A1 Grafisk Idè skiftar namn og går inn i eit av Noregs største trykkeri

Nils Sund Trykkeri og A1 Grafisk Ide, blir del av Stavanger-baserte Kai Hansen Trykkeri AS, og skal dekka trykkeriet sine tjenester på Haugalandet.

Kjell Selvaag og Sveinung Bjelland i A1 Grafisk Idè blir nye Kai Hansen Trykkeri Haugalandet. Foto: Privat. 

A1 Grafisk Ide har til no vore den største eigaren i Nils Sund Trykkeri. Nå har dei to selskapa gått saman, og blitt ein del av Kai Hansen Trykkeri, som er eitt av landets største. Dermed blir A1 Grafisk, som held til i Medvind-bygget i Ølensvåg, omdøypt til Kai Hansen Trykkeri Haugalandet. 

For A1 Grafisk Idè betyr det nye samarbeidet eit utvida produktspekter for både små og store kundar, seier dagleg leiar i tidlegare A1 Grafisk og Nils Sund, Kjell Selvaag. 

-  I tillegg til tradisjonelle trykksaker som bøker, hefte, merkelappar, brosjyrar og liknande, bidrar Kai Hansen også med leveransar av alt innan storformat, skilt, dekor, tekstilar og profileringsartiklar. A1 Grafisk Idè og Nils Sund har spisskompetanse på somme område, medan Kai Hansen har spesialisert seg på andre. Ved å tilføra kvarandre kunnskap og kompetanse vil denne samanslåinga styrka oss alle, og ikkje minst vil det bety mange fordelar for kundane, seier Selvaag. 

Det meste av produksjonen hjå Kai Hansen føregår i eige hus på Forus og i Haugesund, noko som gir full kontroll på kvaliteten, samstundes som det også slår gunstig ut på leveringstida, påpeikar han. 

- Målet for Kai Hansen Trykkeri Haugalandet er å vera ein totalleverandør for kundane. Med eit stort apparat sør for Boknafjorden vil avdelinga her på Haugalandet kunna tilbyr eit eineståande produktspekter innanfor trykkerifaget, seier han. 

Kai Hansen Trykkeri AS er eit av dei største trykkeria i landet, har med Kai Hansen Trykkeri Haugalandet avdelingar både i Kristiansand, Stavanger. Selskapet har ca. 80 tilsette, og omsette for over 90 millioner kroner i 2017.

Folk i vinden

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips