart sjølvsagt feira. Dei er flinke til å feira anten det er jubileum eller ikkje, og alle som har bursdag blir gjort ekstra stas på. 

- Det å høyra til er viktig, og her på ASVO har vi TRU på oss sjølve og kvarandre. TRU har ikkje noko med religion å gjera, men står for Tryggleik, Raushet og Utvikling. Her er alle bidragsytarar både sosialt og i arbeid, seier Stople Østbø.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips