- Ein finn ikkje skulebollar på nett

Hos Christiansen Bakeri & Konditori vert det steikt fleire og fleire skulebollar for kvar dag som går. Dei er faktisk blitt så populære at dei er heilt i salstoppen hos bakeriet i Ølen. 

Image
Dagleg leiar Anne Karen Strand Eikeland rosar kundane som har vore flinke å handle lokalt, spesielt under konronasituasjonen. Foto: Kristian Risanger


Dagleg leiar i Christiansen Bakeri og Konditori, Anne Karen Strand Eikeland, steiker bollar som aldri før og trur at det er fleire grunnar til at skulebollane sel veldig godt for tida.

- Me lagar bollane heilt frå botn av og det er så lokalt som det kan få blitt. Me brukar den gamle oppskrifta som Christiansen er kjend for og det er mange som har kjennskap og gode minner til dette bakstverket, fortel Eikeland. 

Ho trur også at desse koronatidene me har vore inne i kan ha påverka korleis kundane har handla dei siste månadane. 

Image
Skulebolla gjer seg gjeldane som bestselgaren hjå bakeriet i Sjoargata. Foto: Kristian Risanger. 

- I koronatidene var kundane flinke til å handle lokalt og å støtte kvarandre og det har vore heilt fantastisk kor flinke folk har vore, fortel Eikeland og fortset:

- Det har gått opp for lokalfolket at me faktisk har mykje bra å tilby her i nærområdet og at ein ikkje treng å handle alt frå nettet, ein finn nemleg ikkje skulebollar på nett, fortel den daglege leiaren. 

Då koronatiltaka blei sett i gong i Norge stengde aldri Christiansen Bakeri & Konditori dørene. Dei reduserte opningstidene og forholdt seg til reglar som var påkravd frå helsemyndigheitene og merka at det blei ein nedgang i sal, men dei klarte å helde hjula i gong med levering på døra til kundane.

- Me fekk ein del bestillingar på levering både til heim og bedrift. Det gjekk mykje i brød, bakst, kaker, påsmurd som smørbrød, kyllingblings, pizza, og meir. Folk vart råda av helsestyresmaktene til å halda seg heima, og då ville mange unne seg noko godt. Det var utfordrande tider som alle merka, men eg håpar at hjula byrjar å spinne skikkeleg i gong nå. Me merkar allereie at det er fleire og fleire kundar som kjem inn på kafeen. Det er ein fin møteplass for kundane der dei kan sitje å ete baksten vår, eller ein god lunsj samt å ta ein god kopp kaffi, seier Eikeland og legg til at mange kjem innom dagleg og kjøper ein lunsj for å ta med seg tilbake til arbeidsplassen sin.

Både styreleiar Magne Christiansen og Anne Karen Stand Eikeland er aksjonærar i aksjeselskapet Christiansen AS, som står bak bakeriet. Det er med andre ord ei gammal merkevare i Ølen som lyser opp i Sjoargata. Det var nemleg Olav Christiansen, Magnes oldefar, som opna Christiansen bakeri i 1935. 

Gammal kjenning tilbake

- Etter at far min, Ove Christiansen pensjonerte seg i jobben på Fatland i juni 2019, byrja han å baka alt av bollar i bakeriet. Me reklamerte for dette etter sommaren i 2019. Det var då salet av spesielt skulebollar byrja å ta av. Dei var noko av det bakeriet var mest kjende for i «gamle» dagar, forklarar styreleiar i Christiansen AS, Magne Christiansen. 

Image
Bakeriet i Sjoargata har lenge vore ein turistattraksjon og fast stopp for mange gjennomreisanade. Foto: Kristian Risanger.

Christiansen legg også til at av dei produkta som blir selde på bakeriet var skulebollar på ein 6. plass på mengde selde før far hans, Ove, byrja å baka igjen. Før nyttår gjekk skulebollane til topps over mest selde produkt. Ballen har framleis berre så vidt begynt å rulla og frå andreplassen av mest selde produkt er det 1200 selte skulebollar opp til førsteplass.

- Det skaper litt utfordring, det tar litt tid å heva og steika nye, sånn at neste kunde skal få rykande ferske bollar, men sånn er det med ferskvare, fortel Christiansen. 

Turistatteraksjon

Bakeriet i Sjoargata har lenge vore ein turistattraksjon og fast stopp for mange gjennomreisande. Eikeland merkar at turistane byrjar å komma tilbake att. 

- Det er kundar frå sørfylket, Suldal, bergensområde og endå lengre nord. Det merkar me på dialekta deira. Tidlegare har det vore mykje turistar frå blant anna Danmark og Tyskland, og me merkar at dei er borte. Me har ikkje måtta snakka engelsk på ei stund. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips