Vegdebatt i Ølensvåg

Vintersikker veg over Haukeli er førsteprioritet. Målet er oppstart på første tunnel i 2023.

Image

Behovet for at fleire er med og dreg lasset var eitt av tema då interesseselskapet E134 Haukelivegen AS møtte næringsdrivande og andre veginteresserte i Ølensvåg nyleg. Foto: Toyni Tobekk.

Det var hovudessensen i meldinga frå E134 Haukelivegen AS då dei gjesta Ølensvåg førre veka.

Eit tredvetals næringsdrivande, folkevalde og andre veginteresserte hadde funne vegen til det opne møtet som Fikse Næringsforening skipa til torsdag sist veke.

Roald Aga Haug

Styreleiar Roald Aga Haug peikte på både dei store linjene og detaljane i arbeidet med E134. Foto: Toyni Tobekk.

Interesseorganisasjonen E134 Haukelivegen AS, der mellom anna Vindafjord og Etne kommunar er medlemer, var inviterte i første rekkje for å informera om stoda på prosjekta. Men dei kom også for å lytta, som styreleiar Roald Aga Haug sa, og for å mana dei som meiner noko om veg til å "henge på oss", som han uttrykte det.

Prioriterte prosjekt

Haukelivegen sine hovudprioriteringar i inneverande periode, og opp mot neste Nasjonal Transportplan, som skal gjelda for 2022 til 2033, er kort fortald å få fullfinansiert Seljestad – Røldal i 2022-2026, med oppstart i 2022-23, samt fullfinansiering og sikker framdrift av Røldal – Vågslid, med byggestart seinast 2026. Vidare er Oslofjordtunnnelen og ytterlegare strekk i aksen Drammen – Karmøy på lista.

Nye veier

Nye veier var mellom dei tema som kom opp då forsamlinga slapp til med sine spørsmål og innspel. Nye veier er eit stataksjeselskap, oppretta i 2015, som i 2016 overtok nokre av dei større vegprosjekta frå Statens vegvesen. Styret i Haukelivegen har fått signal om at Nye veier kan vera interesserte i å lemma E134-prosjektet inn i si portefølje, og det er styret positivet til, kunne Roald Aga Haug fortelja. Fleire i forsamlinga, deriblandt ordførar i Vindadjord kommune Ole Johan Vierdal (Sp) gav uttrykk for at ein måtte sikra seg at ikkje Nye veier ønska å setta i gong ei eiga regulering og dermed forseinka prosjektet.

Stemningsskifte

At det er mange måtar å rekna seg fram til kva som gagnar samfunnet og miljøet var også eit tema, og ikkje minst var salen opptekne av kor vidt ein har støtte for Haukelivegen-prosjektet i Bergen og det nye Vestland fylke. Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) meinte ein kunne spora eit stemningsskifte frå Bergens-kanten nå, og Aga Haug minte om at både Hordland fylkeskommune og bystyret i Bergen har fatta vedtak som er positive for E134 Haukelivegen. Men han minna også på at det ikkje er nokon grunn til å slutte å bekymra seg før all finansiering er på plass og alle vedtak er fatta og signerte.

Dela opp Bakka-Solheim

Av andre lokale innspel var sjølvsagt den lokale delen av strekket, vegen mellom Bakka og Solheim, høgt på tapetet. Dette strekket har ein vore sikker på å få inn i Nasjonal Transportplan før, utan å lukkast, minna etneordføraren om. Ho gav uttrykk for at dette prosjektet, som har eit kostnadsestimat på mellom 4 og 5 milliardar, burde delast opp for at ein i det heile teke skal kunne komma i gong med det. Representantane frå Haukelivegen kunne forsikra om at Bakka - Solheim står på lista over prosjekt dei ønskjer å få inn i neste års NTP, men at styret nå vurderer fortløpande om dei skal gå for ei oppdeling av prosjektet.

Pål Kårbø

Pål Kårbø er nytilsett dagleg leiar i Haukelivegen. Foto: Toyni Tobekk.

Både Haukelivegen og andre frammøtte etterlyste eit ennå sterkare engasjement frå næringsdrivande langs denne aust-vestkorridoren. Styreleiar Roald Aga Haug la ikkje skjul på at organisasjonen ønskjer seg fleire medlemmer, ikkje minst for å trygga økonomien. Men han oppmoda også dei frammøtte til å vera med og setja vegen på dagsordenen der dei sjølve bur og driv, gjennom å visa fram sine historier og sine opplevingar av det å operera langs en veg som er langt frå vintersikker i dag.

Ny dagleg leiar

I møtet vart også ny dagleg leiar i organisasjonen Haukelivegen introdusert. Pål Kårbø er tidlegare fylkesvaraordførar i Hordaland, han er utdanna siviløkonom, busett i Alver kommune og har 24 års erfaring frå politisk arbeid. Han har og styreerfaring frå mellom anna Bybanen AS og Sunnhordland lufthavn. Han minna om at ein nå bare har tida og vegen, bokstavaleg tala, fram til alle innspel om neste års NTP skal vera klare.

– Eg er heilt sikker på at viss ein får ein overgang i nord og ein i sør, då får ein gjensidig støtte.

Kårbø var dessutan oppteken av at ein må halda kvarandre oppdaterte på det som er av møte og arenaer der det er naturleg for både Haukelivegen og næringslivet å delta, både for å kunne snakka sak, men også for å bygga alliansar. Leiar i Haugaland vekst, Tormod Karlsen nytta dermed høvet til å minna om Veikonferansen 2020 som er i Tysvær denne veka.

- Må vera lokomotivet

Initiativtakar Asbjørn Moe i Fikse Næringsforening seier seg i etterkant godt nøgd med møtet. Han seier intensjonen var å skapa ein arena for informasjonsutveksling begge vegar, og med det gje både interesseselskapet Haukelivegen og næringsdrivande lokalt moglegheit til å gje og ta innspel.

- Det handlar ganske enkelt om at den eine handa må vita kva den andre gjer, seier Moe, og gjentek oppmodinga han og andre i salen hadde til Haukelivegen:

- De i Haukelivegen må vera lokomotivet, de må seia kva me skal gjera, så skal me vera med og gjera det de treng.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips