Lundeneset i toppen

Ferske tal frå Utdanningsdirektoratet visar at Lundeneset VGS er blant dei beste skulane i Rogaland til å løfte elevane sine. Det kjem fram av undersøkinga at skulen i Ølensvåg ligg 5.8 prosentpoeng over landssnittet. 

Rektor ved Lundeneset VGS, Gustav Løge Fosse. Foto: Arkiv


- Resultatet av kartlegginga er sjølvsagt gledeleg. Det gir inspirasjon til vidare satsing og det er ein fin peikepinn på at arbeidet me gjer er rett, fortel rektor ved Lundeneset VGS, Gustav Løge Fosse.

Lundeneset vidaregåande skule er ein kristen internatskule i Ølensvåg, eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband. I dag har skulen 189 elevar. Skulen tilbyr studieretningane studiespesialisering (allmennfag), service og samferdsel (sal og service), medium og kommunikasjon og allmennfagleg påbygningsår.

- Sidan me er ein internatskule kjem me tett på elevane og får eit tett og større samspel mellom elev og lærar som kjem elevane til gode. Me jobbar beinhardt for å inspirera elevane til å få ut potensiale sitt og for at elevane skal trivast så godt som mogleg, forklarar Fosse.

Analysen frå Utdanningsdirektoratet kartlegg kor gode skulane er til å løfte elevane. Direktoratet reknar fram eit landsgjennomsnitt på karakternivået hjå elevane, og ikkje minst i kor stor grad elevane fullfører og består utdanninga. Lundeneset VGS er nest best i Rogaland med 5.8 prosentpoeng over landssnittet, berre slått av Sauda VGS med 6.4 prosentpoeng.

- Kontaktlærar brukar å ha elevsamtale med den enkelte kvar 14. dag der ein samtalar om små og store utfordringar og korleis me i lag kan leggje til rette for god trivsel og læring. Me ser at tett relasjon mellom elev og tilsett gir resultat, seier Fosse.

Hovudmålet med skulebidragsindikatorane er at dei skal bidra til å utfylla den informasjonen som finst om kvaliteten på opplæringa, slik at skular og skuleeigarar veit kvar dei bør setja inn tiltak. Ved å samanlikna forventa resultat med det faktiske resultatet elevane ved skulen oppnådde, får ein indikasjon på om skulen har bidratt meir, mindre eller på nivå med landsgjennomsnittet.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips