Velkommen til Medvind avd. Etne!

Vil du bli ein del av Medvind i Etne? Næringshagen har flytta inn i dei tidlegare NAV-lokala i Etne Sparebank sitt bygg, og har kontorplassar klare til alle som ønskjer som vil bli del av fellesskapet. Brødrene Mæland er allereie på plass. 


Brødrene Mæland og god stemning er allereie på plass i Medvind avd. Etne, og fleire kontor står klar til nye leigetakarar. Frå venstre: Banksjef Rune Ramsvik, dagleg leiar i næringshagen Merete Vårvik Matre, leiar i Fikse Næringsforening Asbjørn Moe, forretningsutviklar Morten Helland og byggjeleiar i Brødrene Mæland, Thomas Rullestad.

- Me gler oss stort til å få inn endå fleire bedrifter på nabokontora. Medvind har etablert veldig gode kontorfellesskap i Vindafjord, og me ser fram til å få same miljøet rundt oss her. Også kan det jo bli greitt å få fleire å dela kjøkkentenesten med, flirer byggjeleiar Thomas Rullestad i Brødrene Mæland, som har «tjuvstarta» på den nye samlokaliseringa i Etne. 

Vil du bli leigetakar eller målbedrift hjå oss?

Ta kontakt med  eller

Medvind Næringshage har ekspandert til Etne, og er nyleg innflytta i dei tidlegare NAV-lokala i Etne Sparebank sitt bygg. Banksjef Rune Ramsvik er glad for at Etne Sparebank kan vera med å tilretteleggja for meir næringsutvikling i Etne. 

- Litt av hensikten til ein lokal sparebank er å bidra til næringsutviklinga. Vanlegvis skjer dette på kredittsida, men nå ser me fram til å støtta opp om næringsutviklinga gjennom utleige av lokale, og dermed leggja til rette for auka næringsaktivitet i kommunen. Ved å opna for eit slikt kontorfellesskap der mange kloke hovud kan samlast, trur eg dette er god grobotn for knopskyting i det lokale næringslivet, seier Ramsvik. 

Over om lag 350 kvadratmeter vil Medvind leiga ut 15 kontorplassar etter same modell som næringshagen i Ølensvåg. Næringshagen i Etne vil tilby både faste kontorplassar og pendlarkontor til dei som kun ønskjer ein kontorplass til sporadisk bruk.

Dagleg leiar Merete Vårvik Matre seier at bedriftene i næringshagen i Etne kan få nytta seg av fleire fordeler ved å vera del av Medvind-fellesskapet. Anten som leigetakarar eller som målbedrifter. 

- Som i Ølensvåg og Sandeid vil bedriftene i næringshagen også få moglegheit til å bli målbedrifter, og dermed vera med i næringshageprogrammet som gjennom ei rekkje ulik tiltak kan bidra til vekst og utvikling av bedrifta, seier Matre. 

Medvind har i dag 34 målbedrifter frå både Etne og Vindafjord. 

Målbedrift i Medvind? 

Medvind Næringshage er leverandør av det offentlege næringshageprogrammet. Som  medlem/målbedrift i næringshageprogrammet får du: 

 

  • Tilgang til eit stort bedriftsnettverk som kan bidra med kompetanse og erfaringsutveksling. 
  • Moglegheit til å delta på næringshagen sine faglege møteplassar og aktivitetar som bl.a. kurs, frukost- og lunsjmøte. 
  • Marknadsføring gjennom Medvind24 sine kanalar. 
  • Rabatterte kurs gjennom VAF sitt kompetanseprosjekt. 
  • Rabattert rådgiving med forretningsutviklarar, fagkonsulenter og søknadsarbeid 
  • Rabatt på tenester relatert til marknadsføring og kommunikasjonsarbeid for bedrifta di 
  • Rabatt på leige av kontorlokale i næringshagen. 
  • Årlege vekst- og utviklingssamtaler med våre forretningsutviklarar




Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips