Saman for å fremje psykisk helse

10. oktober er verdsdagen for psykisk helse, lokalt arrangerast det fleire markeringar rundt temaet som i år er «Gje tid».


- Å gje tid handlar om å bruke tida til å styrke kvarandre. Tid er verdifullt når det kjem til å bygge relasjonar, bli kjent, skape tillit, nærvær og sjå kvarandre, fortel Sølvi Eide Lunde som er leiar i Etne og Vindafjord mental helse og med i arbeidsgruppa for Verdsdagen for psykisk helse i Etne og Vindafjord kommunar 2019, og legg til at det overordna målet med årets markeringar er å bidra til auka kunnskap og openheit om psykisk helse for å fremme gode levevanar og god folkehelse.

Poesiforedrag med Tove Virata Bråthen «Gje tid og rom for openheit»

  • Via dikt, fotografi og foredrag fortel Virata Bråthen om å vere pårørande etter sjølvmord. Foredraget er akkompagnert av pianist Andre Eide.
  • Virata Bråthen har nyleg gitt ut diktsamlinga «Fasetter av sorg»
  • Les meir om Tove Virata Bråthen her
  • Etne bibliotek, 23. september, kl 18:00
  • Ope for alle (ca 70 plassar)
  • Påmelding via Vindafjord Arbeidsgivarforum

Opne arrangement

Lokalt markeres verdsdagen for psykisk helse frå slutten av september til ut i oktober. I tillegg til fleire arrangement for barn og unge i samarbeid med skulane, blir det to opne arrangement som alle er velkomne til.

23. september skal Tove Virata Bråthen halde føredrag på Etne bibliotek om å vere pårørande etter sjølvmord. Poesiforedraget med tittelen «Gje tid og rom for openheit» blir presentert med både dikt, fotografi og forteljing, og blir akkompagnert av pianist Andre Eide. Virata Bråthen kjem frå Karmøy og er kjend for si siste utgiving, diktsamlinga «Fasetter av sorg».

I Ølen vert det frukostfordrag med Henning Aarekol 3. oktober på Ølen Kulturhus. I kjend energisk stil skal han på ein engasjerande, utfordrande og humoristisk måte fortelje om hendingar og betraktningar frå eige liv, og det å meistre utfordringane.

- Det blir formidla håp og meistring rundt psykisk helse i begge arrangementa, men på ulike måtar. Noko me håpar vil treffe folk i forskjellige situasjonar, fortel Eide Lunde.

Frukostforedrag med Henning Aarekol «Gje tid»

  • I kjend energisk stil skal han på ein engasjerande, utfordrande og humoristisk måte fortelje om hendingar og betraktningar frå eige liv, og det å meistre utfordringane.
  • Les meir om Henning Aarekol her
  • På Ølen Kulturhus, 3. oktober, kl 08:30-10:00
  • Ope for alle (ca 250 plassar)
  • Påmelding via Vindafjord Arbeidsgivarforum

Foreining av lokale krefter

Tal frå Folkehelseinstituttet viser at omtrent halvparten av befolkninga vil oppleve alvorlege psykiske problem i løpet av livet. Gjennom markeringer av verdsdagen for psykisk helse, håpar Eide Lunde at dei får sett temaet om psykisk helse på agendaen.

- Me vil at det skal bli like naturleg å snakke om psykiske utfordringar som fysiske sjukdomar og plager, fortel ho.

Ho legg til at samarbeidet med dei lokale aktørane er avgjerande for å få til gode arrangement.

- Arrangementa har blitt breitt forankra i kommunane Etne og Vindafjord, og gjennom gode samarbeidsaktørar som Vindafjord Arbeidsgivarforum blir det ein større breidde i det me tilbyr.

Aktørane som går saman om markeringa for verdsdagen for psykisk helse er (arbeidsgruppa) Etne og Vindafjord Mental Helse, Psykisk helseteneste, helsesjukepleietenesta i Etne og Vindafjord kommunar, Vindafjord Arbeidsgivarforum (VAF) og foreldregruppa «Me bryr oss».

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips