Kjem nærare fjøsa

Dei har levert mjølkerobotar og anna innreiing til fjøs i distriktet i mange år allereie. Nå satsar Fjøssystemer på å vere enno tettare på kundane med kontor i Ølensvåg.

Image
Produktansvarleg Kjetil Olsen blir å finna på Medvindbygget frå august. Foto: Elin Sørheim 


Dei sel ikkje traktorar og andre landbruksmaskinar, men har spesialisert seg på alt innanfor fjøset sine fire vegger, til alle dyreslag. Størst av alt er kanskje mjølkeroboten Lely, den første her i distriktet vart montert i Etne allereie i 2006 og sidan har marknaden vakse jamt for Fjøssystemer. I år fyller dei 40 år, har totalt 200 tilsette og omsette for over ein milliard i 2019. Hovudkontoret deira ligg på Fåvang, og det er Fjøsstystemer avd. Vest som nå etablerer seg her i distriktet.

– Eg har allereie eit kontor i Odda og eit på Voss. Eg har vore her i distriktet i mange år, men me ser behovet for å vere enno nærare kunden. Sjølv om det er kort veg frå Odda og ut her, er det frykteleg mykje kortare frå Ølensvåg og ut til kunden, fortel produktansvarleg Kjetil Olsen.

Lokalt samarbeid

Nå sit dei midt i eit av dei beste og største distrikta for deira kundegruppe. Etne og Vindafjord er store landbrukskommunar der deira produkt allereie er godt etablert, men dei ser eit stort potensial framover.

– Grunnen til at me vil etablere oss nettopp her hjå Medvind er at plasseringa er sentral, samt at me har samarbeidspartnarar her. I fellesskap med Haugaland Bygg & Betong har me dei siste åra levert fjos både på Haugalandet og på Voss, seier Olsen.

Etter mange års samarbeid har dei god kjemi og forstår kvarandre svært godt. Frå august kan kundane finne desse under same tak.

Image
Lely-reperatør Bjarne Helle frå Vats på jobb i Etne. 

Service nær kunden

Hovudproduktet til Fjøssystemer er mjølkeroboten Lely og utstyr til mjølkeproduksjon. Det som er viktig for kundar av Lely er tilgang til servicepersonell. I tillegg er Fjøssystemer ein komplett leverandør på utstyr til gris, sau og ammeku.

– Me er så heldige at to av våre servicefolk bur her i kommunen. Me har ein busatt i Ølen og ein i Vats. Det med lokal tilknytning ser me blir meir og meir viktig, fortel Olsen.

Dei prioriterer at kunden har service i nærleiken til ei kvar tid og har folk på vakt døgnet rundt, 365 dagar i året. Det kostar ikkje kunden noko ekstra om dei treng hjelp ein søndag eller på sjølvaste julekvelden. 

– Eg kjem til å ha nokon kontordagar her, og så har me på sikt ein plan om å tilsetje folk. Det er utfordringar og spanande ting som vil skje i landbruket framover og det ønskjer me å vere med på. Så håpar me at bøndene på Haugalandet set pris på dette og tek oss med i sine planar i åra framover, slår Olsen fast.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips