– Draumen har blitt realitet

Dagleg leiar i Sandeid eigedom, Stian Furseth, er særs nøgd med oppussinga av kontorlokala til Medvind. No ligg alt til rette for at det yrande gründermiljøet får fortsette å blomstre. 

Stian Furseth i Sandeid eiendom vil gjerne ha fleire med på laget i næringshagen. 

Bilete frå lokale stader og stadnamn pryder interiøret.

– Me har laga til nye cellekontor i 1. og 2. etasje, så dei som jobbar her har skjerma arbeidsplassar sjølv om dei er del av fellesskapen i næringshagen. Kvart cellekontor har fått namn frå ein lokal stad i Sandeid og me har også brukt gamle bilete frå Sandeid i interiøret elles, fortel Furseth. 

Næringshagen fordeler seg over tre etasjar og rommar no over tolv bedrifter. Fordelane med å vere fleire bedrifter samla, er mange, framhevar Furseth. 

– At fleire bedrifter sit saman, har skapt nye bedrifter og fleire arbeidsplassar. Me er gode på å dele idéar, dele råd og bygge kvarandre opp. Utfordringane og spørsmåla nokon står ovanfor, har andre vore gjennom før. Fleire tør å satse når ein vert heia fram av folk som har vore gjennom prosessane tidlegare. Me hadde ein draum om å skape eit slikt miljø som kunne skape vekst i Sandeid, og denne draumen har no blitt ein realitet.

Eit nyoppussa kjøken med opphaldsrom er eit naturleg samlingspunkt i næringshagen, både over ein kopp kaffi og til den populære vaffelstunda på fredagane. I kjellaren er eit green room under oppbygging, som fleire bedrifter ser fram til å dra nytte av.

– Mellom anna Riggutdanning.no og AdmMit driv med kurs over nett, så å ha dei tekniske løysingane for å få dette til på best mogleg vis, er noko som vil styrke oss. Dette rommet vil alle bedriftene ha tilgong til, og er eit nyttig verktøy både for videokonferansar og undervisning. 

Jan Åsmund Lærdal (Riggutdanning.no), Rune Sørheim (Biovind), Stian Furseth (Sandeid Eiendom og AdmMit), Frode Aarø og Frode Sandvik Nilsen (AdmMit) og Oliver Vestbo (LOS Varmepumper) er særs nøgde med å kunne samlast på det nyoppussa pauserommet. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips