Kursar bedrifter i marknadsføring

Vinnarskalle og Økland Foto skipar no til kurs i marknadsføring for bedrifter. Dei meiner auka fokus på film, foto og kommunikasjonsarbeid gir resultat på botnlinja.

På kurset i marknadsføring vil Vinnarskalle og Økland Foto framheve viktigheita av film, foto og kommunikasjonsarbeid. Fotomontasje: Økland Foto.


Minikurs i merkevarebygging og marknadsføring

  • Kursholderar: Vinnarskalle og Økland Foto
  • Haugesund 3. februar kl. 08.00 - 11.00
  • Karmøy 3. februar kl. 13.00 - 16.00
  • Tysvær 5. februar kl. 08.00 - 11.00
  • Ølen 5. februar kl. 13.00 - 16.00
  • Etne 6. februar kl. 08.00 - 11.00
  • Sauda 6. februar kl. 13.00 - 16.00
  • Les meir og meld deg på her!
- Kurset vil gi deltakarar innsikt i korleis ein skal fremme bedrifta si, anten via sosiale medium, korleis dei snakkar om bedrifta, kva kanalar ein skal nå ut i og mykje meir. Det er veldig viktig å kunne marknadsføra bedrifta sin på ein god måte og forhåpentligvis vil folk få noko ut av dette, fortel kommunikasjonsrådgjevar i Vinnarskalle, Frank Abelseth. 

Abelseth trekk også fram at dei blant anna skal ta ein runde med sjølve ideen til bedrifta, namneutvikling og konseptutvikling.

Kurset vil bli gjennomført i Haugesund, Karmøy, Tysvær, Ølen, Etne og Sauda. 

Kommunikasjonsrådgjevar Frank Abelseth står bak Vinnarskalle-bedrifta som vart etablert i 2010. Abelseth bidreg med rådgjeving innan strategi, kommunikasjon og reklame, han meiner eit betre kommunikasjonsarbeid gir gode resultat i marknaden. 

Det vil også bli ein seksjon rundt biletebruk som fotograf Svein Egil Økland frå Økland Foto tek seg av.

- Me skal sjå på viktigheita av gode bilete og film. Film er noko som blir brukt meir og meir i marknadsføringssamanheng og me ser ein trend at film når betre ut til folk enn kva bilete gjer. Då er det viktig å bruke det på rett måte, fortel Økland. 

Når kurset er ferdig skal kursdeltakaren sitte igjen med meir kunnskap om merkevarebygging, marknadsføring og foto/film. Deltakaren skal også ha lyst til å prioritera dette i større grad enn i dag.

Økland Foto AS blei starta opp av Svein Egil Økland i 2019. Den sjølvlærte fotografen har opparbeidd seg ein stor kundekrets på Haugalandet og tilbyr fotografering og film for både private og bedrifter.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips