Skakkekokken med Olalia-prosjekt 

 Skakkekokken Roy Martin Øyjord satsar på matopplevingar og arrangement på Olalia Fjellstove. 


Skakkekokken Roy Martin Øyjord gler seg til å opne for servering og aktivitetar på Olalia. (Foto: Skakke Røykeri)


–    Heilt sidan hytta vart opna der oppe har eg vore sporadisk med på dugnad, som vertskap og hatt ein del kjekke kokke-prosjekt. Ofte har eg tenkt at her kunne me fått til meir, det er ei flott hytte som ligg slik til at dei aller fleste kan nå inn til den, fortel Roy Martin Øyjord som driv Skakke Røykeri saman med  dagleg leiar Jurgita Folkedal. 


Skakkekokken meiner det er viktig å ta i bruk kortreiste råvarer. (Foto: Skakke Røykeri)


Skreddarsyr pakkar

Olalia Fjellstove er den største hytta til Haugesund Turistforening og har 45 sengeplassar. No har Øyjord inngått samarbeid med turistforeininga for å kunne tilby matopplevingar med kortreiste produkt og aktivitetar for både næringsliv og private. Målet er å kunne arrangere både bedriftsturar, kurs, konferansar, selskap og bryllaup, med stor vekt på matopplevingar, til fjells. 

–    Det er kjekt å ha arrangement som er litt annleis enn å ha kurs eller konferanse på eit hotell. Folk blir litt annleis når dei får av seg finskorne, og på med ullsokkane. Det er heller ingen nattklubbar å springe ut på, så alle blir samla heile tida. Me skreddarsyr dei pakkane som folk ynskjer, hovudsesongen er frå april til november, men me skal og kunne ha tilbod hele året, fortel Øyjord.

Endring i drifta

Skakke Røykeri har hatt utfordringar med både korona og brann i produksjonslokala det siste året, og har difor endra drifta. Produksjonen av laks og aure er redusert ned til ein fjerdepart, og dei leverer ikkje til kjedebutikkar lenger. I staden skal dei selje produkta sine på K-Fisk i Haugesund, Åkrafjordtunet, i Reko-ringen, på Fisketorget i Stavanger og i sin eigen butikk for å nemne noko. Driftsendringa gav også rom for å tenkje nytt på Olalia. 

– Me tenkte at her er det mogleg å skape noko nytt. Me likar godt å lage mat, og på Olalia vil me prøve å ha lokale sesongvarer så langt det let seg gjere. Me vil og ha fokus på gamle konserveringsmetodar, og kurse folk i matlaging. Her kan ein altså både ete maten me lagar, men og lære om matkunst og matkultur. 


Olalia Fjellstove er den største hytta til Haugesund Næringsforening. (Foto: Lars Kristian Gjerde)



Lange mattradisjonar

Skakkekokken er oppteken av mattradisjonar heilt tilbake til vikingtida, og ynskjer at gjestene på Olalia skal få smaken av korleis ein på ein enkel måte kan lage god mat frå botnen av, og då gjerne med kortreiste produkt. 

– Me vil og ha kurs i til dømes sider-smaking av norsk sider, der me også fortel litt om særpreget til dei ulike regionane og produsentane. 



Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips