Vil ha di hjelp til å utvikla Vindafjord

Korleis skal me byggja og bu i Vindafjord? Nå vil kommunen ha di hjelp til å finna svaret på dette. Med få klikk kan du vera med på å staka ut vegen vidare for bustadutvikling og attraktivitet i Vindafjord kommune.

Einingsleiar for areal og forvaltning Erle Mæland Aasheim og samfunnsutviklar Anne Sofie Sandvik inviterer til spørjeundersøking for å kartleggja korleis ein skal leggja tilr ette for bustadutvikling i Vindafjord kommune. 


Publisert: 01.03.19 av Kari Aakra

Samfunnsutviklar Anne Sofie Sandvik og einingsleiar for areal og forvaltning Erle Mæland Aasheim er allereie i full gang med oppkøyringa av kommuneplanarbeidet for Vindafjord kommune. Til hausten skal arbeidet med ny kommuneplan starta opp, og dermed leggja føringane for vidare utvikling av Vindafjord dei kommande åra. 

Nå vil dei to ha di hjelp til dette arbeidet og inviterer til digital spørjeundersøking om kor og korleis folk ønskjer å bu i Vindafjord. 

Bli med i undersøkinga!

- Me ser at ein del statistikk brukt i kommuneplanarbeidet ikkje alltid stemmer overeins med det folk fortel at dei ønskjer når me kjem i snakk med dei. Nå vil me ha direkte svar frå både noverande innbyggjarar og alle andre med tilknyting til kommunen. Me vil veta kva som betyr mest for folk som bur eller vil busetja seg i Vindafjord.  Her vil me ha svar frå alle, uavhengig av alder, bustad eller livssituasjon, seier Sandvik. 

- For dei som deltar vil det kun ta 5-10 minutt å svara på undersøkinga, medan svara dei gir vil vera heilt avgjerande for å kartleggja kva som skal vera dei viktige satsingsområda for Vindafjord i åra som kjem, seier Aasheim. 

Undersøkinga er tilgjengeleg fram til 19. mars, og svara skal leggja grunnlaget for ein såkalla bustadanalyse, som skal brukast som for å utarbeida vidare planar for bustadutvikling i kommuneplanen. 

- Det har lenge vore i oppfatning om at så lenge me har nok tomter for einebustader i kommunen vil folk komma ramlande inn. Med denne undersøkinga håpar me å få ei rettesnor for korleis me best mogleg skal leggja til rette for busetjing i kommunen vidare. Skal me går for ein lik strategi for alle bygder, eller skal me satsa særleg på busetjing i somme av bygdene? Dette er noko av det me håpar å få gode svar på gjennom undersøkinga. Difor er det viktig at så mange som mogleg brukar undersøkinga til å hjelpa oss å utvikla kommunen slik både nåverande vindafjordingar og potensielle tilflyttarar ønskjer det, seier Sandvik og Aasheim.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips