Tilbyr yrkesvaksine lokalt

Vaksinekontoret i Vindafjord utvidar no tilbodet og tilbyr yrkesvaksine til bedrifter.

Lene Skartland, Janne A.  Austrheim, og Iris Klage-Håheim ved vaksinekontoret i Ølen utvidar tilbodet og tilbyr yrkesvaksine til bedrifter. 



Vaksinekontoret i Ølen har vore i drift sidan våren 2018, i løpet av året har mange nytta seg av sjansen til å ta vaksinen dei treng lokalt. Vaksinekontoret er ein del av den kommunale helsestasjonen. Medan helsestasjonen tar seg av barnevaksineprogrammet, skal vaksinekontoret ta seg av vaksinering av vaksne og born som treng vaksiner utanom barnevaksinasjonsprogrammet.

- Så langt eg veit er me det første lokale vaksinekontoret som også tilbyr yrkesvaksine. Tidlegare måtte bedriftene gjerne reise ut av kommunen for å sikre seg dei viktige vaksinane, seier sjukepleiar i smittevern, Lene Skartland.

Saman med smittevernlege Iris Klage-Håheim, helsesjukepleiar i smittevern Janne A. Austrheim og sjukepleiar Anne-Beate Økland, driv ho vaksinekontoret som tilbyr fult vaksineprogram, om det gjeld oppdatering av barnevaksinar, reisevaksinar eller yrkesvaksine.

Viktig yrkesvaksine

Bedriftene har ansvar for å tilby dei tilsette dei vaksinane som er anbefalt av folkehelseinstituttet, og som ein treng for å kunne gjennomføre arbeidsoppgåvene på ein trygg måte. Skartland fortel at det er stor skilnad mellom dei ulike yrkesgruppene på kva vaksine som er tilrådd og som trengs.

- Jobbar du til dømes med vatn og avløp bør du oppdatere polio og stivkrampe. I tillegg bør du vaksinere deg mot hepatitt A og B, seier Lene Skartland.

- Boostrix Polio som er vaksinen mot difteri, kikhoste, polio og stivkrampe og ein oppfrisking av barnevaksinane bør forresten alle oppdatere kvart tiande år, det er det mange som ikkje gjer, eller veit om. Det har mange gonger vore snakk om å få i gang eit vaksineprogram også for vaksne, men det blir truleg økonomisk krevjande, meiner Skartland.

Ho trekk også fram dei som til dømes arbeider i helsesektoren eller i rusomsorg som grupper som har ekstra behov for vaksinasjon. Men også dei som jobbar innan politi, fengsel, veterinærar og griserøktarar er aktuelle yrkesgrupper.

- I mange av desse yrka e det viktig med vaksiner for å beskytte seg sjølv og andre. Mange bedrifter er også flinke til å ha fokus på vaksine og førebyggande arbeid, seier Skartland.

- Sjølv om mange bedrifter allereie i dag bruker tilbodet på vaksinekontoret har me god kapasitet til å hjelpe endå fleire, og me er konkuransedyktige på pris.

Når bedriftene tar kontakt med vaksinekontoret får dei som regel tilmålt ei tid der dei sjølve kan sende over dei tilsette til vaksinering når det passar.

- Det er sjølvsagt viktig at me gjer dette så effektivt som mogleg, slik at dei tilsette slepp å bruke arbeidstida si på å vente, meiner Skartland.

Vaksinemønster

Skartland ser at behovet for vaksinering i befolkninga har eit mønster, mange kjem på forsommaren for å sikre seg dei viktige reisevaksinane som trengs til sommarferien, og på hausten kjem dei som ynskjer influensa-vaksine.

- Me tilbyr også HPV-vaksine for dei som er fødde frå 1991 og tidlegare. Denne månaden avsluttar me vaksineringa av dei som er fødde mellom 1991 og 1996 og dermed får vaksinen gratis gjennom det nasjonale vaksinasjonsprosjektet mot livmorhalskreft.

Ho registrerer også debatten der mange vaksine-skeptikarar slår alarm og meiner vaksiner gir grobotn for utvikling av alvorlege sjukdommar.

- Me tar imot alle som uroar seg kring dette med vaksine og som vil snakke om eventuelle biverknader og kost og nytteverdi av vaksine, mange av dei er viktige å ta for å halde sjukdommane i sjakk. Me legg vekt på å gi rett informasjon slik at dei sjølve kan fatta ei avgjersle om kva som er rett for dei basert på faktakunnskap. Ta mesling-vaksinen til dømes, mange har vore redde for at den har ein samanheng med autisme, men det er mange år sidan det vart avskrive som usant.

- Ein treng god informasjon ut til folk for å gi dei eit sunt og trygt bilete av vaksineprogrammet me har. Det er nasjonale helseråd som ligg i botn av arbeidet vårt, meiner Skartland.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips