Vindafjord-elevar toppar statistikken igjen 

Heile 87,6 % av elevar ved vidaregåande skule i Vindafjord har gjennomført opplæring på normert tid. Det er 2,5% meir enn fjoråret for Vindafjord og 12,3% meir enn gjennomsnittet i Rogaland.

Avgangsklassen 3 STB innan studiespesialisering i år. Foto: Aleksander Vae Haaland.


-75,3 prosent av elevane som starta vidaregåande opplæring i 2013 har fullført vidaregåande innan fem år. Det er det høgaste talet som nokon gang er notert viser ny statistikk frå Statistisk sentralbyrå, skriv Rogaland Fylkeskommune i ei pressemelding.

Vindafjord er den kommunen i Rogaland som har høgast gjennomføring med sine 87,6%. Deretter kjem Randaberg med 80,8 %, Sola med 80,6 % og Tysvær 80,3 %. Nasjonalt ligg Rogaland på tredje plass.

- Dette er veldig kjekt, men me kan sjølvsagt ikkje ta heile æra, fortel Ruth Sæle, rektor ved Ølen vidaregåande skule og viser til at det kjem inn mange motiverte elevar.

- Statistikken harmonerer med tala me fører for skuleåra. Det er høg grad av gjennomføring og lågt fråvær, noko som oftast fører til at elevane består, fortel Sæle vidare.

I tillegg til at mange av elevane på studiespesialiserande retning gjennomfører, er det høg grad av gjennomførte opplæringsløp på dei yrkesfaglege linjene.

-Gjennomføring av yrkesfaglege retningar er me ein av dei beste på i Rogaland. Det trur eg blant anna kan skuldast godt samarbeid med næringslivet, der me får lov å ha elevane våre utplasserte to veker i året. Det er med å gjere det meir interessant å gå desse retningane, og det er større sjans for at dei fortset opplæringa.

Sæle kan opplyse om at det til hausten vil bli tre heile klassar innan det yrkesfaglege studietilbodet Teknikk og industriell produksjon (TIP). Andre året på TIP kan ein velje fleire retningar, og nå blir tilbodet på arbeidsmaskin utvida. Samstundes er det nokre tilbod som fell bort, som for eksempel køyretøy-tilbodet og design- og handverk VG1.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips