Set truleg grill-rekord

Sommaren ser ut til å bli ein rekord-sesong for sal av grillmat. - Mange blir mykje heime i sommar, og får betre tid til å lage god mat i hagen, seier dagleg leiar for Fatland Salg, Reinert Horneland. 

Image
- Eg trur det handlar om at folk er meir bevisste på lokal og kortreist mat som held god kvalitet, folk betaler gjerne litt ekstra for å få god kvalitet på grillen, meiner dagleg leiar for Fatland Salg, Reinert Horneland. 


Etter ein litt dårleg start på året for daglegvarebutikkane har salet av mat og drikke gått kraftig opp under korona-tida. Horneland trur mange vil nyte sommaren i hagen, med god mat på grillen, og spår at sesongen blir særs god for daglegvarehandelen. 

- Været speler sjølvsagt noko inn, men slik det ser ut no så har salet auka betrakteleg frå i fjor, sjølv om eg ikkje har tal på bordet endå. Eg trur nok maten er noko av det siste folk sparer på om sommaren, seier Horneland. 

Vil ha kvalitet 

Han ser ein tydeleg trend på at salet av ferske burgarar, spareribs og spesialpølser har auka dei siste åra. Tida då det berre låg grillpølser og frosne koteletter på grillen er forbi.

- Eg trur det handlar om at folk er meir bevisste på lokal og kortreist mat som held god kvalitet, folk betaler gjerne litt ekstra for å få god kvalitet på grillen. Me samarbeider med mange av desse småprodusentane som legg ned ein kjempejobb. 

- Kanskje har også korona-tida gjort at folk blir meir opptekne av norskprodusert mat, meiner Horneland. 

Horneland er sjølv glad i å grille, og tar gjerne barna med i matlaginga, noko han trur er bra for å lære opp neste generasjon i å smake varierte smakar og lære seg korleis ein lagar mat frå botnen av. 

- Samanlikna med mange andre europeiske land så er me nok framleis enkle i matvegen, men me er på veg, me blir stadig meir interesserte i nye smakar. For ungane er det også viktig å sjå tradisjonsmat tenkjer eg, me prøver å lage mat frå botnen av når me har sjans, slik at dei får sjå det og. 

- Men eg skal vedgå at det helst blir i helger og feriar, seier Reinert Horneland og ler. 

Kraftige idear 

Skal han gi eit stalltips for grillsesongen så er det heilgrilling av biff. 

- Dersom du legg biffen på hard varme til å begynne med og sikrar den gode steikeskorpa så kan du bruke eit steiketermometer for å få den perfekt stekt, det er vel noko av det som er enkelt å imponere med, fortel han og minner om at biffen må kvile nokre minutt etter at grillinga er ferdig. 

Horneland brenn for norsk kjøttproduksjon, og at ein skal nytte heile dyret. Framover vil Fatland fokusere på korleis ein kan utvikle gode produkt av kraft som er kokt på kjøttbein, noko han trur få driv med ved kjøkkenbenken i dagens samfunn. 

- Dette er noko me har veldig lyst til å få ut på marknaden, me må berre gjere folk bevisste på kvifor det er viktig med god kraft. Det er jo løyndommen til mange kokkar, det er jo krafta som ofte gir den gode smaken. 

Fatland er også med på den nasjonale dugnaden i bransjen for å redusere saltmengda i maten. 

- Me har blant anna laga saltfattig spekemat som er blitt veldig populær, utfordringa med mange produkt når ein tar vekk mykje salt er sjølvsagt kor lenge maten held seg. Me må finne ein god balanse på det. 

Vegetar-alternativ

Sjølv om kjøtprodukt er og blir primær-produktet til Fatland har dei også utvikla og importert fleire vegetar-produkt som ein kan legge på grillen. 

 - I fjor hadde me til dømes ein rødbetburger som var veldig populær, dette er heilt klart ein trend me må ta del i, og som er viktig for mange kundar, men det blir nok aldri hovudfokuset vårt, meiner Horneland.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips