Kreativ møtestad 


Kaia Vinje Eidsheim, Kjersti Vinje og Silje Holden Birkeland er i gong med å lage refleks til trykk på klede.c



Kvar torsdag ettermiddag arrangerer Vindafjord bibliotek Vindaverkstaden. Der kan ein kan få bryna seg på forskjellige oppgåver som ofte krev ein kreativ innfallsvinkel. 

Heilt øvst, i 3. etasje i biblioteket på Sjøperlo i Ølen sentrum, held bibliotekar Silje Holden Birkeland på å gjera i stand til torsdagens Vindaverkstad. 3D-printeren står allereie og durar, den arbeider med kveldens oppgåve som er ein øyredobb forma som eit juletre, nokre snøkrystallar og to potetrykk. 

Vindaverkstaden er bibliotekets versjon av eit konsept meir kjend som skaparverkstad eller Makerpace, noko som har spreidd seg over heile verda dei siste åra.

Skaperverkstad er den norske namnet for ein verkstad kor ein med hjelp av digitale og analoge verktøy kan skape eller reparera ting. Kjenneteikn hjå dei fleste skaperverkstadane er at dei er opne, det vil sei at folk utanfrå kan koma å laga eller reparera gjenstandar.

Her har dei blant anna vinylkuttar, symaskinar, strykebrett, skjærebrett, prøvedukke og mykje meir. I tillegg ligg det mange spel i hylla, litt kreativ kunst her og der og blanke ark med fargestifter rundt.

Biblioteket starta med dette i haust då det nye biblioteket vart opna og kvar torsdag held dei ope frå 15.00 – 18.45. Her ønskjer dei at alle skal føla seg velkomne. Det skal vera noko som alle kan nytta seg av.

Strawbees-verk laga av born som har besøkt Vindaverkstaden.

Utfordrar dei unge

Ungar kan koma å spele spel, lære å lage konstruksjonar av Strawbees.  Strawbees er sugerøyr som kan settast saman på mange ulike måtar ved hjelp av spesielle koblingar.

  Dei brettar arka i gamle bøker så det vert eit fint mønster.

– Gjenbruk er viktig for oss, derfor legg me bøker som me vil kvitte oss med opp her så kan dei som ønskjer bruka dei til å lage noko av dei, seier Holden Birkeland. Ho likar å utfordre ungane som er innom til å lære seg nye teknikkar, lese oppskrifter og vera kreative. 

Men det er ikkje berre born som kan bruke utstyret, men også vaksne. Her kan dei lære nye handtverksteknikkar og gjerne også lære bort noko dei sjølv kan. Det skal vera alt frå ein sosial møteplass til ein stad der kven som helst kan koma å låna enkelt eller avansert utsyr som ein ikkje har sjølv.

– Biblioteket er ein av dei siste gratistilboda me har i samfunnet og det er viktig å kunne gi eit likt tilbod til alle. Det er med på å jamne ut skilja i samfunnet vårt, fortel Holden Birkeland.

Biblioteket arrangerer temakveldar og sett opp kurs i ulike teknikkar og utstyr. 

– Me hadde kurs i 3D-printing for alle som var interesserte i haust. Der lærte me grunnleggande teknikkar. Me hadde og ein temakveld der me laga blant anna pepparkakeformar. Me ser at born med erfaring frå dataspelet Minecraft knekker koden veldig lett, seier Holden Birkeland.


Noko for ein kvar smak

5 år gamle Kaia Vinje Eidsheim har tatt turen saman med mamma Kjersti Vinje, pappa Magnor Eidsheim og litlesyster Ida Vinje Eidsheim for å lage refleks til vinterjakka.

Kaia forklarar kva motiv ho ønskje på refleksen.

- Me var på opninga og, men då synast Kaia det var så kjekt å leike på utsida så me kom oss aldri inn, men i dag klarte me det og nå skal me lage refleks, fortel Kjersti Vinje.

– Dette er jo veldig spanande både for born og vaksne og det er alltid kjekt med nye aktiviteter, fortel Vinje.

Kaia hjelp til å finne rett motiv for refleksen. Høgast oppe på ønskelista til Kaia er ein refleks med bilete av ein hest. Då valet er tatt spring ho vidare for å spele og leike med pappa og litlesyster, medan mamma Kjersti får opplæring i bruk av vinylkuttaren.

Silje Holden Birkeland og biblioteket håpar på at fleire vil ta turen innom desse torsdagane og dei held nå på å lage ein variert plan for våren.

Dei vil setja opp kurs i mellomanna koding og redesign. Dei vil ha hobbykveldar innan 3D-printing og vinylkutting, i tillegg vil dei lage ein møtestad for sjakkspeling.

–Me ønskjer at dette skal vera ein møtestad for heile familien der ein kan finne inspirasjon, lære noko og møte andre med like interesser, avsluttar Holden Birkeland.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips