Startar lokal handelsring

-Det er viktig å støtte dei som prøver å produsere lokalmat i mindre skala. Dette ønskjer me å legge til rette for, seier Åse Hjelmervik frå Skånevik som saman med vatsbu Camilla Torland Velde står i bresjen for den nyoppretta REKO-ringen i Etne og Vindafjord.

Image
Camilla Torland Velde er ein av initiativtakarane til REKO-ringen i Etne og Vindafjord. Sjølv leverer ho kjøt til fleire REKO-ringar frå garden i Vats. Foto: Privat.

REKO-ringen Grannardistriktet

  • Kjøp og sal av eigenproduserte matvarer utan mellomledd
  • Annonsering av varer og førehandsbestilling skjer via Facebook-gruppa REKO-ringen Grannardistriktet 
  • Første utlevering av varer er 22. juni, frå klokka 18.00 -18:30 i Etne, på parkeringsplassen ved Felleskjøpet og Coop Extra, og i Ølen frå kl. 19:15-19:45, oppmøtestad vert annonsert på Facebook-gruppa

Nyleg vart Facebook-gruppa REKO-ringen Grannardistriktet starta, og på ei lita veke har den fått om lag 1600 medlemmar. Initiativtakarane for den lokale handelsgruppa er spente på utviklinga framover.

- Me har fått ein overveldane respons på Facebook-gruppa, og nå byrjar me få inn ein del produsentar og, fortel Hjelmervik.

- Dette er kjempebra. Sjølv om REKO-ring ikkje er eit nytt konsept, er det framleis ein del som ikkje veit om det, så det er kjekt å dele med fleire, legg Torland Velde til.

REKO-ring er ein enkel distrubusjonsmodell for matvarer mellom lokale produsentar og kjøparar. REKO står for Rejäl Konsumtion, som på norsk blir Rettferdig Konsum, og er basert på at handel føregår utan mellomledd og produsenten tek heile fortenesta sjølv.  Primærprodusentane annonserer kva dei kan tilby, ofte via ei Facebook-gruppe,  og kjøparar førehandsbestiller ønska mengde i gruppa. Sjølve utleveringa av varene skjer fysisk med fast oppmøtetid og stad kvar månad.

Utlevering på parkeringsplass

Image
Åse Hjelmervik har lenge vore på tanken om ein lokal REKO-ring, og bestemte seg for å setje draumen ut i live nå i mai. Foto: Privat.

Første utlevering er planlagt til måndag 22. juni, frå klokka 18.00 til 18.30 ved parkeringa til Felleskjøpet og Coop Extra i Etne og i Ølen frå 19:15- 19:45. Hjelmervik og Torland Velde  jobbar med å avklare utleveringspunkt i Ølen, og informasjon om dette vil bli lagt ut i Facebook-gruppa. Utleveringsdagane elles kjem til å vere ein tysdag i månaden på dei same stadene. Ved utlevering vil dei ta omsyn til smittevern i forhold til koronasituasjonen og passe på at produsentar og handlande skal få sikker avstand frå kvarandre.

- Me vil legge til rette for at produsentane parkerer med ein viss avstand mellom kvarandre og at kundane vil få tilstrekkeleg med plass til å stå trygt i kø. I tillegg blir det sett fram bord der handsprit er tilgjengeleg. Betaling skjer nå kun via Vipps, fortel Torland Velde som har erfaring frå REKO-ringane på Haugalandet og Stord, der ho sjølv leverer kjøt frå eigen gard og er administrator av gruppa for Haugalandet.

Søkjer lokale leverandørar

For at REKO-ringen skal fungere må det vere ein kombinasjon av varierte produkt og produsentar, i tillegg til tilstrekkeleg med kundar. Hjelmervik og Torland Velde håpar lokale produsentar vil vere med i den nye gruppa for Vindafjord og Etne.

- Eg har oversikt over 40 potensielle produsentar, ein del av dei er frå Haugalandet. Me er stadig på leit etter fleire produsentar i Grannardistriktet som me kanskje ikkje kjenner til enno, seier Torland Velde og legg til at det kan anten vere nokon som sel i små omfang nå og ønskjer å skalere opp produksjonen eit hakk, eller det kan vere nokon som går med ein draum om å selje noko eigenprodusert.

- Desse omgivnadane er ein fantastisk plass å starte, legg ho til.

Sakna lokalt tilbod

Hjelmervik har lenge vore på tanken om ein lokal REKO-ring, og bestemte seg for å setje draumen ut i live nå i mai.

- Eg har lenge tenkt på å starte noko lokalt, og luftainteressa med både venner og kjende. Den næraste REKO-ringen me har hatt er i Haugesund og somme stunder kan det følast litt langt, både for kunde og produsent. Eg fekk avklart med bruk av parkeringsplass og fekk med meg Camilla, og då var mykje gjort, seier Hjelmervik som kjem til å stille som både produsent og kunde. På garden ho snart overtek etter foreldra i Skånevik dyrkar ho blant anna jordskokk.

Forutsigbar handel

Begge rosar dei den enkle handelsmodellen og stabiliteten den bringer med seg.

- For små lokale, produsentar er dette ein god måte å få seld varene sine på. At det kun er førehandsbestilling gjer at ein har kontroll på kor mykje ein må produsere eller ta med av matvarer og kan sleppe å ha mykje til overs. Det er heller ikkje krav om å binde seg til å levere kvar gong og det er gratis å vere med, fortel Hjelmervik. Det er helst eigenproduserte matvarer ein kan selje, men også bi-produkt er lov.

- Sel du geitost, kan du også ta med geiteskinn og selje, men det må vera relevant til det du leverer som produsent, slår Torland Velde fast.   

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips