Fleire satsar på nettbutikk

Nettbutikk er noko som stadig blir satsa på. Det å ha moglegheit til å gå på nettet, ta eit par tastetrykk, for så å få varene levert på døra er for mange ein enkel måte å handle på. 

Image
Yvonne Sandgren driv nisjebutikken Prikkar i Etne og starta med nettbutikk allereie i 2016. Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland.


Ein av dei som har erfaring med det å drive nettbutikk er Yvonne Sandgren. Ho driv nisjebutikken Prikkar i Etne og har drive med nettbutikk sidan 2016. Tilbod og etterspørsel ligg i høgsetet. 

- Det er viktig å forma seg etter behov. Det har vist seg at fleire og fleire handlar på nett. Sjølv likar eg å gå i butikkar, kjenne på produkta, for så og kjøpe, men det nyttar ikkje korleis ein sjølv vil drive butikken, ein må tilpasse seg kundane, fortel Sandgren. 

- Eg overlever ikkje berre med butikken, så det var viktig for meg å komma seg fort på nett. Eg har kundar over heile landet så viktigheita av nettbutikk kan ikkje understrekast nok. 

Prikkar lanserte nyleg ei ny og oppgradert nettside. Ho meiner ho har lært mykje gjennom desse åra ho har drive nettbutikk. 

- Det er mykje som har forandra seg sidan 2016 og det er viktig å halde seg oppdatert. Eg har lært at det skal gå veldig fort og ein skal finne produkta med ein gong. Eg har fått inn ein «Kjøp nå» knapp fordi eit par sekunder frå og til kan vere alfa omega. 

Likar best kundar i butikk

Ein annan aktør som også satsar meir på nett er Ølen Møbel. Dei har hatt nettside lenge, men har ikkje hatt ein kjøpefunksjon før. Den skal nå komme. 

- Nettbutikk har aldri vore eit stort satsingsområde for oss. Me likar aller best å ha folk i butikken, men me har sett at netthandel blir brukt meir og me trur dette er framtida. Det kan vere kjekt å ha det tilbodet fordi Ølen Møbel har kundar med mange timars køyring vekke så det vil jo verkeleg forenkla handleprosessen deira, fortel dagleg leiar i Ølen Møbel, Bjørn Henriksen. 

 Henriksen trur nettbutikken vil vere klar i juni og fortel at under korona-pandemien blei nettbutikk meir aktuelt enn nokon gong.

- Me har opplevd ei betrakteleg auke når det kjem til levering av varer i det siste. Me køyrer varer langt og me trur dette er framtida. Det skal bli spanande å følgje nettbutikken og sjå korleis det kjem til å gå. Uansett, er det kjekt at kundane kan kontakte oss på andre måtar også, seier Henriksen med eit smil. 

Bjørn er tredje generasjon Henriksen i møbelbutikken, og har trakka barneskorne sine i butikken med faren og morfaren sin. Nå eig han butikken saman med kona Anita. Dei tok over butikken i 2010, og har sidan hatt hendene fulle med den 1500 kvadratmeter store møbelbutikken i Ølen. 

Ein ekstra fot

Dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Asbjørn Moe meiner det kan vere verdt investeringa det er med nettbutikk, men skjønar at det krev ein del arbeid bak. 

- Nettbutikk er ein ekstra fot å stå på. Spesielt utfordrande for mange har det vore i desse tider med stengde butikkar, fortel Moe før han legg til: 

- Det er klart at ein heller vil ha kundar i butikken, men det vil vere eit supplement for butikken å klare å treffe både lokale og gjennomreisande kundar. Det å nå kundar som er langt vekke er også viktig fordi det gir ein auke i kundemassen. 

Han har også ein klar oppfordring til dei som driv med nettbutikk, eller som vurderer å starte med det. 

- Legg arbeid i det. Ein skal klara å nå ut med bodskapet til butikken. Det er viktig med oppdaterte prisar, utval av varer og moglegheit til å sende ut varer. Det krev mykje arbeid, men det er mange moglegheiter i ein nettbutikk.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips