Planteboom etter korona

I norske heimar har potteplantar i alle fargar, former og storleikar gjort sitt inntog. Det har ølensbedrifta Ebnes Hagesenter merka. Dei har nemleg hatt ein auke på heile 30 prosent samanlikna med same tid i fjor.  

Image
Bent Ove Ebne og Ebnes Hagesenter har hatt ein travel haust. Foto: Kristian Risanger


Ved hagesenteret Hageland Ebnes i Ølen har det vore mykje aktivitet det siste halve året og det er ei av bedriftene som har merka ei auka omsetnad sidan korona kom til Noreg. 

 - Den auka pågangen for blomster og planter, og det å dyrke sjølv har blitt forsterka under pandemien. Me har vore meir heime og investert i å gjera det fint både inne og ute under korona. Det å plante å dyrke er noko som alle har glede av, fortel dagleg leiar i Ebnes Hagesenter i Ølen, Bent Ove Ebne.

- I sånne kriser er det ofte familie og det som er nært ein som betyr noko. Hage og interiør er ein del av det. Endeleg har dei hatt tid til å pusse opp. 

Alt frå hagemøblar, planter, interiør og skråningar har auka i sal sidan mars. Likevel fortel Ebne om ein roleg start. 

- Det var om lag to, tre veker etter at Noreg stengde at kundane begynte å komma tilbake. Først skulle folk ha mat, så skulle dei ha dopapir, så kom dei og kjøpte planter, fortel Ebne smilande.

Image
Populært: Hagemøbler har auka med 60 prosent samanlikna med same tid i fjor. Foto: Kristian Risanger
Vêrmessig var april, mai og juni veldig bra, noko som gjer det lettare for folk å komme seg ut å få i gang hagearbeidet. Det har han også merka på hagemøbel-salet. 

- Det som har hatt størst auke er faktisk hagemøblar. Det har hatt ein auke på 60 prosent i forhold til kva me pleier å vere på i same periode. 

Han fortel vidare at det ikkje berre er i Ølen det går bra for tida. I fjor sommar kjøpte Ebne opp eit hagesenter på Voss, som også har merka trenden. Der har dei hatt ein 25 prosent auke i år, samanlikna med i fjor. Bent Ove Ebne og hagesenteret i Ølen overtok 80 prosent av aksjane i Hageland Voss i sommar.

Bent Ove Ebne er tredje generasjon gartnar som driv hagesenter i Ølen. Ebnes Hagesenter blei starta opp av bestefar Bernard Ebne i 1936.      

Aukande interesse

Ifølge Ebne er det ikkje berre grunna korona at det har blitt ein auka etterspurnad. Det kan også sporast tilbake til auka interesse og fint ver. 

- Eg merker at interessa for hage berre er eit aukande fenomen. Og spesielt dette med å dyrke sjølv. Nå er det mange nye som har prøvd det og syntest at det var kjekt, og det er noko som viser resultat raskt. Det å dyrke eigne grønsaker, bær og frukt er veldig populært merkar me. Det er noko som begynte for nokre år sidan, og noko som fortset å auke. Det er veldig stas å lage mat av eigendyrka produkt, forklarar Ebne. 

Ebne legg også til at det er sunt å jobbe med jord. 

- Det er bevist. Ein blir mindre sjuk når ein er i kontakt med jord, i tillegg til at ein får eit betre innemiljø, seier Ebne. 

Image
Travelt halvår ved hagesenteret Hageland Ebnes i Ølen. Foto: Kristian Risanger
Permittering og ekstra bemanning 

Koronasituasjonen førte til at Ebnes Hagesenter til liks med mange andre bedrifter måtte permittere ein periode, heldigvis varte det ikkje lenge for hagesenteret.

- Me visste ikkje kva som kom til å skje. Dei som vart permitterte var over 60 år og var i risikosona så me følte at det var det tryggaste valet, fortel den daglege leiaren før han legg til at dei måtte ha ekstra bemanning i sommar. Då valde dei å ha ein ekstra sommarvikar enn det dei pleier å ha. 

- Det var stor etterspørsel, og for å dekka opp dette måtte me ha inn meir bemanning. 

I det 4000 kvadratmeter store bygget har det også vore koronatiltak. Sprit inn, sprit ut, ein meters-markeringar rundt kassen og liknande har blitt tatt i bruk. Ebne skryt av kundane sidan dei har vore veldig hjelpsame. 

- Kundane er flinke til å halde avstand. Eg merker til og med at dei er mindre stressa, sjølv om dei må stå i kø og vente litt, gjer det dei ingenting. Folk tar meir omsyn til kvarandre, det er noko av det det einaste som faktisk har vore positivt med korona, avsluttar Ebne.      

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips