Syklar for livet

Snart skal ein gjeng etnebuar sykla til Paris i det godes teneste. Nå jaktar dei på sponsorar til sommarens ritt.


Roy Martin Øyjord og Ingunn Frette er to av fire etnesbuar som har fått plass på Team Haugaland i 2020. Nå er dei ute og røktar etter lokale sponsorar. (Foto: Privat)


Og berre for å ha sagt det, pengane som sponsorane donerer går uavkorta til forsking og hjelp til barn med kreft og alvorlege sjukdommar, fortel Roy Martin Øyjord. 

Team Rynkeby – God Morgon 

  • Sykkelritt med 57 lag á 30 syklistar pluss medhjelparar, frå Danmark, Sverige, Noreg, Finland, Færøyene, Island, Tyskland og Sveits, samt eit Europa–lag.
  • Laga syklar til Paris 3. til 11. juli 2020
  • Turen for dei ni norske laga er på om lag 1300 km fordelt på sju etappar + prolog 
  • I Noreg er det ni lag: Agder, Arctic, Bergen, Bodø, Haugaland, Hed/Opp, Oslo, Rogaland, og Østfold.
  • Ein må søke om opptak for å vera med på eit lag. Laga for 2020 er nå setla
  • Deltakarane betaler alle utgifter sjølve. Deltakarane skaffar sponsorar til løpet. Sponsorinntektene frå rittet går uavkorta til lokale organisasjonar, som til dømes Barnekreftforeningen i Noreg.
  • Meir om laget og sponsorar: https://www.team-rynkeby.no/

Til dagleg driv han Skakkelaks i Etne, men i juli trekker han, Ingunn Frette og Henning Skjøllingstad på seg dei gule trøyene og set seg på sykkelen for å sykla til Paris for den gode saken. Marianne Skjøllingstad skal vera med i serviceteamet.

Me treffer Øyjord og Frette ein blå føremiddag i desember, då julelysa blenkjer gjennom Ølensvåg og Tour de Paris i sommarvarme verker rimeleg langt unna. 

Men for dei to og resten av Team Haugaland er det berre tida og vegen som gjeld. Nett nå er altså hovudaktiviteten i laget å skaffa seg sponsorar til løpet.

Betalar sjølve

– Me betalar alt det kostar oss å vera med på dette sykkelrittet sjølve, både utstyr, mat og opphald, og me gjer dette på fritida vår, forklarar Frette. 

Sponsorpengane dei greier å samla inn skal gå til det som er det primære føremålet med Team Rynkeby, nemleg å samla inn pengar til barn med kreft og andre kritiske sjukdommar.

I Noreg går pengane til Barnekreftforeninga og forsking på barnekreft, opplyser Team Rynkeby på sine nettsider.

Ei oppleving for livet, seier dei som har fått vera med på Team Haugaland og Team Rynkeby. (Foto: Privat) .

 I 2019 fekk dei norske laga inn til saman 12,7 millionar kroner, og alt i alt har det blitt samla inn over ein halv milliard på den tida Team Rynkeby har eksistert.

57 lag i 2020

Opphavet til Team Rynkeby var ein lungesjuk privatperson i Danmark som ønskte å komma i betre form og samstundes gjera noko meir ut av det. 

Ønsket om å sykla til Paris for å få med seg innspurten til Tour de France utvikla seg derfrå til å bli eit opplegg med lag som syklar same turen, som skaffar seg sponsorar til turen, og som genererer merksemd og eit økonomisk overskot til den gode saken.

Nå finst det lokale Team Rynkeby–lag i heile åtte land som trenar seg opp og syklar frå sine heimland og til Paris i sju etappar i juli kvart år. I 2020 er det 57 lag som stiller, beståande av til saman 2100 syklistar og 550 hjelparar. Ni av laga er frå Noreg.

Treng ikkje vera proff

Ein må søka kvart år for å få vera med på eit Team Rynkeby-lag, og det er ikkje slik at det berre er dei sprekaste som får plass. Snarare tvert om, forklarar Frette og Øyjord. 

– Ein prøver å byggja allsidige lag med ein god miks uavhengig av alder, kjønn og nivå, seier Ingunn Frette. – Mange av dei som er med og syklar har sjølve vore berørte av kreft på ein eller annan måte.

Det er litt av ein logistikk som skal til når til saman 2100 syklistar frå åtte land skal ut på hjul. (Foto: Privat)

Laget består dessutan ikkje utelukkande av syklistar, understrekar dei.

 – Ein viktig del av laget er hjelpemannskapet, seier Frette. – Dei gjer alt frå å syta for mat undervegs, til å yta medisinsk hjelp. Det hadde ikkje gått utan dei på laget.

Høg motivasjon

Team Haugaland Norge såg dagens lys i 2014, og Team Haugaland fekk lag i 2018/19. Øyjord og Frette var sjølve med for første gong i 2019–rittet. Nå har dei sikra seg plass på 2020–laget, og når me spør om kva som motiverte dei for å bli med på dette i første omgang ligg svara klare ytst på tunga.

– Det er ei fantastisk god sak, seier Øyjord. – Det å vera med på noko som er annleis, og som gjer at eg må tøya mine eigne grenser og få fokuset vekk frå kvardagen.

Hjelpemannskapet syter for mat, frakt og medisinsk assistanse undervegs på det åtte dagar lange løpet. (Foto: Privat)

Dei forklarar engasjert og entusiastisk om korleis det var å sykla i 40 graders varme i sommar, kor skjerpa ein må vera for å ikkje skapa farlege situasjonar, kvifor nokon greier å pressa seg gjennom det, sjølv om kroppen protesterer.

Mottoet deira er at du skal gjera noko som er «godt for deg sjølv, i lag med andre, for andre», fortel Ingunn Frette. – Å tenka på det, det gir meg ekstra motivasjon, seier ho.

Også for barn

Opptreninga til neste års ritt har begynt. Førebels trener dei litt saman og litt for seg sjølve, men når våren nærmar seg aukar det på med felles treningar. 

Og då handlar det ikkje berre om å trena seg opp i form, men nesten vel så mykje om å bli trygge på å sykla i lag, finna gode rutinar og øva på å kommunisera. 

Ein må vera skjerpa og til stades når ein syklar i eit følgje på 30, forklarar dei.

Dei ønskjer også å trekka fram skuleløpa som også er ein del av Team Rynkeby sitt prosjekt. Denne våren skal to skular på Karmøy og tre i Sauda vera med, men teamet håper at også fleire skular vil hiva seg med på dette etter kvart. 

Opplegget er mykje det same som for syklistane: Skuleungane skaffar seg sponsorar sjølve og så spring dei rundar i eit løp der sponsorane betalar for kvar runde. 

Team Rynkeby stiller som arrangør og har med drikke til alle som deltek, lovar Øyjord og oppmodar skuleleiarar om å ta kontakt viss dei har lyst til å vera med på dette.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips