Informasjonsmøte med NAV

Korleis kan lokalt næringsliv bidra til at fleire flyktningar kjem i arbeid? NAV Vindafjord-Etne inviterer til informasjonsmøte 11. september, kl. 09:00 på Medvind i Ølensvåg.

Er du nysgjerrig på kva det vil seia å ha ein person med flyktningbakgrunn i praksis eller arbeid i di bedrift? 

Aldri før har det blitt busett så mange flyktningar i Vindafjord og Etne. For at endå fleire av desse skal koma seg ut i arbeid,  treng me mange lokale bedrifter med på laget. 

Fleirtalet av flyktningane er frå Ukraina, men det blir også busett flyktningar frå andre land. Vaksne flyktningar deltek i kommunen sitt introduksjonsprogram som skal førebu til arbeid eller utdanning.  Nye retningslinjer slår fast at minimum 15 timar i veka i introduksjonsprogrammet skal vera arbeidsretta. Dette for å få fleire i arbeid. For å lukkast med dette treng me samarbeid med fleire lokale bedrifter. Flyktningane har variert bakgrunn med ulike kompetanse og erfaringar som dei ønskjer å bidra med i den norske arbeidsmarknaden. Kanskje kan ein praksisperiode vera starten på ein karriere i akkurat din bedrift?

NAV Vindafjord Etne, Fikse Næringsforening og Medvind Næringshage inviterer lokalt næringsliv til informasjonsmøte. 

Praktisk info: 

  • Tid: 11. september, kl. 09:00-11:00
  • Stad: Orkan møterom, Medvind Næringshage, Ølensvåg (Parkering bak Kiwi)
  • Arrangementet er gratis

På programmet: 

  • Generelt om busetting og integrering av flyktningar
  • Praksis i introduksjonsprogrammet
  • Erfaringar og tips
  • Eksempel på deltakarar
  • Oversikt over deltakarar sin kompetanse og erfaring
  • Språk og førarkort
  • Verkemiddel gjennom NAV
  • Tid til spørsmål og samtale