Satsar på eigen kompetanse

- Bedriftene bør satse på tilsette som ynskjer å utvikle eigen kompetanse, det er ein vinn-vinn-situasjon, meiner HR Manager i Hatteland Tonje Lindkjend. Intern kompetanseutvikling blir stadig meir avgjerande i næringslivet. 

Image
Hatteland er ei av bedriftene som investerer i å bygge intern kompetanse. Foto: CompEdge


Teknologi-giganten Hatteland i Nedre Vats gjennomfører kontinuerleg kompetanseheving av tilsette, blant anna ved eit fast sertifiseringsløp som alle må gjennom. 

- Dei tilsette her tar kurs og sertifiseringar heile tida, me investerer mykje i dette, men det er det absolutt verdt. Hatteland er eit kompetanseselskap, og denne satsinga er viktig for at me skal oppretthalde nivået me er på, meiner Lindkjend. 

Er det kompetanseløp bedrifta ynskjer fleire deltek på inviterer dei somme gonger kurshaldarar inn direkte til bedrifta. Det er 230 tilsette i Hatteland-konsernet, som representerer mange ulike fagfelt og avdelingar. Bedrifta utviklar teknologi innan IT, infrastruktur og maritim sektor. Det handlar om å finne rett kompetanse til rett tid, og ikkje minst kunne investere i å utvikle eigne fagfolk. 

- Me ser at dei som blir tilsett ofte er unge og høgt utdanna, dei har krav til bedriftene om personleg utvikling. Det er jo slike tilsette som driv utviklinga vidare, bedriftene bør satse på dei, meiner Lindkjend. 

Hatteland tar også inn lærlingar, praksiselevar eller masterstudentar som ynskjer å skrive oppgåve om bedrifta. 

- Det er ein veldig fin måte for oss å bli kjent med studentane, og for at dei skal vite meir om oss, seier Tonje Lindkjend, som meiner alle desse tiltak er viktig for å sikre rekruttering og eit kompetansenivå i vekst. 

Teori og praksis

I Berge Sag satsar ein på vidareutdanning blant tilsette, blant anna får dei stipend på inntil 30.000 for heiltidstudie og deltidsstudentar kan søkje om 12 000. Nyttar dei seg av tilbodet er bindingstida i bedrifta to år. 

Image
- Den beste byggjeleiaren har yrkesfag i botn, og fagskule i tillegg, då forstår ein ofte prosjekta betre, seier Aase Vinjerui Berge i Berge Sag. 

- Me ynskjer å utvikle tilsette me kjenner godt frå før, difor er også lærlingane viktige for oss. Me investerer i dei me veit har lyst til å bli verande, dei har vore her i mange år og veit korleis me jobbar, slår avdelingsleiar fagbygg, Aase Vinjerui Berge fast og legg vekt på at dei som både har den praktiske og teoretiske bakgrunnen er nokre av dei aller mest populære på arbeidsmarknaden. 

- Den beste byggjeleiaren har yrkesfag i botn, og fagskule i tillegg, då forstår ein ofte prosjekta betre, seier Vinjerui Berge. 

Rekruttering av lærlingar er og ein langsiktig prosess. 

- For å få tak i gode lærlingar er det viktig å treffe dei tidleg, helst på ungdomsskulen, ikkje minst sidan dei vel både yrke og knyter seg til nettverk tidleg. Foreldra burde me og hatt kontakt med, dei har stor påverknadskraft. Me har slite med at mange foreldre meinte at yrkesfag ikkje var godt nok, men det har kome seg, meiner Vinjerui Berge. 

Lik plattform

Småfolk barnehage i Etne er den første barnehagen i landet som vart ein EQ-barnehage, noko som betyr at alle tilsette må ha utdanning innan emosjonell intelligens (EQ). Barnehagen spanderer eittårig EQ-utdanning på alle nytilsette, i tillegg har eigarane i barnehagen gjennomført det treårige utdanningsløpet. 

- Me ynskjer å kunne møte barna som går her i barnehagen på ein endå betre måte, for å nå dette målet må alle tilsette ha same bakgrunn, difor vel me å investere i denne utdanninga til alle. Det er klart det kostar, men me får så mykje igjen for det, meiner dagleg leiar Anette Lauareid Hovda som saman med Anne Grethe Rullestad også har tatt tre år med utdanning i feltet. 

Ein EQ-barnehage arbeider med å fremje barna sin emosjonelle intelligens for å styrke språkutvikling og relasjonskompetanse. Ein del av utdanningsløpet handlar også om personleg utvikling hjå dei tilsette, slik at dei blir betre rusta til å møte barnehagekvardagen. 

- Ein må rydde litt i eigen bagasje i løpet av utdanninga, alle har møtt motgang i livet, og reaksjonsmønsteret vårt er prega av det. Skal me forstå barna må me og forstå oss sjølve, seier Lauareid Hovda. 

Kompetansen som dei tilsette får gjennom utdanningsløpet blir brukt gjennom barnehagekvardagen, både i personalmøter, planleggingsdagar eller i møte med barna. Småfolk barnehage har 30 tilsette og 90 barn fordelt på 10 grupper. 

- Det er viktig at alle kjenner til dette og snakkar same språket. Eg ser jo og stor skilnad på meg sjølv som leiar, eg er tryggare i rolla mi etter at me satsa i denne retninga. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips