Legg til rette for digitalisering

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) fekk innsyn i både historia og framtidsplanane til Hatteland-konsernet då han denne veka vitja Haugalandet.

På besøk hjå Hatteland på Raglamyr. Frå venstre: Politisk rådgjevar Jenny Clemet von Tetzschner, fylkesordførarkandidat Rogaland Høyre Ole Ueland, ordførarkandidat  Tysvær Høyre Ola S. Apeland, leiar Haugesund Høyre Anders Amundstad-Balle, ordførarkandidat Haugesund Høyre Harald Larssen Lønning, ordførarkandidat Vindafjord Høyre Modolf Haraldseid, digitaliseringsminister Nikolai Astrup, CSO Rambase Odd Magne Vea, konsernleiar Hatteland Stig Hatteland, administrerande direktør EMP Secure Knut Dommersnes, ordførarkandidat Sveio Høyre Lars Einar Hollund, CFO Hatteland Sten Stenersen, brand manager RamBase Anne Louise Våge Mikkelsen. 



Nikolai Astrup og høgrepolitikarar frå Haugalandet var innom Hatteland sitt kontor på Raglamyr onsdag denne veka for å bli betre kjent med konsernet og produkta RamBase, EMP Secure, og moglegheitene desse byr på både nasjonalt og internasjonalt.

- Det heile starta med selskapet Hatteland Elektronikk som selde elektroniske komponentar og distribuerte dei. Her var det volum og mengder som skapte vekst, og med det fekk me behov for større lagerplass og eit system for å handtera drifta etter kvart som me utvikla oss, fortel konsernleiar i Hatteland, Stig Hatteland. Han viser til at det var i kjølvatnet av dette behovet at både forretningssystemet RamBase og lagringssytemet Autostore blei utvikla.

- Utviklinga av både RamBase og Autostore er ein konsekvens av driftsrammene som Hatteland Elektronikk hadde. Me måtte digitalisera for å kome oss vidare, held han fram.

RamBase vart etter kort stund kommersialisert og er nå i bruk hjå fleire kundar. Med dagens stadig strengare krav til sporing, dokumentasjon, og oversikt har forretningssystemet RamBase blitt tilpassa til å møte behova til kundar og bransjane elektronikk, distribusjon og mekanisk. RamBase eksporteres også til kundar utanlands. I tillegg til forretningssystemet RamBase, utgjer EMP Secure, Ydra og Inosa produktporteføljen som konsernet nå utviklar vidare og sel til aktørar både i innland og utland.

EMP Secure leverer cybersikring og IT-tenester som sikrar verdiane til kundane, noko som også er blitt eit stadig viktigare fokus.

- Me jobbar for å sikre verdiane for kundane våre. Det er ikkje me som digitaliserer, men me gir eit sikkert og godt grunnlag slik at kundane våre skal kunne digitalisere, fortel Knut Dommersnes, administrerande direktør for EMP Secure.

Utvikling av produkt

Etter kvart som satsingsområda til Hatteland-konsernet har nådd eit visst punkt i utviklinga, er dei blitt selde og kapitalen har gått tilbake til konsernet for å utvikle produkta deira vidare.

- Hatteland Elektronikk blei seld i 2000, Hatteland Display i 2007, og Autostore i 2017. Kapitalen brukar me på å drive utviklinga vidare. Nå er det RamBase me fokuserer spesielt på. Programvare er lettare å skalere opp og spesialtilpassa, fortel Stig Hatteland.


Treng fleire flinke folk

Hatteland legg til at nøkkelen til konsernet si utvikling alltid har vore å knytte flinke folk til seg og sørge for å behalde dei.

- Me har vore heldige å fått bygd opp eit kompetansemiljø i bedrifta, men me er avhengige av å få fleire med oss framover, fortel konsernleiaren.

På spørsmål frå ministeren om kva type folk Hatteland rekrutterer, svarar Hatteland at dei krev spesialisert kompetanse innan IT. Hatteland fortel og at dei nyleg har opna kontor i Polen, der dei er strategisk plasserte like ved eit universitet. I tillegg tilset dei ofte folk som er busette i regionen og viser til at dei fleste tilsette i dag har kontor på Raglamyr og rundt 45 tilsette jobbar på kontora i Vats. . I sjølve konsernet er det rundt 200 tilsette.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips