Skulestart med nytt bygg

Med ferdig nybygg og hygiene-tiltak på plass er Ølen vidaregåande skule klare til å ta i mot elevane.

Image
- Det blir eit nytt og moderne bygg som elevane kjem til å nyte godt av, fortel rektor Ruth Sæle om det nye bygget til Ølen VGS. Foto: Elin Sørheim. 


Denne våren kjem skulen til å ta i bruk nye lokalar. Utvidinga omfattar 1700 kvadratmeter med undervisningsfløy, verkstad, grupperom og spesialrom for bygg- og anleggsteknikk (byggfag) og teknikk og industriell produksjon (TIP). 

- Det blir eit nytt og moderne bygg som elevane kjem til å nyte godt av. Det er enda nokre småting å gjer der inne, men alt kjem til å vere klart til elevane kjem tilbake, fortel rektor ved Ølen vidaregåande skule, Ruth Sæle, før ho fortset:

- Det er alltid kjekt å være med på ei så positiv utvikling og nå gler me oss til å ta i bruk nybygget. 

Arbeidet på nybygget starta i januar 2019 og har ein prislapp på 66 millionar kroner.

Image
Rektor ved Ølen vidaregåande skule gler seg til å ta i mot elevane 17. august. Arkivfoto: Ellen Marie Hagevik. 

Gler seg til oppstart

17. august kjem det nok ein gong nye og gamle elevar tilbake til den vidaregåande skulen i Ølen. Rektoren fortel at dei gler seg til å få elevane tilbake. 

- Det er alltid kjekt når eit nytt skuleår startar. Det blei ei ganske spesiell avslutning på skuleåret i fjor, men me satsar på ein normal oppstart nå. Me har spritstasjonar klare og er nøye med hygienen. Vanlegvis pleier me også å samle alle elevane i kulturhuset for å ønske alle velkommen, men me ser at det kan bli mykje elevar på ein stad då. Me kjem derfor til å dele dei opp slik at me er på den trygge sida, seier Sæle. 

Helse på topp

Det er totalt 322 elevar som har søkt Ølen vidaregåande skule som førsteval i år. 45 av dei søkjarane har vald helse- og oppvekstfaget i Ølen. 

- Veldig kjekt at det er så mange som vil jobbe i helsesektoren. Eg tenkjer at det er ein trygg og god arbeidsplass som passar mange. Me har jo også sett spesielt dei siste månadane at me treng folk i helsefaget, fortel rektoren før ho legg til: 

- Det er trist for dei 15 som ikkje kjem inn på helse-og oppvekestfaget i Ølen, og dermed må finne seg andre skuleplassar. 

Skulen kan ta inn 360 elevar for komande skuleår, så langt er det 300 elevar som har fått tilbod om plass. Det betyr at det framleis er ledige plassar, men då på linjer med få søkjarar.

- Søkjartala er ganske som forventa. Det som er noko overraskande er at så mange søkte helse -og oppvekstfaget, og at det berre var ein søkjar til idrettsfag.

Rektoren viser til at idrettsfag pleier å vere ei populær linje, trass i få søkjarar denne hausten blir ikkje linja lagt ned, men sett på pause til neste år.

Det er totalt 21 628 søkjarar i Rogaland. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips