Spadetak for vekst 

Hatteland Group satsar på nytt miljøbygg i Aksdal for å støtte vidare vekst.

Image
Konsernleiar i Hatteland Group, Stig Hatteland, fekk æra av å ta første spadetaket på tomta til kontorbygget som skal reisast i Aksdal Næringspark. Foto: Kristian Risanger.


Med eit krafttak vart første spadetak tatt i tomta til det nye Hatteland-bygget i Aksdal Næringspark onsdag denne veka. Bygget skal huse Hatteland-selskapa RamBase, Inosa og Ydra. I tillegg skal Ydra bygge eit testsenter i samme bygget. 

Image
I 2022 står eit nytt, moderne Hatteland-bygg. Bygget rommar 170 kontorplassar. Illustrasjon: Holon. 

- Me gler oss til bygget står ferdig, og det er etterlengta sidan me allereie har vakse ut av lokala me har nå, seier Stig Hatteland, konsernleiar for Hatteland Group, som fekk æra av å ta første spadetak med ein 50-tonnars gravemaskin frå Risa. Han fortel at dei har tilsette som sit på kontor på både Raglamyr, Husøy og Frakkagjerd og at denne tomta i Aksdal er nokså sentral mellom desse punkta. Då får ein samla dei tilsette utan at det blir så langt å flytte. 

Bygget skal etter planen vere klart for innflytting i første kvartal 2022. 

Satsing trass pandemi

Spadetaket blei tatt sjølv om verda står midt i ein global pandemi som for mange bedrifter byr på utfordingar, Hatteland meinar derimot det er lurt å bruke denne tida på å ruste seg for vidare vekst. 

- Denne plassen er ikkje ei eigedomsinvestering, det er tilrettelegging for at selskapa skal kunne vekse. Sjølv om 2020 og 2021 er usikre år, er det ein midlertidig periode sett i det lange løp. Ein av dei store risikoane med denne situasjonen er at ein ikkje investerer, fortel Hatteland.

Hatteland Group består i dag av fire selskap med eit breitt spenn i tenester. Dei fire selskapa melder at dei i løpet av 2019 har hatt ein auke i tilsette på 32 prosent, og at dei satsar på vidare vekst. 

- Me kunne ha venta med bygget, og det hadde vore ei behageleg avgjerd, men det er ikkje det me treng nå. Me treng plass, slår han fast. 

Sidan både RamBase, Inosa og EMP Secure leverer tenester innan IT og infrastruktur, og det er løysingar som mange treng, er dei godt posisjonerte til å kome seg gjennom pandemikrisa. Ydra er einaste selskapet i Hatteland Group som leverer fysiske produkt, dei har nemleg spesialisert seg på pumper og skreddersyr pumpesystem til kunder i havrommet.

- Men det meste treng pumper i dag. Me produserer og utviklar produkt folk treng, og me er positive til at me skal kome trygt ut av pandemien. 

Fokus på miljø og energi 

Det nye bygget vil bety 103 nye kontorplassar den dagen selskapa flyttar inn, og antakeleg litt meir sidan selskapa kjem til å tilsetje fleire medan bygget er under konstruksjon. Totalt er det plass til 170 kontorplassar i tillegg til produksjon. Under planlegginga av bygget har fokus på miljø og energi vore i høgsetet. 

- Me har alltid hatt fokus på miljø og energi. Hatteland fyller 50 år i 2021 og har hatt ei reise som alltid har dreia seg om teknologi, så det å ta i bruk teknologi for å drive bygget godt har vore naturleg frå dag ein.

Det nye bygget skal for eksempel vere innstilt med blant anna energibrønnar og solcellepanel på taket, i tillegg til andre miljøtiltak. 

- Det er ikkje ein uttalt strategi frå oss at dette skal vere eit miljøbygg, men det handlar om at me skal ha eit bygg med gode løysingar, seier Hatteland. 

Samlast på ein plass 

For Ydra blir innflytting i nytt bygg ei større endring for selskapet. Tidlegare har dei tilsette vore plassert på to lokasjonar, i 2022 får dei sitje samla. 

Image
Dagleg leiar i Ydra, Mads Ragnar Bårdsen, ser fram til at dei tilsette er samla under same tak. Foto: Kristian Risanger. 

- Me ser fram til å endeleg få flytte inn på same lokasjon og få moglegheita til å produsere pumpene våre på ein plass. I dag har me lokasjonar på Frakkagjerd og på Husøy som ikkje alltid er ideelt. Me får også laga ein heilt nytt oppsett som er meir effektivt enn det me har i dag på dei andre lokasjonane. Me får auka produksjonen, effektiviteten og presisjonen, seier Mads Ragnar Bårdsen som er dagleg leiar i Ydra. 

- Det å gi presisjon på pumper å vita akkurat kva dei leverer, når dei er best og korleis dei kan bli mest mogleg energieffektive er eit mål som me har. I og med at me både utviklar og produserer pumper, får me høve til å komme nært på riktig design og riktig effektivitet på pumpene.  

Testsenteret til Ydra kjem til å bli ein del av Hatteland-bygget, det er difor laga ekstra kjellarkapasitet for å få plass til store tankar som skal innehalde mange kubikk med vatn. 

- Me har eit høgt fokus på innovasjon og produktutvikling. Me veks allereie i utvikling og me ønskjer å bli større og bli flinkare på nye produkt.  

Ydra blei til som ei samanslåing av to selskap, Mapex og Vest-Jet. Selskapa blei kjøpt opp av Hatteland Group og slått saman til eit selskap.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips