50 år med vatn til ølensbuen 

I 50 år har Ølen Vassverk levert drikkevatn til innbyggarane i Ølen. Frå 1999 vart Ølen og Ølensvåg slått saman til eitt vassverket, og året etter overtok dei Bjoa Vassverk frå kommunen. 

- Legging av nye vassrøyr har vore ein utløysande faktor for bygging av mange kilometer med sykkel- og gangveg i kommunen – mellom anna frå Ølen sentrum til Øklandsvegen, frå Ølensvåg til Kåta, frå kulturhuset til Roafeltet i Ølen, og her mellom rådhuset og det nye brann-, ambulanse- og legesenteret i Ølen, viser Ljosnes. Alle foto: Torleif Heggebø

- Vassverket vart etablert i 1965, men fekk først i 1966 hand om vassrettane til Mosarevvatnet, som har vore vasskjelda for ølensbuen sidan produksjonsanlegget på Steinsland stod klart i 1968, fortel dagleg leiar Bjørn Ljosnes. 

Ljosnes hadde sin første jobb for vassverket på den tida. Han fekk vera med faren, Ragnvald, på grøftearbeidet. 

- Min jobb var å plukke stein i grøfta frå Steinsland til Ølen, minnes Ljosnes. 

Fast tilsett i vassverket vart han i 2000. Før det hadde han jobba ein dag i veka for vassverket frå 1990, som utleigd frå Rørlegger N. Torgrimsen. 

Røyrleggjar Karlsen hadde jobben med legging av dei første kilometrane med vassrøyra på strekka mellom produksjonsanlegget og Eiodalen i Ølen. Sidan den gong har det blitt ein del fleire meter med røyr. 

- Røyrnettet vårt er i dag ein stad mellom 55.000 og 60.000 meter; ein fjerdepart på Bjoa og resten i Ølen og Ølensvåg. Om lag halvparten av røyra er lagde eller skifta ut etter årtusenskiftet. Gjennom dette røyrnettet leverer me vatn til om lag 2500 kundar – snautt 500 på Bjoa og i overkant av 2000 i Ølen og Ølensvåg, fortel Ljosnes. 

Leverte 670 millionar liter i fjor 

- Det har runne mykje vatn gjennom røyra sidan oppstarten for rundt 50 år sidan. Berre i fjor leverte me over 670.000 kubikkmeter – 670 millionar liter – vatn til kundane i Ølen og Ølensvåg, fortel Ljosnes. 

Mosarevvatnet dekker eit område på om lag 180 mål i fjellet mellom Sandeid og Vats, og har eit magasin på rundt 360.000 kubikkmeter vatn. I tillegg er Stemmevatnet på 30 mål og eit vassmagasin på 30.000 kubikkmeter med på å sikre vassforsyninga til ølens- og vågsbuen. 

- Tilsiget til desse vatna er så godt at me kan tole opp mot fem månadar utan nedbør utan at det skal gå nemnande ut over vassforsyninga, fortel Ljosnes, som elles syslar med planar om å kople bjoabuen til vassverket sitt anlegg på Steinsland. 

- Første steget blir tatt i desse dagar, når me koplar opp hyttefeltet på Vaka. Det er i første omgang planlagt ein sjøleidning frå Lunde til Vaka, og seinare til Bjoa. Anlegget ved Bjoavatnet blir då eit reint reserveanlegg, seier Ljosnes. 

I 2015 vart det levert om lag 52.500 kubikkmeter vatn frå anlegget på Bjoa. 

Pilotar på ny reinsemetode 

- Det skal berre små mengder kitosan til for å reinse drikkevatnet, fortel dagleg leiar Bjørn Ljosnes i Ølen Vassverk. Kitosan er eit pulver av reke- og krabbeskal som blir importert frå Kina.

Frå november 1998 til oktober 1999 var Ølen Vassverk med på eit forsøk med reinsing av drikkevatnet ved hjelp av kitosan – reke- og krabbeskal molen opp til fint pulver. Den daglege oppfølginga og prøvetakinga var det Ljosnes som stod for, og kostnadane vart delte mellom Ølen Vassverk, Norges forskningsråd, Drikkevann mot år 2000, Primex Ingrediens og NIVA (Norsk institutt for vannforskning). Forsøka vart seinare vidareførte ved vassverket i Haugesund frå hausten 1999 til utpå våren 2000. 

- Ølen Vassverk var det første vassverket som fekk installert slikt anlegg her i landet. Hensikten med forsøka var å vurdera om kitosan-pulveret kunne nyttast til å filtrere ut organisk materiale og gjera vatnet klart og fint. På fagspråket opererer ein med fargetal, og jo lågare fargetalet er, jo klarare er vatnet, fortel Ljosnes. 

Forsøka ved vassverket i Ølen viste betydeleg reduksjon i fargetalet, og kitosan er tatt i bruk som eitt av fleire reinsemiddel i dagens produksjon. 

- No går det med om lag 15 tonn med marmorgrus og 500 kilo kitosan årleg i reinsinga av vatnet ved anlegget på Steinsland. Det skal ikkje store mengdene kitosan til; normalt mellom 0,3 og 0,5 gram per kubikkmeter vatn som skal reinsast, fortel Ljosnes. 

Aller mest går det i periodar med mykje nedbør. Vatnet kjem rett frå elva, og kan bli mørkt som kaffi når det kjem inn. I slike periodar kan det bli mykje manuelt arbeid både natt og dag for Ljosnes og medhjelparane hans når doseringa av reinsemiddel skal tilpassast. 

- Den første kitosanen som vart brukt ved vassverket kjøpte me frå ein produsent i Haugesund, men denne produsenten vart seinare kjøpt opp av eit selskap på Island. Islendingane prisa produktet så høgt at det vart uaktuelt å handle derifrå. Pulveret me brukar i dag blir, som svært mange andre varer, importert frå Kina, fortel Ljosnes. 

Flaskevatn frå springen 

var overskrifta på ein artikkel i lokalavisa Grannar ein gong. Artikkelen handla om dagleg leiar den gongen, Rune Heggebø, som stolt kunne fortelja om kor godt vatn vassverket hadde i røyrane sine til bebuarane i kommunen. 

- Eg meiner det er unødvendig å supe på kjøpevatn eller Cola når ein kan hente så godt vatn i springen, sa Heggebø til Grannar, og delte ut vassflasker til elevane ved skulane og til barn i barnehagane i kommunen. 

Reint vatn frå springen. Dagleg leiar Bjørn Ljosnes deler framleis ut flasker til barn og unge i barnehagar og skular i kommunen. Etiketten på flaska har eit eige felt der eigaren kan skriva namnet sitt og gjera flaska til ein personleg ting.

Dagens dagleg leiar Ljosnes kan fortelja om minst like reint vatn i dag, og at det framleis blir delt ut flakser med vassverket sin logo og påskrifta «Rett frå springen». 

- Når me snakkar om kor reint vatnet er, så snakkar me på fagspråket om kimtal. Kimtal er det totale talet på levande bakteriar og sopp (mugg og gjær) som blir påvist i drikkevatnet. Springvatnet til Ølen Vassverk har kimtal på 2-6, av og til heilt nede i 0. Flaskevatn i butikk kan fort ha eit mykje høgare kimtal, fortel Ljosnes. 

Ein rettleiande verdi for bra drikkevatn er eit kimtall på mindre enn 100 per milliliter. Drikkevatnet kan vera brukbart sjølv om kimtalet er over 100 per milliliter. Høgt kimtall kan oppstå ved tilsig av overflatevatn («flaumvatn»), og er ofte kombinert med høgt innhald av organisk materiale.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips