Heidra for mangesysleriet

Etter at Anita Øvregård og mannen tok over garden i Imsland, har dei utnytta småbruket til fulle. Alt frå mjølke- og flatbrødproduksjon til aktivitetstilbod finnest på eitt og same tun. Det har resultert i Landbrukets heiderspris. 


"Larsastova" er eit aldri så lite hjarte på garden;  dette er basen for dei fleste besøka på tunet, i tillegg til å vera produksjonsstad for dei heimelaga flatbrøda. Om ikkje lenge skal "stova" byggjast om, og mellom anna få kafè på loftet. 

Sidan 2005 har fylkesmannen i Rogaland delt ut prisen, og for første gong var det ei kvinne som var mottakaren. 

- Prisen skal gå til ein eller fleire som har gjort ein positiv innsats ut over det ein normalt kan vente, heitte det i grunngjevinga

Akkurat det må seiast å vera ei underdriving når det gjeld årets vinnar. 

For Anita Øvregård er mangesysleriet blitt ein livsstil, og garden i Imsland, som i utgangspunktet var eit mjølkebruk, er utnytta optimalt; Inn på tunet, flatbrødproduksjon, kurs i steinovn-baking, juleverkstad, open dag, seks sau og nokre hestar. I tillegg kjem mjølkeproduksjonen som framleis er grunnlaget for drifta. 

- Det handlar om å skapa noko i bygdene. Bevara dei mange småbruka og utnytta alle moglegheiter som finnest med matproduksjonen som grunnlag, seier Anita, som opphaveleg er frå Skjold. 

Planen var eigentleg å busetja seg i Haugesund. I 2002 var ho ferdig utdanna sjukepleiar, og saman med ektemannen hadde ho kjøpt seg hus i «byn». Då kom spørsmålet om dei ville overta garden etter besteforeldra hans i Imsland. 

- Det blei opp til meg om me skulle overta eller ikkje, og eg var aldri i tvil. Me flytta inn like før sommaren, og eg hadde eigentleg planlagt å ta litt ferie. Men det blei ikkje så mykje av dei planane, ler ho. 

I femten år har Øvregård levert elitemjølk, og 9. april skal Anita og mannen Tore motta Sølvtina for innsatsen. 


Ved overtakinga hadde garden ein sovande mjølkekvote, og Øvregård tok opp mjølkedrifta att. Parallelt med gardsdrifta arbeidde ho også på Vindafjordtunet som sjukepleiar, og i 2007 gjennomførte ho agronomutdanninga gjennom Vinterlandbruksskulen. 

- Eg hadde lenge tenkt på korleis eg kunne kombinera dei to yrka, og ønska å leggja til rette for meir aktivitet her på garden. Gjennom Vinterlandbruksskulen blei eg betre kjent med «Inn på tunet»-ordninga, som innebar mange av dei same verdiane som eg ønska å tilretteleggja for på garden, fortel Øvregård. 

Med støtte frå kommune og bondelag kunne Anita for første gong ønskja menneske med demens «inn på tunet» som del av eit dagtilbod. Kvar tysdag kjem bussen med seks besøkande; vaksne og eldre heimebuande med demens, som har dette besøket som ein fast kvardagsaktivitet. 

- Målet for tilbodet er livskvalitet, meistringskjensle, det sosiale, og den gode drøsen. Mange av dei er vaksne opp og har budd store deler av livet på ein gard. Her kjem dei inn i eit kjent miljø, og tar del i heilt vanlege kvardagslege aktivitetar; me lagar mat, bakar krotakake, ser etter dyra, et saman, steller kanskje litt på tunet, og pratar om laust og fast, no og før i tida, fortel ho. 

Frå 2020 blir det ei lovpålagd oppgåve for kommunane å tilby aktivitetar på dagtid for denne målgruppa. Øvregård ser dermed ikkje bort i frå at det kan bli fleire besøk på tunet. 

Alle besøkande på tunet er innom «Larsastova». Det vesle huset på garden har dei siste åra vore basen for besøka på garden i Imsland. I tillegg er det også produksjonsstad for Øvregård sitt heimeproduserte flatbrød. 

Det er etter kvart ganske mange som har vore innom "Larsastova" på garden: anten for bakekurs eller ein smak på heimelaga flatbrød. 

- Eg melde meg på eit kurs i takkebakst på Matsmiå, og det høyrest kanskje litt rart ut, men frå første stund merka eg at dette var noko som fall veldig lett for meg. Ikkje minst var det også utruleg kjekt. Etter det baka eg først og fremst til familie og vener, men dei klarte ikkje eta opp alt, så då måtte eg tenkja litt større i distribusjonen, seier Anita og smiler.  

Mellom 2000 og 5000 flatbrød blir produserte på garden og selde via butikkar i Vindafjord, hjå Kristian Helgesen i Haugesund og direkte frå garden. I tillegg kjem sal gjennom REKO-ringen Haugalandet. 

Aktivitetskalenderen på garden er mildt sagt innhaldsrikt: Kursing i pizza- og brødbaking, juleverkstad, spinnekurs og Volvo-treff. Til sommaren aukar besøket når fleire busslaster på rundtur i Ryfylket stansar innom tunet for omvising og bevertning av tradisjonell husmannskost laga på garden. 

Truleg vil aktiviteten på tunet auka på i åra som kjem. For tida går Øvregård med tankar om å auka opp dyretalet med nye storfe av den bevaringsverdige rasen Vestlandsk raudkolle. Samtidig er det planar om utviding av Larsastova, med større kjøkken for flatbrødbakst, og ein liten kafè på loftet. 

- Eg har stor arbeidslyst, og gler meg over alt eg held på med her på garden. For min del er det også ein viktig jobb å gjera for å ivareta landbruket i distrikta, og synleggjera dette på ein positiv måte, seier Øvregard. 

9. april ventar ny prisutdeling. Då skal ho og mannen motta Sølvtina for 15 års leveransar av elitemjølk til Tine. 

- Eg er stolt bonde og matprodusent, og er veldig glad i jobben min. Det blir stor stas å få motta Sølvtina.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips