No blir det sauna i Ølen

Går alt etter planen kan du snart nyte eit besøk i fjordsaunaen til Frisk Treningssenter.

Illustrasjon: Frisk Treningssenter

Saunaen, som er under planlegging, er ein del av Heit-konseptet som allereie har badstover etablert mange stadar i landet. Namnet på den nye attraksjonen blir Heit Sauna Ølen.

Ventar på flytebrygge

Frisk Treningssenter fekk nyleg godkjenning frå Vindafjord kommune til å få på plass ei flytebrygge der ein kan nyte utsikt over fjell og fjord frå saunaen. 

– Varianten me har bestilt er spesialbygd slik at ein får inngang på baksida der ein kjem inn til garderoben, og så vidare inn til sjølve badstova der det er store panoramavindauge og dør ut mot fjorden. Då unngår ein at folk kan gå rundt og kikke inn, og ein får meir privatliv i saunaen, seier dagleg leiar i Frisk Treningssenter, Andreas Hustveit. 

Saunaen er allereie bestilt for ei god stund sidan, og difor er den venta levert i Ølen no i mai.

Illustrasjon: Frisk Treningssenter

Tilbod til dei fleste

Saunaen har plass til 10 personar og ingen aldersgrense, men barn må ha fylgje med vaksne. Hustveit viser til at ein ynskjer flest mogleg skal få sjansen til å nytte seg av saunaen, og at ein vil få på plass ei god booking-løysing. Målet er at ein både kan booke den privat, og at Frisk Treningssenter vil setje opp eigne tidspunkt for bruk av saunaen. Det er også dei tilsette ved treningssenteret som skal ta seg av jobben med oppvarming og reingjering av saunaen. 

– Eg trur dette vil bli eit flott tilbod, både til fastbuande, pendlarar og tilreisande i regionen her, fortel Hustveit og legg til at hovudsesongen for saunaen er rekna å vere frå mai til september, men han har og notert seg at mange brukar sjøbad og sauna som rekreasjon heile året. 

– Me ser at den trenden er veksande, også her, seier han. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden