Du kan ikkje berre ha tuba

Kvifor mangfald i bedrifta og styret? Og korleis jobbe mot det? 


Ein rykande fersk episode av Vindkast er nå tilgjengeleg og har temaet Kvinnedag, Vingeslag og Arbeidslag (KVA). Med oss i studio var dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Asbjørn Moe, for å diskutere mangfald, kvifor ein bør ha det i bedrifta og styret, og korleis ein jobbar mot det. Me såg på ferske tal frå næringslivet om korleis det står til med kjønnsfordeling og aldersfordeling i bedriftene i Etne og Vindafjord. Desse tala og resultata blei publisert i ein artikkel på medvind24.no som du kan lese her

Denne episoden av podkasten Vindkast markerer siste post på programmet for KVA-veka, som er tittelen på samarbeidsprosjektet mellom Medvind Næringshage, Vindafjord Arbeidsgiverfoum (VAF) og Vindafjord Bibliotek, og vart arrangert i samband med kvinnedagen 2020. Frå 2. til 8. mars har arrangørane blant anna stelt i stand bokbad med Sigrid Sollund, tech-morgon for jenter i 9. og 10. klasse i Vindafjord, og kodekurs for jenter. 

        

Vindkast kan du finne på følgande kanalar:

 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips