Nå blir det meksikansk på menyen

I dag opna Circle K Ølensvåg dørene til nyoppussa stasjon. Nå byr dei på sitjeplassar, dusj og mat av ferske råvarer.

Image

Kl 05:30 kunne franchisetaker Bjarte Berge og dagleg leiar Anita Berge opne dørane til ein flunkande nyoppussa stasjon. Foto: Maria Djuve Vågen. 

26 nye sitjeplassar, sju toalett, dusj til trailersjåførane og ikkje minst eit utvida mattilbod er blant nyvinningane når Circle K i Ølensvåg igjen opna dørene etter å ha pussa opp den siste veka.

- Dei tilsette har vore på matkurs for å lære å lage meksikansk mat frå botn av, det er ein del av det nye matkonseptet vårt. All mat blir laga frå botn av med ferske råvarer, forklarar dagleg leiar i Circle K Ølensvåg, Anita Berge.

Ho legg til at dei kjem til å fortsette med pølse- og burgesal som vanleg.

Under oppussinga har den 65 år gamle stasjonen for første gong hatt stengd medan dei pussa opp.  I løpet av fire dagar var dei altså klare for opning igjen. 

Meir moderne

Circle K er i gong med eit prosjekt der det er mange stasjonar som skal oppdaterast. Circle K Ølensvåg er den 53 i rekka av stasjonar som kjeden pussar opp.  

- Me er ein stasjon det blir satsa på i Circle K-systemet, og det er berre dei beste stasjonane som blir pussa opp. Nå skal me modernisera oss og ikkje minst bli større. Me har ein bra plassering med mange kundar frå blant anna Stavanger som kanskje skal til fjells og som ofte stoppar her for å ta seg ein pause, seier Berge.

Fredag morgon kl. 05.30 opna stasjonen igjen.

Image

Dei første kundane. Ein gjeng frå Lundeneset VGS stod på trappa då dørane opna 05:30 fredag morgon. Då stod burger og pølser på menyen. Foto: Anita Berge. 

- Me gler oss mykje og alle tilsette er klare for å komma i gong igjen, fortel den daglege leiaren entusiastisk før ho legg til:

- Dette vil bety at me blir ein enda meir attraktiv stasjon å stoppe på. Eg trur også at lokalsamfunnet kjem til å synast at det er kjekt at me gjer denne oppgraderinga.

Måndags morgon var stasjonen heilt ribba for varer, hyller og anna utstyr. Anita Berge er imponert over kor fort oppussinga har gått.

- Det har gått raskt og det har vært artig å følge med på kor effektivt byggjerane har jobba. Det har vært godt planlagt og bra organisert.

 

Bilete frå under oppussinga til ferdig stasjon. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips