Satsar på vekst i reiselivsnæringa

Trass i corona-virus og spådommar om nedgang i reiselivsnæringa er det framleis optimisme i regionen. Ei venta tredobling i talet cruiseturistar til Haugesund skapar von om trygga omsetjing og sysselsetjing.


- Me har det turistane ønskjer seg, eg kallar det dei fem f-ane, seier Nina Kaltwasser i Åkrafjorden Oppleving og drivar av Eljervik gard.  

- Fjord, fjell, foss, fonn og folk.

Siste veka i februar markerte starten på årets cruiseturist-sesong, då var det i tillegg eit islett av snø som eit sjette element turistane såg ut til å setta pris på.  Trass i godt besøk og ein ventande vekst i talet på gjester vedgår ho at corona-frykta også skaper litt ekstra spenning i næringa lokalt.

- Me veit at smitteførebyggande arbeid står i høgsete i cruiseskipa, så eg er trygg på at dei gjer det dei kan for å unngå smittespreiing. Så blir det spanande å sjå om det blir betrakteleg færre gjester enn venta utover sesongen. Me håpar det beste, men skulle dette auke på betyr det også eit betydeleg tap av inntekt også for oss, slår ho fast.

Det typisk norske

Om morgonen denne dagen sette tre bussar med tyske turistar kursen frå Haugesund med retning mot Ølen og Etne. Til Åkrafjorden kjem dei for å innta lunsj og for å vera med på fjordcruise frå Fjæra til Langfoss. Ein av bussane besøkte Eljervik gard der Nina Kaltwasser og to ungdommar serverte lunsj med lokalproduserte lefser som dessert.

- Me legg vinn på å servera lokale produkt, seier Kaltwasser. Laks og spekemat, ost og brød forsvinn frå fata, alt mens sola gløttar over fjellkanten og speglar seg i vatnet utanfor. Det er dette turistane set pris på, forklarar ho. Det typiske fjordnorge, det som cruisepassasjerane til nå har funne i Bergen og Stavanger, men som dei dei siste fire åra har funne også her i regionen.

Tredobling i 2021

I år er det 70 skip med om lag 135 000 cruiseturistar som vil komma til Haugesund, og om lag 10 prosent av desse er venta å komma til Ølen og Etne, fortel Kaltwasser.

- Så gjeld det å rusta seg til neste år, for då er det venta opp mot 400 000 gjester til Haugesund.

Sjølv om 2020-sesongen så vidt er i gong, er altså tankane på den massive auken i turistar i 2021 allereie langt framme i pannebrasken. For å kunne betena eit slik volum må kapasiteten på bevertning og aktivitetar aukast. Familiebedrifta til Kaltwasser har sjølve planar om eit nytt servicebygg ved Langfoss, planar som førebels er på vent, men som det er von om å få realisert i 2020.

Travle sommardagar

Det kan bli travelt nok ein sommardag når 12 bussar kjem rullande, ei to- og tredobling vil merkast godt. På denne turen blei turistane fordelte mellom Rullestad camping, Eljervik og Åkrafjordtunet for matservering.

Cruiseturismen er det som gir hovudgrunnlaget for at dei kan driva slik dei gjer nå på Eljervik, med to årsverk og til saman ti tilsette i sesong. I 2019 vart det servert 8000 lunsjar og 7500 båtturar gjekk på fjorden via Åkrafjorden Oppleving.

Det er dette som er verdiskapinga, meiner Kaltwasser. Turistar som kjem og blir serverte og handlar lokale produkt og får ein bit av det autentiske med seg. Og samstundes er det viktig å ikkje komma dit at ein overbelastar omgjevnadane, slik ein har sett andre stader i landet, meiner ho.


Nyvølt til sesongstart

I Ølen var Unni Marie Lien oppe tidleg og måkte den nyasfalterte parkeringsplassen framføre Rosemaling-butikken fri for snø. Ho har nett oppgradert uteområdet slik at det skal bli lettare for turistbussane å parkera.  

I tillegg til å driva med rosemaling i alle formar driv ho også turistinformasjon for Vindafjord kommune. Denne dagen gledde ho seg over å kunne ta imot årets første bussturistar. Dei to første skipa skulle eigentleg komme tidleg i februar, men fekk ikkje komme oppom på grunn av vêret. Også ho er nøktern når ho snakkar om frykta for corona-smitten, og håpar det skal gå over i likaste laget, så lenge ein er nøye på å ta forhandsreglar.

- Eg har lagt så mykje ned i å få denne plassen ferdig, smilar ho medan ho losar dei nyss ankomne gjestene inn i butikken sin, der alt er rosemalt. Til og med toalettet er heilt spesielt, fortel ho, på tysk, til eit lydhørt publikum.

– Eg har bare eitt toalett, og det er rosemalt frå golv til tak. 

Postkort frå Ølen

Turistane humrar og nikkar. Rosemalaren kommuniserer til venstre og høgre, dette har ho gjort mange gonger før. Fortel om handverket, om rosemåling som kultur og lovar at dei vil finna produkt her dei garantert ikkje finn andre stader. Og dessutan:

- Ich habe Briefmarken. Eg har frimerke, minner Unni Marie Lien om før ho slepp turistane laus. Framleis er det nokon som sender postkort.

Lien har drive Rosemaling i 40 år og mange fastbuande og forbifarande har funne vegen innom den særmerkte butikken som ligg kant i kant med E134. Cruiseturistar er noko som har komme til dei siste åra, og vintercruise er relativt nytt. Men eigentleg er det turistsesong heile året.

- Så langt i år har eg hatt femten ulike nasjonalitetar innom her, seier ho.  

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips