Med robotar og 3D på timeplanen

Til hausten skal robotproduksjon, design, produktutvikling, og 3d-modellering stå på timeplanen ved Ølen VGS. Med det nye faget ToF skal elevane bli endå betre rusta til ei framtid innan teknologi og forsking. 


Aslaug Nordtveit, Lene Mathilde Vårvik Staknes og Aleksander Vae Haaland har fått testa litt av det realfagselevane får på timeplanen til neste år, deriblant robotproduksjon. 

Ein snedden liten robot freser rundt på grupperommet ved fysikksalen på Ølen VGS. Aleksander Vae Haaland, Lene Mathilde Vårvik Staknes og Aslaug Nordtveit sit bak spakane. Dei tre fysikk-elevane har det siste året fått ein smakebit på kva realfagselevane ved Ølen VGS til neste år kan få som del av pensum i Teknologi og Forskningslære (ToF). 

- Planen er å studera datateknologi etter vidaregåande, og eg ser allereie at dette er noko eg vil komma til å få bruk for både i utdanninga, men også med tanke på arbeid etterpå. Ved å få bruka fysikk-pensum til å testa ut løysingar og nye mekanismar i praksis, lærer me faget på ein ganske anna måte, seier Haaland.

- Ved å bruka teorien i praksis lærer me å bruka faget på ein ganske annan måte, meiner Aleksander Haaland som har fått prøvd ut nokre ToF-eksperiment som del av fysikk-timane det siste året. 

Teori i praksis

Frå hausten av vil dette bli ein del av realfagstilbodet ved Ølen VGS: Teknologi og forskingslære skal gje elevane endå betre forståing av korleis realfaga fungerer og kan brukast i praksis; både i teknologiutvikling, forsking og innovasjon, seier lektorar Svalaug Matre og Eydis Dalen som fagansvarlege for ToF.

- Mange tenkjer på realfag først og fremst teoritunge fag, og ser nok ikkje alltid korleis kunnskapen kan nyttast i praksis. Med innføringa av ToF vil me formidla betydninga realfaga har i næringsliv og forsking. ToF opnar for at elevane skal få bruka teorien frå realfaga slik mange faktisk jobbar med det i arbeidslivet i dag, seier Matre. 

Målsetjinga med ToF er altså å setja teori ut i praksis; teorien frå fysikk til dømes, skal testast ut gjennom utvikling av ulike fysiske mekanismar, robotbygging eller 3d-modeller. Lokalt næringsliv vil spela ei sentral rolle i det nye fagtilbodet. 

- Lokale bedrifter på pensum

Ein av dei viktigaste sidene ved ToF er at elevane skal få oppleva «hands-on» korleis realfaga er brukte i utviklinga av nye produkt og tenester i næringslivet. Og der er Ølen vidaregåande skule privilegerte, meiner Matre. 

- Som ein del av ToF skal elevane skal komma tettare på privat næringsliv, der ein har nytta realfag til å utvikla nye teknologiar og produkt. Me er heldige som har så mange innovative bedrifter tett på oss. Mange av desse selskapa er gode døme på korleis realfagskunnskap er sett ut i livet, testa og feila med, og brukt til å funne nye, gode og svært vellukka teknologiar som faktisk er i bruk i heile verda i dag. Dette vil gje elevane eit heilt anna forhold til faget og ei betre forståing av samanhengane mellom teori og praksis, seier Matre. 

caption... Lektorar og fagansvarlege Svalaug Matre (t.v) og Eydis Dalen er i gang med å booka timar hjå lokalt næringsliv: - Ein viktig del av ToF-faget er å at elevane får komma ut til bedrifter som har nytta realfaga til å utvikla nye produkt og tenester. 


I løpet av våren skal Matre og Dalen setja timeplanen for faget, og med det inngår ei rekkje bedriftsbesøk. 

- Me er i gang med å kontakta lokale verksemder som kan bidra med deira erfaringar rundt utvikling av ny teknologi. Og me håpar sjølvsagt at næringslivet imøtekjem oss på dette, seier Dalen. 

Skulen investerer nå i mykje utstyr for å tilretteleggja for det nye faget. Det er ei investering i fleire realfagselevar, meiner lektorane. 

- Me har i dag tre elevar i fysikk, og opplever at det er stadig færre som vel realfag. Dette er ein trend over heile landet. Me håpar ToF vil gje elevane eit anna syn på realfag, og ikkje minst vil ToF vera ei god belønning for den teoretiske innsatsen. Etter å ha lese seg opp på fysikk ei stund, er det ekstra givande når den kunnskapen faktisk kan setjast ut i livet, som til dømes ein sjølvprodusert mini-robot.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips