–Ynskjer å skape tryggare vegar

Arild Kalleland Vallestad (39 år) overtar stafettpinnen etter Asbjørn Opedal, og vil frå no av vere Statens vegvesen sitt ansikt for fleire prosjekt på Indre Haugalandet. No er han klar for å gå laus på strekninga Tveit-Mørkeli.

Arild Kalleland Vallestad er klar for å gå laus på strekninga Tveit-Mørkeli. (Foto: Kari Aakra)


–Strekningane Isvik-Lie og Espelandssvingane er snart ferdige og me tek no fatt på Tveit-Gjerde med strekninga Tveit-Mørkeli som første del. Det er denne delen me har finansiering til per no. Dette er ei strekning på omlag fem kilometer, inkludert nye kryssområde og fleire omleggingar av lokalvegnettet. Finansieringsramma for Tveit-Gjerde er i underkant av 200 millionar kroner, som inkluderer entreprenør-, prosjekteringskostnader, erstatning til grunneigarar og byggherrekostnader. 

 Mellom Tveit og det nye Mørkeli-krysset i Etne kjem same standard som den nye strekninga mellom Isvik og Lie, nærare bestemt med totalbreidde på åtte meter og med hastigheit på 80 kilomer i timen.  

 –Her kjem det midtoppmerking og kantoppmerking. Mellom Tveit og Mørkeli-krysset er det i dag ein breidde på mellom 5,5 og 6,5 meter, så utvidinga vil bli opp imot 2,5 meter samstundes som me også vil betre sideterreng og siktforhold. 

Eit etterlengta og ønskja prosjekt


Planen er at oppgraderinga vil fortsette fram til Fatland i Ølen, men per no ligg ikkje finansiering til rette for at ein kan gå i gong med denne delen. Frå Mørkeli-krysset og til Gjerde i Etne kommune, har ein ikkje endeleg dimensjoneringsgrunnlag på plass. 

 –Me har fokus på grunneigarar som vil bli råka, og har allereie vore i kontakt med dei fleste. Me får inntrykk av at dette er eit etterlengta og ønskja prosjekt. 

 Haugesundaren vil til vanleg sitje på Vegvesenet sitt kontor i Haugesund men også enkelte dagar på Medvind-bygget i Ølensvåg. Han har overtatt ansvaret for alle prosjekta til Asbjørn Opedal som har vore ein synleg skikkelse i dei fleste vegprosjekt på Indre Haugalandet. 

 –Eg byrja i Statens vegvesen i 2009 og hadde då Asbjørn Opedal som fadder. Han var også leiar for det første prosjektet eg deltok på, då som kontrollingeniør. Vidare jobba eg som byggeleiar i fleire prosjekt for vegvesenet før eg i 2019 byrja ved Asplan Viak sitt nyoppstarta kontor i Haugesund. Der var eg i tre år, før eg kom tilbake til Statens vegvesen i 2021.

Mål om å verne landbruket


Kalleland Vallestad ser fram til å jobbe med eksisterande og nye prosjekt på Indre Haugalandet.

 –Det er samfunnsnyttig å skape tryggare vegar å køyre på. Det er veldig kjekt å komme inn i eit prosjekt som Tveit-Gjerde der målet er å etablere ein sikker og god veg samstundes som me har fokus på kostnadseffektive løysingar. Det er også motiverande å finne gode løysingar opp mot landbruket. Sidan me må ta jordbruksareal til fleire av prosjekta våre ynskjer me å bruke massar til å lage nye landbruks-areal etterpå. Det er viktig å bevare det me har i dag av matjord, og at landbruket blir minst mogleg berørt av ny infrastruktur, avsluttar han.  

 

 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips