Fekk nye utfordringar

Kavalkade 2021: Noko av det Anne Marit Helgevold Heggebø hugsar best frå året som har gått er tilliten ho fekk til å leie Helgevold Elektro saman med ein gjeng dyktige kollegaer. Ho meiner rekruttering blir ei av dei viktigaste utfordringane neste år. 

Anne Marit Helgevold Heggebø håpar kvardagen neste år blir utan smittevern og restriksjonar.

– Kva hugsar du best frå 2021? 

   

Kva hugsar du best frå 2021?

   
  • Medvind24 har spurt sentrale personar frå næringslivet om kva dei hugsar best frå 2021 og kva dei drøymer om for året som kjem.
  • I dag: Anne Marit Helgevold Heggebø som er ny administrerande direktør i Helgevold Elektro.
  • Les også: Den viktige vaksinen

– Smittevern, fin sommar, travle dagar på jobb og at eg fekk tillit til å leie Helgevold Elektro vidare saman med mange dyktige tilsette.

– Kva var det viktigaste som skjedde for di bedrift i fjor? 

– At me fekk med oss endå fleire flinke tilsette. Me fekk lokasjonar i Hardanger og på Stord og  mange spanande oppdrag på alt frå hus og hytter til industri, tryggleik, prosjekt, solceller og automasjon. 

– Kva blir den største utfordringa for neste år?

– Eg trur den største utfordringa blir å få tak i nok arbeidskraft. Me har hatt stor vekst, og treng endå fleire med oss på laget. 

– Kva er ditt største ønske for 2022? 

– Mine ønskjer for 2022 er at me får ein normal kvardag utan korona og restriksjonar, og at bedrifta på ein berekraftig måte utviklar seg og når måla våre. Det er og viktig at me får behalde alle våre dyktige tilsette og at me får endå fleire gode tilsette. Det er spanande ting på gang, og me vil lyse ut fleire nye stillingar i tida framover. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips