Vindafjordbruket 



Innsamling av landbruksplast 

Kjell Gangstø kan opplyse om at ordninga med innsamling av plast held fram. Tømmeplassane blir som før, og neste innsamling blir i slutten av mars. I følgje Gangstø kjem nærare informasjon i Grannar om tidspunkt for tømming. 

Landbruksplast på avvegar 

 – stadig eit problem 

 Trass i at me i Vindafjord har ei god ordning for innsamling av rundballeplast, så ser me likevel mykje slurv der plast kjem på avveier og havner i naturen. Ta ein runde rundt traktoren ved henting av rundballar, og plukk opp laus plast, så slepp me å sjå rundballepast i tre og på gjerde og elles rundt omkring i naturen. Med det fokus som er på plastforureining både lokalt og globalt, er det svært uheldig dersom landbruksnæringa som gode naturforvaltarar slurvar på dette området. 

Avløysartilskot ved sjukdom og fødsel 

– søk elektronisk via altinn 

 Dersom du treng hjelp med å søkje elektronisk, kan du ta kontakt med avløysarlaget eller rekneskapsføraren din. Du kan også ta kontakt med Sissel Lilleland i kommunen for å få hjelp med å registrere søknad. 

Produksjonstilskot del 1 

- hugs søknadsfrist 15. mars 

 Teljedatoen er 1. mars, og frå den dagen er det mogleg å legge inn søknaden. Det er lurt å sende inn søknaden i god tid innan fristen. Når du har sendt inn søknaden er det viktig at du hugsar å sjekke kvitteringa di i Altinn, ta alltid kontakt dersom du er i tvil om noko. Me er å treffe i kontortida på Teknisk bygg, Sandeid, dersom du har spørsmål / treng hjelp med registrering. 

Til deg som ny brukar 

I løpet av hausten 2019 vil du som nyleg har overteke / starta opp med gardsdrift, få invitasjon til møte, der me på landbruk vil presentere oss og gi generell informasjon – både når det gjeld velferdsordningar, tilskotsordningar og andre tiltak som kommunen arbeider med innan jord og skog. Me kjem til å sende ut skriftlig invitasjon med nærare detaljar etter kvart. Varsling 24 Vindafjord kommune nyttar 

Varsling 24 

Vindafjord kommune nyttar Varsling24 som er eit nettbasert verktøy for utsending av SMS-og e-post meldingar for å formidle diverse informasjon til innbyggjarane i kommunen. Nokre gardbrukarar har feil eller ingen kontaktinformasjon registrert. For å sikre deg at du motta informasjon på SMS og e-post frå oss, kan du sjekka og leggja deg til her: http://www.varslemeg.no/ 

Avløysartilskot ved sjukdom og fødsel 

– ikkje lenger krav til positiv næringsinntekt 

Frå 1. januar 2019 er det ikkje lenger eit krav at brukaren har positiv næringsinntekt for å motta avløysartilskot ved sjukdom 2 eller svangerskap. NB! Ektefelle / sambuar må framleis ha positiv næringsinntekt på ½ G for å kunne søkje tilskot. Ta kontakt med Sissel Lilleland for nærare informasjon. 

Avløysing ferie- og fritid / avløysing under sjukdom 

– godkjent dokumentasjon 

Eksempel på godkjent dokumentasjon for avløysarutgifter er til dømes; 

  • årsoppgåve frå avløysarlaget 
  • a-melding frå altinn 
  • bankbilag og faktura 
Døme på godkjend arbeidshjelp: 

  • stell av dyr 
  • saueklipping 
  • klauvskjering 
  • gjerdehald 
  • dyrking 
  • grøfting 
  • snekkerarbeid (gardsdrifta) 
  • rundballepressing 
Døme arbeidshjelp som ikkje kan godkjennast: 

  • dyrlege 
  • drektighetskontroll 
  • rekneskapsførar 
  • utgifter til elektrikar 
  • bilmekanikar 
Det er kun lønsutgifter til personen som utfører arbeidet som blir dekka, så fakturaen må spesifisere kor mange timar som er gått med og kor mykje av rekninga som er lønnsutgifter. Ta kontakt med Sissel Lilleland eller Anne Karin Langeland dersom du er i tvil.  

Skifte ut gamle gjerde-klyverar? 

 Me ser at ein del gjerdeklyverar er modne for utskifting. Ordninga med tildeling av gjerdeklyverar gjeld også utskifting av eksisterande gjerdeklyvarar. Dette for å sikra trygg ferdsel. Ver ute i god tid, og gjer klar til neste tursesong med å fornya gamle gjerdeklyverar! Me har også fått inn praktiske hundeportar til videre fordeling. Desse er enkle å montera ved sida av gjerdeklyvaren. 

Spesielle miljøtiltak (smil) i landbruket og grøftetilskot 

For SMIL-ordninga arbeider vi med nytt lokalt strategidokument. Det blir ikkje store endringar men enda høgare prioritet på forureiningstiltak. Eit nytt forureiningstiltak som no kjem inn er støtte til tak over opne gjødsellager hjå brukerar som i utgangspunktet har nok gjødselkapasitet (10 mnd.). Alle retningslinene for denne ordninga er enno ikkje på plass men ta kontakt for avklaring. Som kommune har summen vi får til SMIL-ordninga gått nedover dei siste åra grunna for få forureiningstiltak. Dette gjer at vi i første omgang har fått kroner 400 000,- for 2019. Når det gjeld grøfting har dette gått oppover og for 2019 har vi fått kroner 1 000 000,-. 


Nytt digitalt søknadssytem for smil-tilskot og tilskot til drenering 

Søknader om Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), og tilskot til drenering av jordbruksjord skal frå og med 2019 sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn. Som søkjar kan du finna ein del retteliing og forklaringar inne i sjølve søknaden. Når søknaden er handsama, sender vi ut vedtak til innboksen din i Altinn. 

Har du spørsmål om søknaden og korleis du skal søkje så ta kontakt. Eg har laga ein detaljert mal for korleis ein finn søknadsskjema og kva som er viktig å hugse på, denne sender eg til dei som ynskjer det. Er det nokon som ser mørkt på å få dette til, så vil eg prøve å hjelpe med utfylling her på kontoret, dette må i tilfellet avtalast på førehand: Harald Olav Stuhaug, tel.99236114 

Vatsvassdraget og forureining 

– dei tiltak som er gjennomført verkar. 

Som de ser av tabellane har vi gjennom mange års arbeid klart å redusere fosfortala i sedimenta både for Landavatnet og Vatsvatnet ganske mykje. Dette viser at tiltaka landbruket har gjennomført verkar (saman med andre tiltak).

No er det viktig å fortsetje den gode trenden spesielt med tanke på fosforavrenning. Avtalane med begrensningar på bruk av fosfor (fosfor etter behov) har IKKJE ført til reduserte avlingar. Dette bør alle (i heile kommunen) ta med seg og følgje. Dei fleste av dykk nyttar Norsk landbruksrådgjeving til utarbeiding av gjødselplanar, dette er planar der behovet for fosfor og andre næringsstoff er vurdert. Følg dei tilrådingar og val av kunstgjødselslag som der er valgt. Effektiv bruk av husdyrgjødsla og gode tilskotsordningar gjennom RMP: 

Husdyrgjødsla er ein viktig ressurs for landbruket i kommunen og må nyttast som den ressursen han er. Sjå meir om ordningar for å søkje om tilskot i rettleiingshefte til søknad om Regionalt miljøprogram (RMP) 

Ugjødsla randsone – 4 meter brei (gir støtte gjennom RMP) er svært nyttig for å unngå avrenneing av næringsstoff til vassdrag. Det kan gjevast årleg tilskot til ugjødsla randsoner med gras på fulldyrka og overflatedyrka areal langs vatn, elvar, bekker og kanalar som er utsett for næringsavrenning frå jordbruket. Kjøreveg på dyrka areal er ikkje å sjå på som randsone i denne samanhengen. NB.Det er viktig å ha med seg at den støtta som blir gitt gjennom RMP-ordninga for ugjødsla randsone dekker godt opp for den avlingsreduksjonen ein får på arealet. 

Miljøvennleg gjødselspreiing av husdyrgjødsel 

Miljøvennleg gjødselspreiing av husdyrgjødsel (den mest brukte metoden er nedlegging med stripespreiar) Er i følgje ein rapport frå NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) «det mest effektive tiltaket som fører til reduserte utslipp av ammoniakk». 

Fordelene er mange: 

  • betre utnytting av næringsstoffa i gjødsla 
  • mindre utslepp til luft 
  • større fleksibilitet i forhold til vind og lengde på gras 
  • ved bruk av slange også mindre køyreskader 
  • effektivt og lettare å leige sidan fleksibliteten er større i høve til kva tid ein kan spreie. 
Til slutt må det presiserast at det tilskotet ein får ved bruk av denne spreiemetoden er betydeleg. Har ein bra med areal sjølv eller kan gå saman med andre kan årleg tilskot forrente kjøp av ein del utstyr eller dekke ein god del av kostnaden med leige av spreiing. 

Les nøye vilkåra til å søkje tilskot og ta kontakt med oss på landbruk dersom du har spørsmål til ordninga. 

Frivillige tiltak i jordbruket og eventuelt tilbod om miljø-avtalar rundt Skjoldafjorden frå 2020.  

Gjennom arbeidet med betre vasskvalitet (vassdirektivet) blir det arbeidd for å få til ein prosjektstilling for 3 år i Haugalandet vannområde. Dette skal, om det blir noko av, vera ei praktisk og oppsøkjande stilling som skal motivere for miljøtiltak i jordbruket. 

I Vindafjord ser vi for oss å nytta denne stillinga til oppsøkjande arbeid rundt Skjoldafjorden. Fokus vil vera å få til miljøavtalar (som vi har hatt i Vats) med så mange gardsbruk som mogeleg før sesongen 2020. Desse avtalane har spesielt fokus på balansert fosforgjødsling og inneheld eit punkt om miljøregistrering. Dei som går inn på avtalane får eit ekstra tilskot pr. dekar i første omgang for 3 år. 

Grunnen til at vi no ser på Skjoldafjorden er at vi etter Vatsvassdraget reknar Skjoldafjorden som den mest sårbare vassressursen vi har i kommunen. 

Avlingsskadeerstatning 2018  

I alt 50 søkjarar fekk utbetalt totalt kr. 3.660.009,- for avlingsskadeåret 2018 i Vindafjord. I snitt blei dette ca. 72.200,- per søkjar. Det var mange som varsla at dei ville søkja, men etter kvart kom etterlengta nedbør, og saman med ein god 3. slått, så kom mange brukbart godt ut av krisa. I 2017 var det bøndene med sandjord som berga seg brukbart. I fjor var det dei med mykje myrjord som klarte seg best. Somme fekk meir enn 100% avling, og kunne såleis hjelpe andre bønder som sleit med å få tak i nok vinterfor. Enkelte bønder slo faktisk og berga dei siste rundballane seint i oktober, då eit lite vindauge med opphaldsdagar opna seg. Totalt sett var kanskje Vindafjord ikkje hardast råka, sjølv om det var stor variasjon. 

Utrekning av spreieareal  

GDE-kalkulator er å finne på fylkesmannen si heimeside https://www.fylkesmannen.no/Rogaland/Landbruk-og-mat/Miljotiltak/Spreiearealskjemaet-er-oppdatert/ Føretak som har og/eller disponerer husdyrgjødsel må sjølv sikre at husdyrgjødsla i praksis blir nytta som ein ressurs på godkjend spreieareal. Dette spreiearealskjemaet gir føretaka ei god skjematisk oversikt over tal gjødseldyreiningar (GDE) målt opp mot disponibelt spreieareal. All fulldyrka og overflatedyrka jord er godkjent som spreieareal. Om du ynskjer å spreie på innmarksbeite, må du søkja kommunen om dette. 

Innmarksbeite som spreieareal 

Dersom du ynskjer å nytta husdyrgjødsla på innmarksbeite, må dette søkjast om til kommunen. Ta kontakt med Anne Karin Langeland tlf: 53 65 61 38 eller e-post anne.karin.langeland@vindafjord.kommune.no for å avtale synfaring og få tilsendt skjema; «Søknad om godkjenning av beite som spreieareal.» Etter at kommunen har godkjent innmarksbeite som spreieareal vil du få tilsendt vedtak og kart over godkjent spreieareal. Alt godkjent spreieareal er digitalisert og tilgjengelig på www.temakartrogaland.no/spreieareal Det godkjente spreiearealet skal tas med i berekninga av gjødselplan. 

Gardskart 

Ditt gardskart finn du på; www.nibio.no, vel «kart» og deretter «gardskart – til tjenesten» , Her skriv du inn kommune, gards- og bruksnr. for å få fram gardskart over eigedom som du disponerer. Dersom du disponerer fleire eigedommar, kan du få opp alle eigedommane på same kart ved å trykkje på «legg til» knappen. Areala av dei innteikna teigane som er i bruk, er grunnlaget for kva som kan søkjast om i produksjonstilskot i jordbruket (oktober - omgangen). Det er difor viktig at du får oppdatert gardskart dersom det er endringar, slik at karta er rett til ei kvar tid. Dersom det er endringar eller spørsmål angåande arealet, så ta kontakt med Anne Karin Langeland tlf. 53 65 61 38 

Nytt innmarksbeite 

For at innmarksbeite skal kunna godkjennast må dette vera inngjerda og innehalda minst 50 % beitegrasartar. Ta kontakt med Anne Karin Langeland tlf: 53 65 61 38 for å avtale synfaring, godkjenning, endringar eller spørsmål, slik at arealet kan registrerast som innmarksbeite før søknadsomgangen i oktober. 

Regionalt miljøprogram (rmp–tilskot) 2019 -2022 

Regionalt miljøprogram er ei tilskotsordning med mål å: 

  • Redusera forureining til vatn og luft 
  • Ta vare på kulturlandskap og kulturminne 
  • Legge til rette for friluftsliv 
  • Ta vare på biologisk mangfald 
Regionalt miljøprogram, RMP gir oversikt over kva slags regionale miljøtilskot bøndene kan søkje på i Rogaland. Ny programperiode er 2019 – 2022. Det er ein del endringar i vilkåra til eksisterande tiltak, det kjem nokre nye tiltak og nokre tiltak går ut i 2019 samanlikna med 2018. 

Her er nokon av endringane som det er verdt å merkje seg no før vekstsesong: 

Bratt areal: Tilskot til bratt areal held fram, men vilkåra for tilskot er endra. Det kan gis tilskot for drift av jordbruks-areal med hellingsgrad brattare enn 1:5. Det som er viktig å merke seg no før vekstsesong er at omsøkt bratt areal må vere «arbeid» med (gjødsling, ugras-handtering, kalking, osv) for å ha rett på tilskot. Som tidlegare må søkjar ha minst 15 dekar bratt areal for å få tilskot til dette. 

Skjøtsel av styvingstre: Tilskot til skjøtsel av styvingstre held fram, men vilkåra for tilskot og satsane vert endra. Det kan gis tilskot for styving av tre som er gjennomført på ein skånsam måte slik at trea sitt særpreg og biologiske mangfald blir teke vare på. Viktig endring 2019: Det skal kun søkjast om tilskot det året treet er styva! Tilskotet blir fastsett per tre og er auka til ca 500 kr, det er difor særs viktig at desse blir tatt ut av søknad dei åra det ikkje vert styva. 

Vedlikehald av turstiar i jordbrukslandskapet: Det kan gis tilskot for vedlikehald og merking av turstiar for den delen av stien som går over jordbruksareal. Turstien skal vere open for allmenn ferdsel, og vere ein del av eit samanhengande tursti-nettverk merka av på offentleg tilgjengeleg turkart. Viktig endring 2019:Turstiar ved skogplantefelt og setervegar får ikkje tilskot lenger. 

Tilskot til miljøvennleg spreiing, Nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel: Tilskot til miljøvennleg spreiing, nedlegging av husdyrgjødsel: held fram uendra. Det kan gis tilskot for spreiing av husdyrgjødsel og biorest ved nedfelling eller nedlegging. Siste frist for spreiing er 10. august. 

Heilt nye ordningar / tiltak: 

Nytt miljøavtaleområde: Skjoldafjorden. 

Soner for pollinerande insekt

Det kan gis tilskot for å så og skjøtte soner med pollinatorvenlege planteartar på jordbruksareal. Sonene må vere attraktive for ville pollinatorar gjennom vekstsesongen. Arealet det blir gitt tilskot for skal ikkje vera gjødsla eller sprøyta med plantevernmidlar. Tilskotet blir fastsett per meter. Dersom du er interesert i å leggje til rette for pollinerande insekter no i år, må du ta kontakt med kommunen før vekstsesongen for å høyra meir om vilkåra til tilskotet. 

Desse tilskotsordningane går ut: 

Areal med spesielle verdiar: Det vert ikkje lenger gitt tilskot til beiting på Romsa gjennom Regionalt miljøprogram. (Miljøvernavdelinga kan løyve pengar til dette) 

Tilskot til rask nedmolding er fjerna. 

Tilskot til vedlikehald av fangdammar blir flytta til SMIL.  

Du finn meir info om RMP- tilskot og andre miljøtiltak etter kvart, på https://www.fylkesmannen.no/Rogaland/Landbruk-og-mat/Miljotiltak/ 

Innovasjon Norge 

Innovasjon Norge vidarefører hovudsatsinga på fornying av mjølkebruk som har 15-30 årskyr. Det vert ikkje stilt krav til auka mjølkeproduksjon på aktuelle bruk, grunnlaget skal vere fornying av eksisterande driftsomfang. Ein ynskjer at investeringane er tilpassa naturlege føresetnadar på garden. Bygga må plasserast slik at det er godt tilrettelagt for aktivt beitebruk og med minst mogleg tap av jordbruksjord. Utmåling av tilskot har for dei siste søknadane har vore på pluss minus 20 prosent, høgast sats som har vore gitt er 22 prosent. Innovasjon Norge prioriterer også framleis driftsbygningar i tre, generasjonskifte, tilleggsnæringar i landbruket,gjødsellager og investering i økologisk fruktdyrking. Ordninga frå føregåande år om midler til bygg i tre er vidareført i 2019, og det kan gjevast opptil 150 000 kroner ekstra for bygg i tre. 

Nytt er at tilskot til ammeku går ut som prioritering, med unntak av midlar til generasjonsskifte. 

I år er det ikkje sett nokon søknadsfrist, men saker blir handsama fortløpande så lenge det er disponible midlar. Går du med tankar og planar eller treng meir informasjon om midler frå Innovasjon Norge, er det berre å ta kontakt! 

Ved behov for informasjon og hjelp til å kome i gang med landbruksbaserte tilleggsnæringar eller andre relevante tema knytt til etablering og nærings-utvikling, så får du dette hjå Medvind 24 Næringshage. Kontaktinfo til dagleg leiar Merete Vårvik Matre er: tlf 99 32 54 12, e-post merete@medvind 24.no 

Reko-ringen Haugalandet 

Er du nysgjerrig på å selga produkter frå garden direkte til forbrukar? Reko-ringen har starta opp på Haugalandet og er godt i gang! Reko-ringen gjev utmerka moglegheit til å testa ut markanaden og ein enkel måte og få seld produktet til forbrukar på. Utleveringsstad har vore i Haugesund. 

Reko-ringen fungerer som eit matfellesksap for eit avgrensa geografisk område. Bestilling og marknadsføring skjer i lukka Facebook- grupper som alle kan melda seg inn i. Matprodusentar og kjøparar møtest til avtalt tid og leverer ut det som kjøpar har bestilt via Facebook. Gruppen avtaler tid og stad for møte. Ved utlevering betalar forbrukar for sitt produkt direkte til produsenten. I praksis fortel matprodusenten om tilbodet på Facebook- veggen i ei annonse og opnar for moglegheit til å bestilla produkter. Forbrukar kommenterer kva kvantum han ynskjer, og godtar å plukke opp produktet til den prisen som er angitt. 

Tilskot til gjødsellager 

Mengde gjødsel per ku har auka som følgje av både endring i fôring, avdrått og fjøssystem. I eldre fjøs har ytelsen per ku auka mykje sidan fjøset og gjødsellageret vart bygd, høgare ytelse = meir møkk! Det meste av haustspreiinga skuldast manglande lagerkapasitet. Har du for lite lagerkapasitet, bør du vurdere å bygga nytt gjødsellager, nå som det er moglegheit for å få tilskot! 

Partnarskapet i Rogaland har vidareført ordninga med tilskot til bygging av gjødsellager i heile Rogaland også i 2019. Det er sett vilkår om støtte på inntil 20 % av kostnad og maks tilskotssats er på kr 100 000. Det er ingen søknadsfrist og Innovasjon Noreg vil handsama søknadane fortløpande. Det kan også løyvst tilskot til tak på gjødsellager dersom det ikkje er gitt tilskot til lageret dei siste 5 åra. Søknaden frå føretak med miljøavtale har same vilkår som før. Ein bør prøva å unngå å byggje på dyrka jord. Det blir lagt til grunn 12 mnd. Lager kapasitet for denne ordninga. Vilkår: Lagera skal vera ferdig bygde og tatt i bruk innan 12 mnd. frå tilsegn om tilskot. 

Nødvendig dokumentasjon for søknad til gjødsellager er : 

  • Oversikt over eksisterande lagerkapasitet for husdyrgjødsel 
  • Berekning av behov for lagerkapasitet basert på mengd produsert gjødsel, tilføying av vaskevatn, regnvatn (ved open kum). 
  • Tilbod/kalkyle over investeringa • Kart som viser plassering av gjødsellager i forhold til spreieareal for husdyrgjødsel 
  • Kommunen sin godkjenning etter plan og bygningslova og etter forskrift om organisk gjødsel 
Det er ikkje krav om driftsplan for dette tiltaket, og det er elles tilleggsvilkår for føretak med miljøavtale i Regionalt miljøprogram. Ta kontakt dersom du har spørsmål om tilskotsordninga eller treng hjelp til å søke. 

Endring av minstearealet for hjort 


Kommunen har hatt til høyring framlegg om nedsetting av minstearealet for hjort til 500 dekar teljande areal i heile kommunen og endring av forskrifta om adgang til jakt og minsteareal for jakt etter hjortevilt i Vindafjord kommune. Høyringsfristen var 25.02. Vedtak vil bli gjort innan 15.03. og vert offentleggjort m.a. på kommunen si heimeside. Saksdokument er tilgjengelege på https://www.vindafjord.kommune.no/natur-og-naring/vilt/hoyring-endring-av-minstearealet-for-hjort.473466.aspx 

Jakta 2018 - fellingsresultat 

Mykje tyder på at bestanden av hjort er på veg oppover igjen. Dette syner og igjen i fellingstala, som har vore aukande etter 2015. Under jakta 2018 vart det felt 726 hjort, mot 681 i 2017. Det meste som er felt av hjort i Vindafjord er 817 dyr i 2007. I 2015 vart det felt 590 hjort. 

Det vart felt 111 rådyr i 2018, mot 128 i 2017 og 141 i 2016. Det meste som er felt av rådyr i Vindafjord er 187 dyr i 2009. 

Søknadsfristar jakta 2019 

 Godkjenning av nye vald og bestandsplanområde, endring av vald, fråvik frå minstearealet, godkjenning av bestandsplanar: 1. mai 

Sett hjort 2018 

Kommunen har mottatt mange Sett hjort-skjema og slaktevekter, både på papir, e-post og på www.settogskutt.no. Takk til alle som har levert data! Det er ikkje for seint å levere, om du har nokre skjema du har gløymt å sende. Data vil bli registrert i Hjorteviltregisteret, og vert nytta i forvaltninga. Registeret er ope for alle på internett (www.hjorteviltregisteret.no). Der finn du Sett hjort- resultata og slaktevektene for 2006-2017. Data for 2018 er under registrering. Av dei rett utfylte skjema som vart registrert på settogskutt.no eller innsendt innan fristen, har kommunen trekt ut 5 vinnarar som vil motta ein bokpremie i posten. 


Rådyr og forhausting 

 Trykkrefleksen hjå rådyrkalvane er størst dei første 10 dagane og det går ennå mange dagar før kalven flyttar seg meir enn nokre få meter ved fare. Kalvingstida for rådyr i Norge reknast frå midten av mai til midten av juni. Det betyr at første slåtten overlappar med kalven sin mest kritiske levemånad. Rådyrkalvar tatt av landbruksmaskinar vert påført stor liding. Det kan og vere ei stor psykisk påkjenning for dei som haustar. Restar av daude dyr i det hausta foret kan medføre utvikling av giftstoff og fare for forgifting av husdyr. I tillegg vert den jaktbare bestanden redusert. Forsøk i Sverige har vist at oppsetting av skremsler, som høge pålar med plastsekker, 1-2 dagar før hausting har vist seg å ha god verknad for å få mora til å flytte kalvane. Dette er ein enkel metode som kan vere verd å prøve på felt der ein kan vente at det ligg rådyrkalvar i graset. Obs! Viss skremselet vert hengt opp for tidlig, kan rådyra ha komme tilbake igjen til feltet før haustinga.

Aktivitet i skogbruket 2018 

I 2018 er det innmeldt i virkesdatabasen (VSOP) avverking av 16848m3 virke til ein verdi på kr. 6.769.755. Av dette utgjorde gran 14986m3 (89%) og 1173m3 furu (7%). Det vart og innmeldt 225m3 vedvirke og 297m3 energivirke til flis. I pilotprosjektet om planting av klimaskog vart det planta 499 dekar fordelt på 15 eigedommar. I tillegg vart det planta 411 dekar som ordinær planting etter hogst. Det vart ikkje registrert utført ungskogpleie i 2018. 

Skogplanting 2019 

Det vert stadig meir vanleg at plantearbeidet vert utført av profesjonelle aktørar, som tar seg av både plantebestilling og plantearbeidet. Ofte vert avtale om planting inngått i samband med avtalen om hogst. 

Dersom du har hatt bartrehogst vinteren 2018 eller tidlegare og ikkje har gjort avtale om planting, er tida inne for å bestille planter nå! Ta kontakt med entreprenør eller kommunen så snart som råd. Dersom du tenker å plante sjølv, ta gjerne kontakt med kommunen om bestilling og val av proveniens. Vi har og noko planteutstyr til utlån. Hugs at hogstflaten må vere sett i ny produksjon innan 3 år etter hogst. 

Med tilskot og bruk av skogfond (85% skattefri del ved investering i skog) er etablering av ein ny generasjon gran, noko av det mest lønsamme du kan gjere i eigen skog! Tidleg vårplanting gir plantene ein god start med lang vekstsesong og god tid til å etablere eit robust rotsystem før vinteren. Tidleg haustplanting kan vere eit alternativ. Kontakt Gitte Halvorsen, tlf. 53 65 61 29, for råd og info. 

Aksjon skogkultur 2019 

 Vindafjord, Tysvær og Sauda kommunar har fått tilskot frå Fylkesmannen til eit felles prosjekt innan skogkultur. Ein skogpådrivar vil kontakte skogeigarar med unge plantefelt og tilby rådgjeving om stell av ungskogen, tilskot, skogfond, ev. anna. Ta gjerne sjølv kontakt med kommunen om du ønskjer. 

Når ny forynging er etablert på ei hogstflate, er det viktig å halde kontroll på konkurrerande vegetasjon. Planter som vert ståande for lenge under annan vegetasjon, vil begynne å sture, ev. få skadar på toppskot/greiner eller i verste fall dø. Produksjonstapet i den tida dei står undertrykte vil aldri takast igjen og tida fram til hogstmodne tre vert forlenga. Det er derfor svært viktig å følgje opp plantefelta med ungskogpleie i rett tid. Med tilskot og høve til bruk av skogfond med skattefordel er avstandsregulering og lauvrydding av det mest lønnsame ein kan gjere i eigen skog. Det er og lønsamt for samfunnet og positivt for klimaet. 

Organisere beitelag? 


Utmarksbeiting i Norge foregår i stor grad i regi av beitelag som organiserer flere beitebrukere innenfor et definert utmarksbeiteområde. Tilskot til tiltak i beiteområde skal bidra til god beitebruk gjennom infrastruktur i beiteområda. 

Formålet med tilskotet er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda. På landbruksdirektoratet sine nettsider finn du meir om desse ordningane. Søknadsfrist 15. mars 2019.

Vinterlandbruksskulen i Ryfylke 

Vindafjord Skuleåret 2019 – 2020

Agronomutdanning for vaksne PÅ EITT ÅR ! Skulen er skreddarsydd for den som vil drive gard:

  • Landbruksfag, naturforvaltning, biologi, fordjupningsfag
  • Ekstra småkurs i tillegg til agronompensumet 
  • Fagturar i inn- og utland
  • Godt og inspirerande klassemiljø 
Undervisningstid: Sidan elevane ynskjer å kombinere arbeid og skule, tilpassar me undervisningsstida til det ved å legge den til; to kveldar og ein dag i veka og ein laurdag i månaden. Meir info; www.vlr.no kontor@vlr.no tlf 907 28 784


Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips