Leverer meir til butikkane

Både Fatland og Nortura har hatt betydeleg auke i salet av daglegvarer på grunn av koronakrisa, samstundes er tapet til serveringsmarknaden stort.  

Image
Dei lokale slakteria har sett ein auke i salet til daglegvaremarknaden i koronakrisa. 


Koronakrisa rammar oss hardt, og mange har endra vanar og kvardag. Med stengte restaurantar, kafear og hotell har auken i daglegvarehandelen vore sterk, noko også dei lokale slakteria merkar på statistikken.

- Det stemmer at me har auke i salet til daglegvarekjedane, men tapet i serveringsmarknaden er samstundes utruleg stort, seier Britt Randi Stokkevåg som er fabrikksjef ved Nortura Sandeid.

I Sandeid slaktar Nortura både gris, storfe og småfe. Stokkevåg peikar på at salet av daglegvarer som pølser og råvarer til middagar veks mest i den unormale perioden me er inne i no.

- Det er tydeleg at folk har brukt meir tid på kjøkkenet den siste månaden, varene våre som er haldbare lenge har også fått ei solid auke, fortel ho.

- Når det gjeld påskesalet så er det kvitt kjøt og egg som er vinnarane blant våre produkt med ei auke på over 10 prosent samanlikna med fjorårets påske, slår Stokkevåg fast. 

Lagar meir mat heime

Dagleg leiar ved Fatland i Ølen, Svein Fatland støttar teorien til Stokkevåg om at folk no lagar meir mat heime. Han viser til at salet frå Fatland og ut til butikkane har auka med 25 prosent på grunn av korona-situasjonen.

- Me har ikkje mykje levering til serveringsstadane, så me merkar ikkje den nedgangen på same måten. Men det er tydeleg at kvardagsendringane våre er merkbare i daglegvarehandelen. Svenskehandelen har stoppa opp, folk kan ikkje gå ut for å ete middag, dermed lagar dei meir mat heime, meiner Fatland.

- I sommar vil jo og alle nordmenn truleg feriere i Noreg, det vil og truleg vise igjen.

Britt Randi Stokkevåg trur også denne krisa fører til at folk handlar meir norsk mat, og at forbrukaren blir meir oppteken av norsk landbruk og kortreist mat.

- Det er eg nokså overbevist om, og det er i så fall noko positivt som kan kome ut av situasjonen, meiner ho.

Utanlandsk arbeidskraft

Historia til familiebedrifta Fatland er lang, og strekkjer seg tilbake til det første slakteriet Fatland bygde i Sandeid midt på 1930-talet. Mykje har endra seg etter dette, på 1990-talet kjøpte blant anna Fatland opp alle aksjane i Skjeggerød AS, som også gav marknadstilgang til daglegvaremarknaden. I dag arbeider det totalt 550 tilsette på avdelingane i Ølen, Oslo, Sandefjord og Jæren. Slakteriet til Fatland i Ølen er avhengig av utanlandsk arbeidskraft, blant anna frå Polen og Litauen, for å få det til å gå rundt. Med unntak av 10 tilsette som tidlegare i vår vart sett i karantene så har dei trass i korona-krisa klart å ha nok folk på jobb. Også framover sommaren må dei belage seg på at det blir karantene for sesongarbeidarane, og dermed ei ekstrautgift med lønn og bustadutgifter for innleigd personell i karanteneperioden.

- Det blir spanande å sjå utover sommaren, når ein eventuelt får lov til å reise ut av landet, og korleis restriksjonane blir for å reise mellom ulike land, meiner Fatland

- Me håpar jo at fleire lokale også ynskjer å arbeide her, det gjeld for så vidt ikkje berre sesongarbeidarar, me er stadig på jakt etter folk frå ulike bransjar. Rekruttering er i utgangspunktet ei utfordring her lokalt, der arbeidsløysa på det jamne held seg låg.

Nortura på si side har færre tilsette som kjem frå utlandet, men dei har tradisjonelt behov for å hente inn om lag 20 arbeidstakarar på hausten , i lammesesongen. I år håpar også Stokkevåg at ei auke i arbeidsløysa her heime kan føre til at fleire ser på slakterijobbane i høgsesongen som aktuelle.

Strenge smittvernstiltak

Begge slakteria har sett i gang mange smittevernstiltak, ikkje minst for å unngå at dei som arbeider i produksjonen blir sjuke. Målet er å halde hjula i gang så godt ein klarer det.

- Me har blant anna innført heimekontor for alle dei som kan ha det, i tillegg har me køyrereglar for korleis ein gjennomfører lunsjen, me er litt motstraums og har kantina open for alle som arbeider i produksjonslokala, der all mat blir servert. Dei andre må ete niste på kontorplassen sin. I tillegg er det naturlegvis sterkt fokus på reinhald, fortel Britt Randi Stokkevåg i Nortura. Avdelinga i Sandeid har 68 årsverk.

- I tillegg er det viktig at sjåførane ikkje tek unødvendige risikoar, dei hentar no til dømes dyr utan at bonden treng å skrive under. Stokkevåg peikar på at smittevernstiltaka også har gitt positiv utvikling i det generelle sjukefråværet.

-Me har eit lågt fråvær i utgangspunktet, med berre 2,7 prosent. Men no er det verkeleg få som blir sjuke av vanlege årsaker som influensa eller anna smittsam sjukdom, det er jo gledeleg midt i alt, meiner ho.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips