Koda robotbilar

Ti jenter var samla på Sjøperlo torsdag kveld for kodekurs. Kurset, som var spesielt retta mot jenter, bydde på både analog «koding», micro:bit og programmering av robotbilar.  

Image
Ti jenter var samla til kodekveld på Sjøperlo torsdag kveld. Foto: Elin Sørheim. 

For å demonstrere kodeprinsippa har kurshaldar Espen Clausen «koda» forsamlinga til å reise seg, klappe og ta pause i ein viss rekkefølge, og etter denne introduksjonen er jentene klare til å starte på kodejobben. Clausen er lærar på Grinde skule og har eit brennande engasjement for micro:bitten.

–Eg var ein av dei fire første i Noreg som fekk lov å prøve ein micro:bit, då hadde me venta på denne i over eit år. Det var like spanande som julafta, fortel Espen Clausen til jentene.

Micro:bitten er som ein bitte liten datamaskin, den har kun to knappar og ein miniskjerm, men den har både termometer og kompass, og kan til dømes styre ein robot. Espen fortel om alle slags triks denne litle dingsen kan bli satt til. 

Det tar ikkje lang tid før det skrollar ord og blinkande hjerter over micro:bitten.  

Silje Ilstad går i 4. klasse på Imsland skule og har allereie lært litt koding på skulen. Hennar micro:bit viser ein sjiraff kvar gong den vert rista på.

–Eg ville vera med på kodekveld fordi eg har prøvd litt på skulen og synest det er ganske kjekt. Når det er dårlig vær på turdagen me har på skulen, får me lov til å kode i steden for å vera ute på tur, fortel ho.

Image
Silje Ilstad (til høgre) har allereie lært litt koding på skulen, og ville på kodekvelden for ho syntes koding var kjekt. Foto: Elin Sørheim. 

Koding i skulen 

I den nye læreplanen har programmering fått stor plass, for nå skal det inn i matematikk, naturfag, musikk og kunst og handverk.  
Vitensenterforeininga, NRK og «lær kidsa koding» har saman starta Superbit-Prosjektet. Det inneber mellom anna at alle grunnskular kan få ei utstyrskasse samt kurs i faget for lærarar.
Grinde skule er allereie godt i gang med å lære elevane å programmere.
–Eg har brukt koding i undervisning frå 08/09 allereie, fordi eg alltid har vore så interessert i dette, fortel Clausen.
–Det er ofte gutar som viser størst interesse for koding, og jenter trur ofte at dei ikkje får det til, men eg har sett mange jenter bli utruleg gode på dette, fortsett han.
Clausen meiner det er viktig å prøve å få jenter interessert i faget, då deira logiske sans er ofte tidlegare utvikla enn hjå gutar, noko som gir dei ein stor fordel.
–Eg synest det er viktig å prøvde å få jenter til å tenke at det finns andre val enn omsorgsfag, og tru på at dei kan setja seg høgare mål for karrierar, seier Clausen.

Utlån av kodeutstyr

Silje Holden Birkeland frå Biblioteket i Vindafjord har lenge ønskja å setja opp kodekurs for jenter og såg moglegheita opne seg då det vart planlagt å arrangere KVA-veka, som står for Kvinnedag, Vingeslag og Arbeidslag, i forbindelse med kvinnedagen 8. mars.

– Me har tidlegare hatt kurs i 3D-print og då ser me at både gutar og jenter er interessert, men me ser ikkje så mange mødrer eller vaksne damer som hiv seg med på dette, fortel Birkeland.

Alle som har hatt kurs i koding kan koma å låne micro:bit-utstyr på Vindaverkstaden, som vert arrangert kvar torsdag hjå biblioteket på Sjøperlo.

Image
Mariell Rødne Brataas (fremst) og Elise Andreassen Berge koda robotbilar. Foto: Elin Sørheim.

Presisjonsarbeid med robotbilar

Etter ein god time er jentene på kurset i full gong med å kontrollere små robotbilar. Nå skal dei få bilane til å køyre frå ein teipstrek til ein anna, men ikkje lenger. Dette ser ikkje ut til å vera verken særleg vanskeleg eller kledeleg for denne gjengen.

Venninnene Mariell Rødne Brataas og Elise Andreassen Berge har begge prøvd litt koding før.

–Eg var på kodekurs i Etne og synest det var kjekt, derfor ville eg ha med Elise på dette, fortel Mariell.

Dei har likevel lært noko nytt begge to og jobbar systematisk med å finne nøyaktig rett køyrelengde til robotbilen sin.

–Eg har koda litt saman med pappa, men har ikkje prøvd å styre ein bil før, seier Elise.

Image
Kurshaldar Espen Clausen (til venstre) frå Grinde skule har brukt koding i underrvisninga frå ca 2008. Han meinar det er viktig at alle får moglegheit til å tilegne seg digital kompetanse. Foto: Elin Sørheim. 

Viktig digital kompetanse

Det er finns dei skulane som takkar nei til utstyrspakken frå Superbit prosjektet og Espen Clausen er redd det er ein del skular som vil hoppe over dette trinnet i læreplanen då dei kanskje manglar interesserte lærarar.

–Dei aller fleste elevane synes dette er kjempegøy, også det det utruleg viktig at alle får moglegheit til å lære seg digital kompetanse, fortel Espen Causen.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips