«Møllo» feirer 100 år

Samvirkelaget Etne Bygdemølle blei stifta i Etne for hundre år sidan og det vil dei markera med open dag onsdag 18. september.


På onsdag i komande veke er det duka for open dag der samvirket Etne Bygdemølle skal markera 100-årsjubileet. 

Fiskå Mølle

  • Markerer på onsdag 18. september frå kl 12:00 at det er 100 år sidan stiftinga av Etne Bygdemølle 
  • Under markeringa vert det kåseri, grilling, foredrag og omvisning i lokala til Fiskå Mølle på Tongane i Etne
  • Fiskå Mølle har 10 tilsette, snart 11 
  • Produserte i 2018 26 tusen tonn 
  • Hadde ei omsetting 124 millionar same år

-  Det skal vera ein dag der mølla er open for alle, ikkje berre bønder, fortel dagleg leiar i Fiskå Mølle, Kjersti Granmo Nerheim. Ho legg til at det vert grillmat, kake, kåseri og faginnlegg. 

-I tillegg kan dei som vil få moglegheit for å sjå seg rundt i lokala på Tongane og høyre om produksjonen dei driv der. 

-  Tanken er at alle som vil skal kunne stikke innom når det passar, og få med seg det dei syns er interessant eller berre litt kake og drøs, seier Granmo Nerheim. 

Stadig i vekst 

Fiskå mølle har gjort ein god del utbyggingar sidan 1993 og for tida held dei på å montera tre nye store siloar. 

- Me har 10 store siloar allereie, men med tre nye vil me ha moglegheit til å kunne få frakta tre råstoff med båt i staden for bil, fortel Granmo Nerheim. 

Marknadsområdet har stadig blitt utvida og i dag leverer dei kraftfôr i Bergensområdet, Voss og delar av Sogn og fjordane i tillegg til Etne og omegn. Fiskå Mølle har fokus på lokal produksjon og bruk av norsk korn i kraftforet sitt. 

Starta på Håfoss

Mølla på Håfoss på 1920-talet. 

Den fyrste sekken med korn vart malt i februar 1923. Då stod mølla ved Håfoss klar og Torgeir Steinstø var møllemester. Mølla var opphavleg eigd av bøndene sjølv og formålet var å kunne male sitt eige korn. I 1964 starta dei med kraftfôrproduksjon for fyrste gong, og i 1992 blei det inngått eit samarbeid med Fiskå Mølle om eit nytt moderne anlegg for kraftfôrproduksjon på Tongane i Etne. 

–Tida var inne for å oppgradere  og frå dette tidspunktet har mølla vore eigd av Etne Bygdemølle Eigarlag i samarbeid med Fiskå Mølle, fortel Granmo Nerheim. 

Alle bønder som handlar for over 10.000 kr i året kan bli andelseigar i mølla. Det er omlag 80 bønder som eig til saman 49 % av mølla per i dag. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips