Frå sol til vatn

Etter mange år i solkraftindustrien har Sveinung Eskeland frå Etne starta i ny stilling i vasskraftselskapet Hywer AS. Eskeland skal jobbe frå Medvind sin næringshage i Etne, og vil gjerne ha ein ny prosjektleiar med på laget.

Bilde av Sveinung EskelandSveinung Eskeland og Hywer er på plass i Medvind sin næringshage i Etne. 


– Eg starta i stillinga 1. januar og er utbyggingsleiar. Det vil seie at eg er ansvarleg for dei ulike prosjektleiarane våre og også for å auke lønsemda i utbyggingsavdelinga. Eg kjem til å jobbe mykje her frå kontoret i Etne, men reiser også ut på prosjekt me har ulike stader og til Dale, fortel Eskeland.

Selskapet som har 35 tilsette omsette for 650 millionar i fjor. Namnet Hywer speler på ordet «Hydropower» og er eit selskap som leverer varer og tenester innan utbygging av vasskraft. Selskapet som før 2020 heitte BD vasskraft, er eigd av konsernet Dahl Optimera.

Småkraftverk over heile Noreg

– Me bygger vasskraftanlegg opp til 10MG, som er i småkraftklassen, og kundane er i hovudsak eksterne selskap. Per no har me planlagde prosjekt eller pågåande prosjekt over heile Noreg, frå Kvinesdal i sør til Lyngen i nord, seier Eskeland.

Han har dei siste sju åra jobba med utbygging av solkraftanlegg i langt sydlegare strøk.

– Det starta med at etnebuen Morgan Grindheim, gründer og dagleg leiar av OneWorld AS, fekk ein førespurnad frå eit selskap som bygde solcelleanlegg i Mellom-Amerika. Ein av prosjektleiarane deira hadde sagt opp og Morgan visste at eg hadde ein del erfaring frå regionen og med språket. Han inviterte meg difor med på møtet med denne verksemda. Selskapet vart då samde med Morgan sitt selskap om at eg skulle hjelpe dei å ferdigstille prosjektet. I åra som følgde fortsette dette engasjementet med oppdrag på anlegg i Brasil, Argentina, Honduras og Vietnam. Då prosjektet i Vietnam byrja å gå mot slutten, vart eg kontakta av felles kjende om stillinga i Hywer. Det passa godt. 

Positivt for distrikta

Å gå frå solkraft til vasskraft har ikkje bydd på den store overgangen, og han ser lyst på framtida til småkraftbransjen.

– Prinsippet er det same, då det er eit kraftverk som skal settast i drift. Potensialet i Noreg er stort på småkraft, då det fortsatt er eit uutnytta potensiale på 8–10 terravatt. Eg har stor tru på at det kjem til å bli ein del vekst i denne typen prosjekt framover. I tillegg til energipotensialet, er det også ein type kraft som er skånsam for natur og miljø. Det er små inngrep i naturen som skal til, og det er også god distriktspolitikk, då ein kan bygge småkraftanlegg spreidd mange stader og lokale får inntekter via fallrettar. I tillegg fører det ofte til sysselsetting av lokale entreprenørar. Alt i alt fører småkraftutbygging til gode synergiar i distrikta, poengterer han.

Dei er i gong med fleire prosjekt på Sør-Vestlandet og både nye prosjekt og vedlikehald av eksisterande kraftverk er på oppdragslista.

– Me er i gong på Tokheim i Odda og Alsåker i Jondal. I juli startar me boring på to anlegg i Lysefjorden og i tillegg er eit anlegg i Hjelmeland og eit i Ørsdalen på planleggingsstadiet. Me driv også mykje med vedlikehald og oppgradering, som å skifte ut røyrgater og effektivisere eksisterande anlegg.

På jakt etter tilsett lokalt

Selskapet leiger inn fleire konsulentar til dei ulike prosjekta, men er også opptekne av å styrke staben av faste tilsette.

– Akkurat no har me lyst ut stillingar som prosjektleiarar. Det er like aktuelt for søkarar her lokalt, og det hadde vore veldig kjekt om me kunne tilsett ein person som kunne ha jobba med meg frå Medvind i Etne.

Å kombinere reisinga i jobben med kontorplass i Medvind sine nyoppussa lokale i Etne, ser han som ei god løysing.

– Det er eit godt småkraftmiljø her i bygda. Egil Kambo og arbeidet hans er særs anerkjend i Noreg og han har me også litt samarbeid med. Elles er ein av dei største leverandørane våre Energiteknikk, som ligg i Kvinnherad. Der jobbar også etnebuen Øyvind Kaldheim, så det er kjekt å kome nærare på dette miljøet, avsluttar Eskeland.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips